Gjere ny litteratur kjent

Informasjon om nye bøker er etterspurt av barnehagetilsette. Biblioteka har god oversikt over nye bøker, og er gode til å formidle bøker til barna. Korleis står det til med formidlinga av same litteraturen til dei tilsette i barnehagen? Her er det sikkert veldig ulik praksis frå kommune til kommune, men det er ein viktig føresetnad at dei som er mellom boka og barna i kvardagen kjenner til litteraturen.

Barn les gjerne same bok oppatt, dei lærer seg historia, vidarefortel og diktar fritt. Det er meistring i det å kjenne att og vite kva som kjem. Samstundes er det viktig å ha variasjon i utvalet og rotere bøkene så alle blir kjent med ny litteratur og får høve til å utforske ulike forteljingar og uttrykk. Den viktigaste inngangsporten til ny litteratur for barna er dei tilsette. Dei vaksne treng informasjon og tilgang på nye bøker (anten gjennom eigne innkjøp eller ved lån på biblioteket), slik får barna eit godt utgangspunkt for å få dei beste opplevingane med litteratur. Her har sjølvsagt barnehagetilsette eit ansvar sjølv, men biblioteket kan bidra.

Å gi dei tilsette skreddarsydde råd og kjennskap til litteratur kan vere veldig velkome, og er kanskje noko ditt biblioteket allereie gjer? Tips til litteratur kan de tilby ut frå t.d.:

  • Årshjul i barnehagen
  • Tema, område og mål i rammeplanen
  • Berekraftsmål
  • Gode nye bøker

Anledningar for formidling av bøker til barnehagetilsette:

Når biblioteket er på besøk i barnehagen – leverer du bøker i barnehagen sjølv? I filmen nedom [kjem snart!] får vi vere med Siri Larsen, prosjektleiar for Lesefrø ved Deichman, når ho skal levere nye bøker til Hovinengna barnehage. Ho les og fortel frå fleire av bøkene ho har med seg.

Andre anledningar eller måtar å gjere ny litteratur kjent på:

  • Når barnehagen er på besøk i biblioteket. Fordelen er at dei allereie er på utkikk etter bøker. På den andre sida kan dei også vere fullt oppteken med å passe på barna og leite etter bøker saman med dei. 
  • På slutten av året når barnehagen har nokre restmidlar på budsjett. Det er gjerne ein person som har ansvar for innkjøp til boksamlinga i barnehagen, og det er ein god kontaktperson å pleie.
  • Vår/haust – faste møte der bøker blir presentert for fleire av dei tilsette i barnehagen anten fysisk eller digitalt
  • Sending av e-post, trykte boktipsbrosjyrer eller liknande

Å få ein viss struktur på utvekslinga av kunnskap om bøker med dei barnehagetilsette, vil styrke formidling av bøker og samarbeidet om å skape leselyst hos barna. Dei vaksne i barnehagen må sjølv lese bøkene dei har i barnehagen, men utvalet kan bibliotekaren hjelpe med.

Stopp og tenk

  • Kva og korleis plar du anbefale høgtlesingsbøker til dei vaksne når barnehagen er innom biblioteket?

No har du vore gjennom leksjonen Bok i bruk i barnehagen. Kjernen i denne leksjonen er å sjå biblioteket sine formidlingstilbod ut mot barnehagane i lys av behovet for å løfte høgtlesinga sin plass og tidleg start med lesing. Om biblioteka samarbeider med barnehagane om å gjere bøker tilgjengeleg, har dialog med dei barnehagetilsette om høgtlesing og leseaktivitet, og formidlar nye bøker til både barn og vaksne, er det eit godt grunnlag for meir lesing og starten på ein medviten lesekultur i barnehagen også utanom bibliotekbesøka.

Det krev innsats (og litt guts) frå både biblioteket og barnehagen. Samtidig gjev det meining å føle at ein bidreg med sin ekspertise og kan gjere ein viktig skilnad for at barna skal få oppleve lesing som ein naturleg del av barnehagekvardagen sin. Leksjonen og ressursane som høyrer til, er meint å vere eit bidrag som kan inspirere, vere til hjelp og vise veg.