Har du innhald du ynskjer skal verte ein del av kompetansebanken?
Har biblioteket ditt utarbeida ressursar som kan bidra til at andre bibliotek også kan gjennomføre spesielle opplegg? Har de laga ein brosjyre eller ein manual? Spelt inn opplæringsvideoar som kan delast? Eller har de planlagt eit arrangement som er av interesse for heile landet, og som de vil invitere til?
I kompetansebanken ynskjer vi å dele tiltak som kan bidra til kompetanseheving for tilsette i folke- fylke og fagbibliotek i heile Norge. Du kan sende inn bidrag til banken gjennom dei ulike skjema under. Vi er eit team som vurderer og legg ut innhald fortløpande.
Nettkurs
Dersom du planlegg å produsere nettkurs, eller du har forslag til nettkurs som bør bli utvikla, send e-post til nett.bibliotekutvikling@nb.no så tek vi kontakt, og kan hjelpe med råd og bistand.