Biblioteksøk

Biblioteksøk, det felles biblioteksøket frå Nasjonalbiblioteket skal gi éin inngang til norske bibliotekkatalogar, høve til å låne litteratur frå alle norske bibliotek og direkte tilgang på nett til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. Biblioteksøk bidreg til å jamne ut ulikskapar mellom norske bibliotek og gir alle innbyggjarar same tilgang til litteratur, uavhengig av storleiken på biblioteket i kommunen dei bur i.

I Biblioteksøk kan du finna bøker, men også lydbøker, film osb. vil vera med. I Biblioteksøk vil du ikkje kunna finna enkeltartikler eller deler av bøker og tidsskrift.

Bruk av Biblioteksøk

Alle kan nytte Biblioteksøk til søking. Lånarar med Nasjonalt lånekort som nyttar eit hentebibliotek som har knytt seg til Biblioteksøk, kan også bruke tenesta til å bestille bøker.

Bibliotekarane vil kunne bruke Biblioteksøk som verktøy i fjernlånsarbeidet, så sant biblioteket tek del i tenesta – altså at dei leverer bibliografiske data til henne.

Lånesamarbeid

Biblioteksøk skal gje best mogleg utnytting av felles bibliotekressursar. Fjernlånet er sjølve ryggraden i biblioteksamarbeidet. Eit fungerande fjernlån er ei føresetnad for at biblioteksystemet fungerer effektivt til beste for brukarane. Dette betyr at alt materiale som er til heimlån i eit bibliotek og bør være tilgjengeleg for brukarar frå andre bibliotek gjennom lånesamarbeid. I Biblioteksøk er i utgangspunktet alt materiale tilgjengeleg for fjernlån.

Bibliotek som ønskjer å halde noko av sitt materiale utanfor lånesamarbeidet må sjølv sørgje for å kode dette materialet i eige system.

Du finn meir informasjon om korleis dette vert gjort i det enkelte biblioteksystem her: BibliofilMikromarcTidemann og Alma.

Lånevegar

Valet av utlånsbibliotek vil bli styrt av ein algoritme som byggjer på desse kriteria:

  1. Ledig hos hentebiblioteket
  2. Ledig hos næraste bibliotek i transportrute
  3. Ledig hos eige fylkesbibliotek – eller bibliotek i fylket
  4. Ledig hos Depotbiblioteket
  5. Ledig hos tilfeldig valt bibliotek i same region
  6. Ledig hos tilfeldig valt bibliotek i ei samling med bibliotek som er spreidde rundt heile landet. Etter desse kriteria:
    1. Innanfor same bibliotektype (folkebibliotek mot folkebibliotek, UH-bibliotek mot UH-bibliotek)
    1. Ope fleire enn 3 dagar i veka
    1. Balanse ytar/nytar
    1. Fleire eksemplar inne
    1. Eksemplar inne
    1. Deretter blir stader med utlånte eksemplar vurderte i den same rekkjefølgja.

Avlevering av data

Bibliotek som endå ikkje leverer data til Biblioteksøk, kan ta kontakt med sin leverandør av biblioteksystem for å få installert nødvendig programvare for å kunne hauste inn data. Pris på dette kan ein få av biblioteksystemleverandøren. BIBSYS sørgjer automatisk for at katalogdata frå alle biblioteka i BIBSYS-konsortiet blir gjorde tilgjengelege for hausting.

Katalogdata til Biblioteksøk skal leverast via hausteprotokollen OAI-PMH. Denne programvara sørgjer for at bibliografiske data frå biblioteket blir gjorde tilgjengelege for automatisk hausting. Når programvara er sett opp, haustar Biblioteksøk jamleg inn data, også data om sletta postar, utan at biblioteket må gjere noko.

Biblioteka skal levere metadata i MARC 21, metadataformat: marcxchange eller MarcXML.

Lokaliseringsdata: Feltet 852$a (MARC 21) – eigande bibliotek/avdeling. Vi ønskjer ISIL-nummer på forma NO-<biblioteknr.>, til dømes NO-2160100.

Sirkulasjonsdata: Dersom biblioteket ønskjer å avgrensa utlån av enkelte titlar eller eksemplar, må dei eksemplara det gjeld kodast i eige system «ikkje til utlån», «ikkje til fjernlån» eller «ikke til lån til sluttbruker». Dette vert gjort på ulike måtar i dei ulike biblioteksystema. Sjå dokumentasjon for eige system eller kontakt systemleverandøren for meir informasjon.

Sirkulasjonsdata skal leverast i samsvar med Norzig-profilen 850 $h Cirkulation status og 850 $f: Use restrictions. Protokoll: helst SRU eller NCIP (LookupItemSet), eventuelt OAI-PMH. Dette vert sett opp av systemleverandøren.

For spørsmål, ta kontakt med bibsok@nb.no.

Krav til data som blir leverte

Dei bibliografiske postane skal produserast i samsvar med gjeldande katalogiseringsregelverk og reglar for bruken av MARC 21. Unngå bruk av «lokale løysingar» som å leggje inn tekstar som «hurtiglån» og liknande i tittelfeltet.

Følgjande dataelement skal, når dei er relevante, mimimum finnast i postane for å sikra korrekt søking, vising og deduplisering.

  • Metadataleverandør og postnr
  • Koding av førehandpost/fullstendig post/retta post (Leader)
  • Dokumenttype
  • Språk
  • Målgruppe
  • Standardnummer
  • Forfattarar, medarbeidere, komponistar, utøvarar og andre ansvarlege for utgjevinga, inkludert ID frå Nasjonalt autoritetsregister for namn når det finst
  • Standardtittel
  • Tittel og ev. undertittel, parallelltittel og alternativ tittel
  • Utgjevarnummer / edisjonsnummer
  • Utgjevingsstad
  • Forlag
  • Utgjevingsår
  • Utgåve
  • Serie
  • Omfang: sidetal, mengd CD-er og liknande
  • Klassifikasjonsnummer
  • Emneord

Med unntak av emneord skal dei same felta heller ikkje endrast i bibliografiske postar som er levert frå Nasjonalbiblioteket (Bokbasen) eller Biblioteksentralen. Viss biblioteket ønskjer å bruka eit anna klassifikasjonsnummer til oppstilling enn det som er levert, til dømes eit forkorta nummer, kan dette leggjast i feltet for hyllesignatur. Biblioteka kan i tillegg leggja til fleire Deweynummer eller emneord.