Verdien av lesing i møte med barnehagen

Å skape kultur for leseglede i barnehagen er […] en god investering i barns framtid. Men [det] handler […] vel så mye om å investere i barnas livskvalitet mens de går i barnehagen

Hjellup & Hadland i Leseglede i barnehagen. 10 nøkler til god lesekultur, 2022. s. 9.

Folkebiblioteket bør gå inn i eit samarbeid med barnehagen ut frå eit leselystperspektiv der den estetiske opplevinga av litteratur er ein verdi og eit mål i seg sjølv.

Lesing vert ofte tenkt på først og fremst som eit verkemiddel i arbeidet med å utvikle barnas språk. At lesing styrkar språket er så klart eit viktig aspekt som må anerkjennast og som har mykje å seie for barna si utvikling og trivsel.

I Rammeplan for barnehagen, som er det overordna styringsdokumentet for kva barnehagen skal drive med, er litteratur eit kunst- og kulturuttrykk barn skal få erfaring med, i tillegg til at det er eit sentralt verktøy i språkutviklinga. Bøker blir mest eksplisitt og konkret nemnt i støttemateriellet Språk i barnehagen. Den bind rammeplanens mål nærare barnehagekvardagen med konkrete forslag om bøker i det fyiske barnehagemiljøet, og korleis bruke bøker og forteljingar i arbeidet med språkutviklinga til barna.

Det er viktig å kjenne til kva barnehagen sine rammer og styringsverktøy seier om lesing for å vite kva som er utgangspunktet og kvar dei kjem frå. Ikkje minst fordi barnehagetilsette har ein hektisk kvardag, der hovudfokus er å ta vare på barna; barna skal bli kledd på, bli skifta bleie på, bli tørke snørr av, få mat, trøyst og mykje anna som krev merksemd og tid. Det er inn i denne kvardagen at dei også skal ta i bruk boka. Når det er knapt med tid og ressursar, er det forutan barnehagelova, tiltak som er forankra i rammeplanen som blir prioritert.

Erfaring gjort i Lesefrø-prosjektet i Oslo er at barnehagetilsette set pris på at bibliotekaren kjem på besøk og snakkar om leseglede og leselyst som eit friskt perspektiv. Å fokusere på leseglede og leselyst set leiken og opplevinga i forsetet.

Derfor er det føremålstenleg at biblioteket held fana for leselyst høgt. Samstundes er det viktig å vise korleis litteratur er relevant i deira kvardag med utgangspunkt i styringsdokumenta deira. Det vil seie kome med konkrete døme som knyter bøker og fagområde og mål frå rammeplanen saman, i tillegg til å gi tips om leseaktivitet. Det kan motivere og legitimere bruken av bøker som støtte i barnas utvikling.

Frå forskinga veit vi i tillegg at leseaktivitet gir barn verktøy dei kan bruke i mange situasjonar: 

  • Dei får øving i å konsentrere seg og følgje eit handlingsforløp 
  • Dei lærer å tileigne seg ny informasjon
  • Dei lærer nye ord og måtar å sette saman setningar på 
  • Dei utvidar si forståing av omgrep 
  • Dei utviklar evna til å sette ord på tankar og kjensler 
  • Dei får kjennskap til nye miljø og ukjente kontekstar 
  • Lesinga stimulerer fantasien og førestellingsevna 
  • Lesinga utviklar evna til å sjå verda frå eit anna perspektiv  
  • Barn med ulik bakgrunn får felles leseopplevingar og referansar gjennom høgtlesing 

Dette er funn som er mogleg å knyte til mål i rammeplanen, og som barnehagetilsette ser verdien av. I rammeplanen er bøker og høgtlesing del av fagområda «Kunst, kultur og kreativitet» og «Kommunikasjon, språk og tekst». I tillegg viser vedlegget om rammeplanen også korleis lesing er relevant for fleire av måla som rammeplanen har.

  • Kikk gjennom samandraget som oppsummerer rammeplanen. Klarar du å finne døme på bøker som passar til ulike mål skissert i rammeplanen? 
  • I eit leselyst-perspektiv: Kva er viktig å framheve i møte med dei tilsette i barnehagen?