Leseaktivitet i barnehagen

Leseaktivitet kan bli delt i to typar: den spontane og den planlagde.

Føresetnad for den spontane leseaktiviteten er at bøker er tilgjengeleg. Den planlagde lesestunda er like viktig fordi den gir barn erfaring med høgtlesing som aktivitet og opplevingar som er med på å skape fellesskap.

I filmen nedfor fortel Siri Larsen, fagansvarleg barnehagebarn i Deichman, korleis ho nyttar bøker til å skape ei aktiv lesestund. Dette er ein film som kan bli nytta i møte med barnehagetilsette.

Korleis kan vi legge til rette for ei aktiv lesestund? Siri Larsen deler erfaringar frå ei lesestund i Hovinenga barnehage

Dei spontane lesestundene

For dei spontane leseaktivitetane er det essensielt at bøkene er tilgjengeleg, her tek barna sjølv initiativ. Som vaksne må vi anerkjenne barna sitt personlege møte med litteratur, og vi må gi plass til barna sine perspektiv. Barn som har erfaring med høgtlesingstunder kan sette i gong aktivitet aleine, saman med andre barn eller i lag med vaksne.

Når barna inviterer til lesing, må dei vaksne følgje opp. Med auka fokus på å gjennomføre lesestunder når barna sjølv inviterer til det, kan det lett bli meir lesing i barnehagen. Ny forsking referert i Utdanningsnytt tyder på at tilsette på småbarnsavdelingar i barnehagen ikkje er så gode til å gripe høve til lesing når barna sjølv vil lese. Det er ikkje berre små barn som lar seg distrahere bort frå lesing, også dei tilsette gjer det.

Ei lesestund treng ikkje handle om å lese boka frå perm til perm. Som vi høyrde Trude Hoel seie i introduksjonen Les sammen, treng ikkje ei lesestund å vare lenger enn nokre minutt, og kanskje kjem ein ikkje lenger enn til framsida. At ein brukarmanual fungerer like greitt som ei bok for dei minste barna, er eit anna viktig poeng ho kjem med. Eit tredje, er at lesestund med eit eller to barn styrkar relasjonen mellom dei.

Dei planlagde lesestundene

Dei planlagde lesestundene gir barn erfaring med bøker og høgtlesing. Å lese høgt er, i likskap med alle andre ting i livet, noko ein må øve på og få erfaring med. Dei barna som blir lese for heime eller har erfaring frå høgtlesing i barnehagen, er også dei som har funne ei glede i aktiviteten og som dermed sjølv tek initiativ. Dei vaksne må dermed vere påpasseleg med å inkludere alle barna i leseaktivitet, slik at dei sørger for at også dei som ikkje sjølv finn fram boka får røynsle og trening med lesing.

Det er gjerne ved dei planlagde lesestundene at barn får opplevingar som gir felles referansepunkt og inkludering i leik, eller som engasjerer til felles refleksjonar og tankeeksperiment undervegs i lesinga. Derfor er den planlagde lesestunda som inkluderer høgtlesing for grupper viktig for å gi barna felles lesestunder i barnehagen som inspirerer og frydar.

Den planlagde leseaktiviteten bør vere hyppig og lågterskel, som passar i ein travel kvardag. Som alle bibliotekarar veit treng ikkje lesing å vere ei stille stund, men kan vere aktiv og kreativ. Det gjeld å vise fram dette potensialet i møte med dei tilsette, og samstundes vise at det ikkje alltid skal så mykje til.

Førebuing til ei lesestund er viktig for at alle barna skal få utbytte av den. Storleiken på barnegruppa kan variere, men jo større den er, jo meir må ein bruke på førebuing for dei som treng litt ekstra for å henge med. Førebuing kan også vere gøy og bygge spenning. Kva om pappfigurar plutseleg dukkar opp i fellesareala – kven er desse? Eller om Knerten begynte å ete frukost med barnegruppa ei veke eller to før ein les forteljinga om Knerten? I presentasjonen lagt ved denne leksjonen har vi forsøkt å kome med nokre konkrete tips til førebuing til lesestund. Men det finst mange vegar til målet, og her oppmodar vi til å bruke eiga erfaring og kunnskap.

Stopp og tenk

  • Har du leseaktivitetar (knytt til konkrete bøker) du tenkjer at barnehagen kunne prøve ut?
  • Her er eit enkelt skjema utvikla av Lesesenteret i Stavanger for å kartlegge vanar med lesing i barnehagen. Gje gjerne dette i oppgåve til barnehagen, det er nyttig både for bevisstgjering, og kan hjelpe dei med å spore utvikling.