Å styrke laget rundt barna

Biblioteket sitt lesefremjande oppdrag vert delt med mange andre.

Føresette, vaksne som jobbar i oppvekst og helse, foreiningar, organisasjonar og mange andre aktørar arbeider dagleg med å støtte barna si lesing. Sjølv om måla overlappar på fleire område, er ikkje biblioteka alltid ein medrekna samarbeidspartnar. Men kanskje gjeld det også motsett?

Å drive fram leselysta i befolkninga og auke kunnskapen om lesinga si tyding for eit godt og likeverdig liv for alle, er ei stor oppgåve for samfunnet. Som bibliotek er vi vane med å ta ansvar, men vi har verken ressursar eller kapasitet til å løfte denne oppgåva på eiga hand. Vi treng at fleire bidreg med det dei kan og vil om vi skal lukkast og få gjennomslag.

Same mål med ulik tilnærming

Både folkebiblioteket, helsestasjonen og barnehagen har mål om å nå ut til familiar og støtte barna si utvikling. Profesjonane bygger på ulike kunnskapstradisjonar og ser ulikt på utfordringar vi står overfor. Sjølv om vi ser på det same, ser vi ulike ting. Ulikt ansvarsområde, oppdrag og fagleg tilnærming kan alle verke som barrierar. Å ta utgangspunkt i barna og kva dei treng, gjer det enklare å tenke meir på tvers og unngå kunstige skiljelinjer. Samtidig krev det ei felles forståing om at vi alle har noko å bringe til bords og at vi klarar å formidle våre styrkar og bidrag til kvarandre.

Ved å slå saman krefter, vil det gje større slagkraft. Både bibliotekarar, helsesjukepleiarar og barnehagetilsette kan formidle til føresette kva betydningsfull rolle bøker og litteratur kan spele i barna sine liv, med alt det rommar av forteljingar, kunnskap, kultur og språk. Å få servert informasjon om kvifor og korleis lese frå fleire hald, gjev større sjanse for at barnefamiliar tek det til seg, og for eksempel brukar biblioteket aktivt frå barna er små.

Å auke involveringa

Som eit fristilt bindeledd mellom kommunale aktørar ut mot barna og dei vaksne omkring dei, er biblioteka i god posisjon som eit nav i det lesefremjande oppdraget. Det handlar om å ta initiativ og bidra med kompetanse der det er behov og passar – at vi anerkjenner, opnar opp, og legg til rette for, at andre vert gjensidig involvert og har ei aktiv rolle.

Å vere klar over eigen praksis og vanar er første steg i vidareutviklinga av eigen praksis. Minst like viktig er det å kunne sette ord på eigen kompetanse i møte med andre vaksne og andre profesjonar. Det utviklar fagleg medvit som er ei viktig ferdigheit som fagperson og yrkesutøvar for å kunne handle kunnskapsbasert og treffe godt med tiltaka ein set i gang.

Å by på biblioteket sin kunnskap og kompetanse kan handle om å:

  • styrke og auke den felles forståinga om lesinga sin verdi hos fagkollegaer i kommunen som jobbar direkte mot målgruppa i det daglege
  • tilby idear, tenester og metodar for å arbeide med kultur for lesing
  • støtte institusjonar i profesjonsfellesskap for å arbeide kunnskapsbasert med lesekultur og i møte med barn og familiar
  • bidra til å bygge forståing og haldningar om lesinga sin verdi og at det krev prioritert satsing over tid
  • betre føresetnadane for at vaksne rundt bana vert tryggare i rolla si for å arbeide med lesing
  • sørge for at dei vaksne vert møtt av lik bodskap på fleire arenaer
  • tilby hjelp for å klare det!

Å involvere andre kan handle om å:

  • få innsikt i kva aktivitetar og løysingar som gir meining for andre
  • nå målgrupper som ikkje oppsøker biblioteket
  • ta del i erfaring, kunnskap og tankar om kva andre fagprofesjonar vektlegg hos barna for trivsel og positiv utvikling
  • spisse eit tilbod slik at det er relevant og attraktivt for fleire å ta i bruk (feks vektlegge positive effektar på barnas språklege dugleikar, helsegevinst, samspel, leseutvikling, …)
  • nytte ut den tette kontakten og tillitsfulle relasjonen andre faginstansar har med barna og føresette for å nå fram med bodskapen
  • legitimere og styrke innsatsen gjennom samarbeid på tvers

For å kunne stå støtt og vere trygg på vår kunnskap og vite at den er oppdatert, skal vi gå vidare og ta eit dykk inn i forskinga og høyre kva fagmiljøet ved Lesesenteret har å seie om lesinga si tyding for barna som veks opp.