Du har no vore igjennom heile eller delar av læringsressursen Leselyst med dei minste – saman om lesekultur.
Forhåpentlegvis har det gjort deg tryggare på eigen kompetanse og gjeve deg meir kunnskap og forståing for kvifor og korleis du kan arbeide med leselyst med dei minste. Kanskje har du fått eit vidare perspektiv og ser tydlegare korleis biblioteket kan ha ein nøkkelposisjon i det viktige arbeidet med å påverke lesekulturen i dykkar kommune?
Gjennom ressursen har vi freista å gjere det synleg at samarbeid dreg inn fleire fagområder i oppgåveløysinga. Det kan gje større ringverknader og nye moglegheiter for å nå ut med lesing til barn og familiar. Det skapar merksemd og fokus langt utover det vi maktar kvar for oss. Og det gjer oss meir effektive med offentlege ressursar. Dette betyr ikkje at biblioteka skal løyse oppgåver som ligg utanfor eigen kompetanse eller binde opp endå meir av eigen kapasitet. Men det betyr at biblioteket kan bringe eigne ressursar i spel på nye måtar.
Å vere klar over eigen praksis og vanar er første steg i vidareutvikling av eigen praksis. Og, som vi har vore innom, er det like viktig å kunne setje ord på eigen kompetanse i møte med andre vaksne og andre profesjonar. Det utviklar eit fagleg medvit som er ein viktig ferdigheit som fagperson og yrkesutøvar for å kunne handle kunnskapsbasert og treffe godt med tiltaka ein set i gang.
Vi håpar at du sit att med ei grunnleggande forståing for kva som kan vere gode grep for at biblioteket dykkar kan jobbe aktivt og godt for å nå dei minste med lesing og litteratur. Vi håpar også at du er inspirert til å ta neste steg. Det bør vere på ein strukturert og metodisk måte som styrkar biblioteket sin posisjon i vår samla lesefremjande innsats for å skape fleire lesarar blant dei yngste.
Før vi rundar av vil vi gjerne at du tar deg nokre minutt og tenker på kva du sit att med, samlar nokre trådar og tenker framover.
Har du no fleire tankar om:
Før vi gir slepp vil vi ta fram igjen eit par av dei innleiande påstandane som du vart beden om å svare på i starten av læringsressursen. No vil vi at du kikar på desse igjen og ser om du tenker eller vurderer annleis enn tidlegare.
Og her kan du sjå kva andre som har
gått igjennom læringsressursen har svara.