Om kompetansebanken

Kompetansebanken samlar kurs, videoar, arrangement og ressursar som rettar seg til deg som jobbar i bibliotek og som vil auke kunnskapen din – både for di eiga del, og for å hjelpe brukarane du møter i kvardagen.

Kven står bak?

Kompetansebanken er eit initiativ frå «Formidling i folkebibliotek», eit felles prosjekt blant alle fylkesbiblioteka i landet. Nasjonalbiblioteket står for plattform og tekniske utvikling, medan fylkesbibliotek og andre produserer og tilbyr innhaldet i plattforma.

Målet er at vi har ein stad der vi deler kunnskap og gjer det enkelt å finne inspirerande og relevante kompetansehevande tiltak. Innhaldet er kvalitetssikra av fylkesbiblioteka, og i stor grad initiert og produsert av dei. I tillegg deler Nasjonalbiblioteket ulike ressursar som er til nytte for bibliotektilsette.

Det er oppretta ei ressursgruppe med mandat frå fylkesbiblioteksjefkollegiet. Ressursgruppa er eit bindeledd mellom fylkesbiblioteka og Nasjonalbiblioteket i utviklinga og arbeidet med Kompetansebanken. Dei skal vere pådrivarar og deltakarar i både utviklinga, vedlikehaldet og synleggjeringa av Kompetansebanken.

Ressursgruppa for kompetansebanken 2025: f.v. Mari Honningdal, Christine Eidset, Ingrid Ericson, Kari Sjule, Venke Uglenes og Anja Angelskår Mjelde.

Plattforma er open for alle, men dersom du loggar deg inn kan du følgje progresjonen din i kursa. I tillegg kan det vere innhald som ligg bak innlogging grunna opphavsrett.

Sit du på noko som andre kan lære av? Send oss bidrag eller ein epost.

Hald deg oppdatert om nyheiter, kurs og arrangement

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev!

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.