Leselyst med dei minste – saman om lesekultur

Ein kunnskapsbase, ei verktøykasse og eit felles springbrett for biblioteka sitt arbeid med å fremje leselyst for dei yngste barna

Denne læringsressursen er meint som ein kunnskapsbase, ei verktøykasse og eit felles springbrett for biblioteka sitt arbeid med å fremje leselyst for dei yngste barna i alderen 0-6 år.

Læringsressursen tilbyr kunnskap, innsikt og forslag til verkemiddel som styrkar biblioteka sin profesjon og posisjon i sitt lesefremjande oppdrag. Det handlar om å føle seg trygg og kompetent til å formidle verdien av både tidleg start og samla innsats med lesing. Og i forlengelsen av det, å kunne gjennomføre lesefremjande aktivitet i eit samarbeid med andre relevante aktørar.

Målet er at biblioteka skal kunne stå fram som ein sterk fagleg aktør og ein viktig medspelar i kommunen sin samla innsats for å skape leselyst med dei minste.

Innhald i læringsressursen – dette får du

Læringsressursen består av sju delar.

Den første leksjonen Leselyst med dei minste – saman om lesekultur introduserer satsinga og tanken bak.

Leksjonen Om lesingens betydning og å lese med de minste gir eit felles, kunnskapsbasert fundament når vi snakkar om kvifor lesing og tidleg lesestart må viast merksemd.

Dei påfølgande leksjonane er byggesteinar i arbeidet med lesefremjande innsats som viser fram ulike prosjekt og samarbeid som er prøvd ut med gode resultat. Alle er meint som døme og igongsetjarar, så må kvar og ein finne dei gode innfallsvinklane ut frå eigne behov og nytte lokalt.

Leksjonen om Bok i bruk i barnehagen har som mål å auke leseaktivitet i barnehagane. Primærmålgruppa er dei tilsette som er tett på barna og som av den grunn har ein førsteposisjon for å kunne bidra til at alle barn får gode opplevingar med lesing, helst kvar dag.

Leksjonen om Tøyveskebiblioteket har som mål at fleire barn får oppleve høgtlesing heime ved å gjere bøker lett tilgjengeleg. Ved å legge til rette for utlån via barnehagane blir terskelen låg for at travle føresette skal få tilgang til bøker.

Leksjonen om Bokstart søker i samarbeid med helsestasjonar og barnehager å nå barnefamiliar for å stimulere til lesing gjennom kunnskapsformidling retta mot dei føresette.

Leksjonen om Litterære opplevelser for alle rettar fokus på barn med funksjonsnedsettingar og spreier kunnskap om korleis tilpasse leseaktivitet for å kunne inkludere alle barna i formidlingsstunder.

Til sist samlar vi nokre trådar og tenker framover i leksjonen om Saman om lesekultur.

Innan du går i gang, vil vi gjerne at du reflekterer litt rundt og svarar på; Korleis jobbar de med leselyst med dei minste i dykkar bibliotek? Svar anonymt i Mentimeter. Du kan også sjå kva andre har svara.

Tre tips på vegen

Når du skal i gang med læringsressursen, kan det vere greitt å ha med seg nokre gode tips på vegen.

Det første tipset er at det er lurt å ta med seg ein læringsven som også vil styrke innsatsen retta mot dei yngste barna med utgangspunkt i læringsressursen. Det gjer læringa enklare og kjekkare. Mykje i ressursen er basert på ein samtale om praktiske løysingar og felles refleksjon på korleis tilpasse lokalt og få til ønska utvikling. Å sette ord på det ein opplev, eigen praksis og grunngje sine val aukar medvitet og gir god læring på vegen mot ny kunnskap. Dessutan blir det ekstra givande og meir gjort når ein kan diskutere saman og hjelpe kvarandre. Eit felles løp med faste kontaktpunkt kan organiserast uavhengig av om du ser nærare på ein liten del, eller gjennomfører heile løpet.

Er du aleine i eit lite folkebibliotek, tilrår vi at du kontaktar bibliotekkollegaer i ditt nettverk eller fylkesbiblioteket. Finn nokre gode sparringpartnerar eller få hjelp til å finne ein eller fleire læringsvener å jobbe saman med.

Det andre tipset handlar om å involvere kollegaer i biblioteket/kommunen du jobbar i. Del innsikter frå ressursen også til dei som ikkje er direkte engasjert i formidling for barn. Å sette fokus på noko skapar auka interesse.

Oppsummer i personalmøte eller ring din kollega og fortel om viktige læringspunkt frå det du går igjennom. Er det noko som kan passe å prøve ut hos dykk? Kva seier forskinga eller kva tenker du om nokre av innsatsane som er presentert? Er det på tide at kommunen rettar ein samla innsats for dei minste si leselyst? Har du treff saman med andre einingar i kommunen der det er mogleg å ta initiativ til ein prat om temaet?

Det siste tipset i denne omgang, dreier seg om å legge ein plan for å søke midlar frå Nasjonalbiblioteket si utlysing. Med friske midlar får ein større økonomisk handlerom som kan gjere det lettare å kickstarte ein prosess og eit samarbeid.

Det er gode sjansar for å få midlar til å prøve ut nokre av tiltaka som vert presentert i ressursen eller andre idear når du koplar innsatsen til FiF-satsinga, Leselyst med dei minste – saman om lesekultur. Med leselyststrategien rett om hjørnet, og det oppdaterte tildelingsbrevet til Nasjonalbiblioteket, er det mykje som tyder på at det framover vert auka innsats for å styrke lesinga sin posisjon i befolkninga.

Korleis jobbar de med leselyst med dei minste i dykkar bibliotek?

Hjelp oss med å kartlegge slik at vi får ein peikepinn på korleis det står til rundt i dei mange folkebiblioteka i landet. Reflekter over desse fire påstandane og svar anonymt via Mentimeter:

  • På vårt bibliotek har vi fastsette mål og tiltak for å nå familiar og barn i alderen 0-6 år med lesing og litteratur.
  • Biblioteket samarbeider aktivt og systematisk med andre for å kunne nå familiar og barn med lesing og litteratur.
  • Eg har kunnskapen eg treng for å formidle verdien av lesing og litteratur ut mot vaksne.
  • Eg kan tilføre verdifull kunnskap og erfaring om lesing og litteratur som andre fagprofesjonar kan dra nytte av.

Her kan du sjå kva andre har svara.

Vil du dele eit opplegg?

Læringsressursen er open og vil vekse vidare. Har du eit godt tiltak som du meiner passar og bør spreiast til endå fleire?

Vi er alltid interesserte i å høyre om gode tiltak for å nå ut til dei minste. For å passe er det ei rekke kriterium dei presenterte satsingane skal leve opp til. Fellesnemnarar er at aktivitetane:

  • har fokus på leselyst hos barn i førskulealder
  • arbeidar for å spreie kunnskap om verdien av lesing og etablere ein medviten lesekultur for dei vaksne som er tett på barna i det daglege
  • er forsøkt av barn, fagprofesjonelle og/eller foreldre med gode resultat
  • kan skalere opp og ned, så dei kan brukast både av små og større bibliotek
  • kan strekke seg over ein lenger periode eller involvere større grupper deltakarar
  • dreg inn aktuelle samarbeidspartnarar og jobbar på tvers som f.eks. barnehagar, helsestasjonar eller andre bibliotek

Ta kontakt med ressursgruppa for elæring og kompetanse om du meiner du har eit opplegg som andre kan lære av.

Formidlingskompetanse i folkebibliotek. FiF

Læringsressursen er utviklet på oppdrag fra fylkesbibliotekene gjennom det landsdekkende prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek, og er støttet med midler fra Nasjonalbiblioteket og Forenigen !les.

Publisert: August 2023

Kurset inneholder

  • 7 Leksjoner
  • 22 Emner