Biblioteket- hjartet «sticky campus»

  • Prosjekteier Høgskulen i Volda Biblioteket
  • Kontaktperson Mona Iren Auganæs
  • Antall år 1
  • Samlet støtte 180000 kr

Mål

Mål for forprosjektet er å kartlegge behov og ønskjer for biblioteket som sosial kjerne i tenestetilbodet til både lokale, internasjonale og digitale studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda

Beskrivelse

Biblioteket ved Høgskulen i Volda ligg sentralt på campus, rett ved kantineområde og andre tenestetilbod til studentar og tilsette, ei plasseringa vi ønskjer å utnytte betre. Vi vil i forprosjektet gjere behovsanalyser og utvikle moglegheitsskisser for å skape nye gode sosiale læringsarenaer og møtestader der vi ser bibliotek og kantineområde i samanheng, og der også IT-tenester, studentorganisasjonar og studentsørvis inngår, med biblioteket som hjarte med framtidsretta fasilitetar i eit ‘sticky campus’ ved HVO.

Bibliotekutvikling
Berte Kanutte (BK) der biblioteket ligg, er hjartet på HVO og eit signalbygg på campus. Sidan bygget blei tatt i bruk i 1998 har det skjedd store endringar i biblioteksektoren og i samfunnet elles, noko som naturleg nok endrar brukarane sine vaner og behov. Føregangsbiblioteka i UH-sektoren som Universitetsbiblioteket på Blindern (UB) og UB i Stavanger (UBIS) har dei siste åra gjennomført brukarundersøkjingar og ut frå desse gjort store endringar. I 2019 er fokus flytta frå å tenke samling til å tenke menneske. Den digitale kvardagen har skapt nye måtar å jobbe og tenke på for studentane, undervisning og studier legg opp til stadig større grad av samarbeid og tverrfaglegheit. Biblioteka må difor kunne tilby ulike soner og studieplassar tilpassa ulike behov. HVO-biblioteket har dei siste åra tatt fleire grep for å imøtekome behova hjå studentar og tilsette, men vil no gjere brukarundersøkingar og ein moglegheitsstudie for å sjå på lokala våre med nye auge. Vi ønskjer å byggje på dei gode erfaringane frå UB og UBIS, tilpassa behovet hjå våre fagmiljø og studentar.

Sticky campus, studentaktiv sosial læring og læringsverkstad
‘Sticky campus’ har som kjerne å skape ein campus der studentane trivst og vil vere til alle døgnets tider, gjennom å legge til rette for ulike typar aktivitetar, fleksible arbeidsmåtar og pauseområde med utgangspunkt i bruksanalyser og aktivitetane ein ønskjer å skape (Sjå til dømes: https://student-strategy.uq.edu.au/node/25/11). ‘Sticky campus’ omfattar heile campus, men kan konkret knyttast til behova studentar og tilsette har for læringsområde og bibliotekstenester framover, særlig med fokus på studentaktiv læring som blir eit stadig tydeligare krav i sektoren. Den digitale utviklinga endrer både studentane sine relasjonelle forståingar og arbeidsmåtar (https://www.jisc.ac.uk/full-guide/learning-spaces). Studentaktiv læring tyder at ein må skape nye rom for læring og samarbeid der ein legg til rette for aktivitet og variasjon i aktivitet, og der studentar og tilsette lett kan møtast sosialt.

For å gi ein meir fleksibel studiekvardag starta HVO-biblioteket i november 2018 med meirope bibliotek, med det resultat at studentar og tilsette bruker lokala både seint og tidleg. Ved at bibliotek og kantineområde er samlokaliserte kan det sjåast som eit samanhengande rom for varierte aktivitetar med ulike soner for ulike typar studentaktivt og sosialt arbeid. Biblioteksutviklinga og campusutviklinga nasjonalt og internasjonalt viser at studentar no og framover vil vere opptekne av sosiale møteplassar og læringsfellesskap som bidrag til studentgjennomstrøyming. Utlån av digitalt utstyr og areal og tenester for utvikling av nye læringsformer gjennom ein læringsverkstad der tilsette og studentar kan treffast for kursing og utforsking er allereie under utprøving gjennom brukarstyrt aktivitet, og vil bli vidareutvikla i prosjektet.

Strategisk satsing, forankring og eigenfinansiering
I følgje strategiplanen skal HVO i perioden 2017-2020 styrkje teknisk infrastruktur og heve fagleg-pedagogisk kompetanse for vidare satsing på digitalisering og fleksible studietilbod, og fornye og vidareutvikle sin posisjon som akademisk kunnskapsverksemd. HVO meiner at ei satsing på biblioteksutvikling med fokus på studentaktive og sosiale læringsmiljø vil vere eit konkret tiltak for å nå desse måla. HVO har parallelt starta eit campus-utviklingsprosjekt, Campus 2.0, frå våren 2019. Forprosjektet går naturleg inn i denne overordna planen, og HVO vil difor gå inn med ei eigenfinanisering av forprosjektet på 40%.

Organisering, samarbeidspartar og aktivitetar
Forprosjektet blir organisert som eit smidig prosjekt, både med seminar, workshops, ulike brukarundersøkingar og kontinuerlige brukarstyrte utviklingsprosessar der både tilsette, studentar og eksterne samarbeidspartar er med. Biblioteket vil internt samarbeide med ulike fagmiljø, tenester og studentorganisasjonane og med Studentsamskipnaden for Volda om kantineutvikling. Ein vil også samarbeide med prosjektet DigiGLU (https://digiglu.hivolda.no/) om læringsverkstad. Eksternt vil vi samarbeide med biblioteksarkitekt Aat Vos, bruksanalytikarane Frilux Flo og Hanne Marie Knudsen og regionale aktørar som Kulturnæringshagen og NCE Protomore/Ikuben sin innovasjonslab.