Gode vanar med lesing og bruk av bøker

Biblioteket har spisskompetanse på litteraturformidling og brenn for å spreie leseglede og leselyst. Derfor er biblioteket ein viktig samarbeidspartnar for barnehagen. Men kvifor skal biblioteket inn på barnehagens arena?

Anten biblioteket kjem på besøk til barnehagen, eller barnehagen er på besøk i biblioteket, er lesestund med bibliotekaren eller møte med ein forfattar ei stor hending for barnehagebarna. Det er viktig at barna og dei vaksne i barnehagen blir godt kjent med bibliotekaren. Men å skape eit miljø i barnehagen som gir rom for allsidig leseaktivitet der bøker er ein naturleg del av det daglege samveret med barna, krev meir enn enkelthendingar med bibliotekaren. Det krev jamn og tett innsats over tid der dei vaksne som er med barna i kvardagen må involverast. Slik kan ein få eit heilskapleg fokus på lesing, og forme ein kultur for lesing.

I Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2023 står det: «Bibliotekene skal bidra til å forme et samfunn der kunnskap, kultur og litteratur og lesing er tilgjengeleg for alle og brukes av flest mulig» (s. 21). Å sette inn tiltak som ikkje berre bringer bibliotekaren ut av bibliotekrommet, men også samlingane ut til brukarane, er ein måte å svare ut dette. 

Ut av eit samarbeid med barnehagen kan biblioteket: 

  • Fremje lesing 
  • Drive aktiv formidling 
  • Gjere bøker tilgjengeleg der brukarane er
  • Nå nye brukarar  
  • Utvide og utforske nye aktivitetar
  • Auke medvitet om kva kompetanse og tenester biblioteket har 
  • Profilere seg blant ei viktig målgruppe: vaksne med små barn
  • Synleggjere biblioteket som viktig samarbeidspartnar i laget rundt barna 

Samarbeidsavtale med barnehagen?

I eit samarbeid med barnehagen: Kva forstår ein som samarbeid, og på kva måte kjem det fram kva oppgåver partane har tatt på seg å gjere?

Dei fleste bibliotek har i dag ein eller anna form for samarbeid med barnehagar i nærleiken. Samarbeid kan vere mange ting. Er det eit samarbeid om ein inviterer barnehagen på eit arrangement i biblioteket? Er det samarbeid å invitere representantar frå barnehagen til eit møte i forkant av eit nytt tilbod? Eller skal de utvikle noko nytt saman?

Om barnehagane brukar biblioteket og tenestene sporadisk, er det kanskje ikkje behov for ein samarbeidsavtale. Men vil ein satse heilskapleg og jobbe for ein lesekultur i barnehagen, kan ein samarbeidsavtale forplikte partane. Uansett kva ein vel, er den første oppgåva å få kontakt og avtale møte med barnehagen/styrar/litteraturansvarleg. Har du kontaktar frå før, bruk desse.

Ein føresetnad for samarbeid bør vere at både barnehage og bibliotek ønskjer eit fokus på lesing og ser nytten av å samarbeide. Med ei samarbeidsavtale til grunn, kan dette stadfestast i skriftleg form. Samarbeidsavtalen kan også fungere som ein kort prosjektplan med fristar og ansvarsdeling. Ei satsing treng ikkje i starten å omfatte alt, men den bør omfatte såpass at det faktisk vil utgjere ein forskjell og med nokre spesifikke målsettingar for kva ein ønskjer å oppnå i samarbeidet.

Fordelar med ein avtale kan m.a. vere at:

  • forventingar til både barnehage og bibliotek kjem tydeleg fram
  • det vert avtalt felles mål for satsinga og kva som blir sett i verk for å oppnå det
  • ein set opp aktivitetar og tidsplan som forpliktar – besøk, utskifting av bøker, orientering om ny litteratur, …
  • det vert lagt eit felles løp og årshjul for systematisk oppfølging
  • den synleggjer og dokumenterer samarbeid og prioritering i organisasjonen og ev. politisk
  • samarbeidsavtalen vert nytta som eit styringsverktøy
  • ein får til meir med felles midlar/ressursbruk
  • ein får ein dedikert alliert for satsinga/prosjektet i barnehagen
  • ein får til felles møtearenaer for å tematisere lesing og engasjere tilsette og foreldre gjennom personalmøte, barnehagens planleggingsdag og foreldremøte

Ein annan måte å skape felles ramme og semje om ei satsing på, er å stile førespurnad til barnehagen som adresserer relevante punkt, alternativt tar det opp i møte og syter for eit skriftleg møtereferat i etterkant. Om barnehagen vil vere med, står det tydeleg kva dei seier ja til, og det er lettare å ta neste steg.

Stopp og tenk

  • Kor mange barnehagar er det i kommunen? Kor godt kjenner biblioteket dei, og kor godt kjenner barnehagane biblioteket?
  • Har du eit inntrykk av korleis bøker blir brukt i barnehagane i din kommune? Kvar kan biblioteket gå inn og gjere ein forskjell?

Før vi løftar fram dei ulike aspekta for korleis biblioteket kan bidra i leselystarbeidet i barnehagen, skal vi innom barnehagen sine styringsdokument.