Leselyst med dei minste – saman om lesekultur
Ein kunnskapsbase for biblioteka sitt arbeid med å fremje leselyst for dei yngste barna. Bli kjent med Tøyveskebiblioteket, Bokstart og Bok i bruk i barnehagen.
Denne læringsressursen er ein kunnskapsbase, ei verktøykasse og eit felles springbrett for biblioteka sitt arbeid med å fremje leselyst for dei yngste barna i alderen 0-6 år.
Læringsressursen tilbyr kunnskap, innsikt og forslag til verkemiddel som styrkar biblioteka sin profesjon og posisjon i sitt lesefremjande oppdrag. Det handlar om å føle seg trygg og kompetent til å formidle verdien av både tidleg start og samla innsats med lesing. Og i forlengelsen av det, å kunne gjennomføre lesefremjande aktivitet i eit samarbeid med andre relevante aktørar.
Målet er at biblioteka skal kunne stå fram som ein sterk fagleg aktør og ein viktig medspelar i kommunen sin samla innsats for å skape leselyst med dei minste.
Innhald i læringsressursen – dette får du
Læringsressursen består av sju delar.
Den første leksjonen Leselyst med dei minste – saman om lesekultur introduserer satsinga og tanken bak.
Leksjonen Om lesingens betydning og å lese med de minste gir eit felles, kunnskapsbasert fundament når vi snakkar om kvifor lesing og tidleg lesestart må viast merksemd.
Dei påfølgande leksjonane er byggesteinar i arbeidet med lesefremjande innsats som viser fram ulike prosjekt og samarbeid som er prøvd ut med gode resultat. Alle er meint som døme og igongsetjarar, så må kvar og ein finne dei gode innfallsvinklane ut frå eigne behov og nytte lokalt.
Leksjonen om Bok i bruk i barnehagen har som mål å auke leseaktivitet i barnehagane. Primærmålgruppa er dei tilsette som er tett på barna og som av den grunn har ein førsteposisjon for å kunne bidra til at alle barn får gode opplevingar med lesing, helst kvar dag.
Leksjonen om Tøyveskebiblioteket har som mål at fleire barn får oppleve høgtlesing heime ved å gjere bøker lett tilgjengeleg. Ved å legge til rette for utlån via barnehagane blir terskelen låg for at travle føresette skal få tilgang til bøker.
Leksjonen om Bokstart søker i samarbeid med helsestasjonar og barnehager å nå barnefamiliar for å stimulere til lesing gjennom kunnskapsformidling retta mot dei føresette.
Leksjonen om Litterære opplevelser for alle rettar fokus på barn med funksjonsnedsettingar og spreier kunnskap om korleis tilpasse leseaktivitet for å kunne inkludere alle barna i formidlingsstunder.
Til sist samlar vi nokre trådar og tenker framover i leksjonen om Saman om lesekultur.
Innan du går i gang, vil vi gjerne at du reflekterer litt rundt og svarar på; Korleis jobbar de med leselyst med dei minste i dykkar bibliotek? Svar anonymt i Mentimeter. Du kan også sjå kva andre har svara.
Ressursen er først og fremst mynta på alle bibliotektilsette som arbeider med barnelitteratur og fremjing av lesing hos dei minste. Men den vender seg også til leiarar, fordi det er bibliotekleiar som har det faglege ansvaret og som vurderer kva arbeid som skal viast innsats i biblioteket.
Det krev tid og krefter å skape endring og arbeide målretta med lesestimulering for barn. Difor er det viktig å forankre arbeidet godt og få støtte frå leiar før ein går i gang med noko nytt.
Læringsressursen er lagt opp som eit oppslagsverk du kan hoppe fram og tilbake i. Det kan vere fint å byrje frå start om det er første gong du går igjennom læringsressursen. Du kan velje å ta alle leksjonane eller plukke ut ein enkelt, det er opp til deg.
Når du fyrst har starta læringsressursen, navigerer du ved bruk av oversikta til venstre eller ved å bruke knappane nedst på kvar side.
Leksjonane tilbyr ulikt støttemateriell. Det kan vere malar, metodeskildringar, fordjupingskjelder og anna relevant innhald. Alt av innhald kan brukast som det er eller bearbeidast alt etter kva som høver. Kvar leksjon har også ein eller fleire aktivitetar der du skal reflektere over temaet som vert tatt opp eller øve på ein aktivitet knytt til temaet.
Læringsressursen er kome i stand i tett samarbeid mellom fleire aktørar som jobbar med leselyst og lesekultur med dei minste, gjennom det nasjonale prosjektet «Formidlingskompetanse for folkebibliotek» (FiF). Arbeidet er støtta av Nasjonalbiblioteket og Foreningen !les.
Med i prosjektgruppa er representantar frå fem fylkesbibliotek, Foreningen !les og Deichman. Desse er:
- Sigrun Feiring, Foreningen !les
- Siv Merethe Hatlem, bibliotekutvikling Vestland fylkeskommune
- Malin Kvam, Trøndelag fylkesbibliotek
- Siri Larsen, Deichman og prosjektleder Lesefrø
- Astrid Sundset Moe, bibliotekutvikling Vestland fylkeskommune
- Veronica Mørch, Nordland fylkesbibliotek
- Troels Posselt, Viken fylkesbibliotek/Foreningen !les
- Aase Wivestad, Vestfold og Telemark fylkesbibliotek
Leiar og koordinator for arbeidet med læringsressursen har vore Siv Merethe Hatlem ved seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.
Har du spørsmål eller innspel til innhaldet er du velkomen til å ta kontakt med Astrid Sundset Moe ved seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.
Med oss på laget har vi hatt fleire gode samarbeidspartnarar både frå forskningsfeltet, frå folkebibliotek, barnehagar, helsestasjonar, føresette og andre som med stor velvilje har bidratt og delt av erfaringar, kunnskap og innsikt. Vi er svært takknemlege for alle som har hjelpt oss på vegen!
Takk til:
- Bjørnestien barnehage
- Hovinenga barnehage
- Professor Frank Hakemulder, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Universitetet i Stavanger og Utrecht universitet i Nederland
- Professor Trude Hoel, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Universitetet i Stavanger
- Ruth Sigel Holm, helsesykepleier ved Alna helsestasjon i Oslo
- Una Molvig, barne- og ungdomsbibliotekar ved Furuset bibliotek og aktivitetshus
- Rannveig Nymoen, Bokbamsen, Øvre Eiker bibliotek
- May Iren Polle Reitan, skolebibliotekar, Røyrvik bibliotek
- Eivind Rutle, Brillefilm
- Ellen Marit Schjerverud, Horten bibliotek
- Inge Schreuder-Lindløv, filmfotograf/redigerer ved Lesesenteret Univeristetet i Stavanger
- Veronica Salinas, litteraturformidler Norsk barnebokinstitutt
- Ebba Sofie Vannar, mamma til Per
- Tale Østrem, barne- og ungdomsbibliotekar, Randaberg folkebibliotek
Tre tips på vegen
Når du skal i gang med læringsressursen, kan det vere greitt å ha med seg nokre gode tips på vegen.
Det første tipset er at det er lurt å ta med seg ein læringsven som også vil styrke innsatsen retta mot dei yngste barna med utgangspunkt i læringsressursen. Det gjer læringa enklare og kjekkare. Mykje i ressursen er basert på ein samtale om praktiske løysingar og felles refleksjon på korleis tilpasse lokalt og få til ønska utvikling. Å sette ord på det ein opplev, eigen praksis og grunngje sine val aukar medvitet og gir god læring på vegen mot ny kunnskap. Dessutan blir det ekstra givande og meir gjort når ein kan diskutere saman og hjelpe kvarandre. Eit felles løp med faste kontaktpunkt kan organiserast uavhengig av om du ser nærare på ein liten del, eller gjennomfører heile løpet.
Er du aleine i eit lite folkebibliotek, tilrår vi at du kontaktar bibliotekkollegaer i ditt nettverk eller fylkesbiblioteket. Finn nokre gode sparringpartnerar eller få hjelp til å finne ein eller fleire læringsvener å jobbe saman med.
Det andre tipset handlar om å involvere kollegaer i biblioteket/kommunen du jobbar i. Del innsikter frå ressursen også til dei som ikkje er direkte engasjert i formidling for barn. Å sette fokus på noko skapar auka interesse.
Oppsummer i personalmøte eller ring din kollega og fortel om viktige læringspunkt frå det du går igjennom. Er det noko som kan passe å prøve ut hos dykk? Kva seier forskinga eller kva tenker du om nokre av innsatsane som er presentert? Er det på tide at kommunen rettar ein samla innsats for dei minste si leselyst? Har du treff saman med andre einingar i kommunen der det er mogleg å ta initiativ til ein prat om temaet?
Det siste tipset i denne omgang, dreier seg om å legge ein plan for å søke midlar frå Nasjonalbiblioteket si utlysing. Med friske midlar får ein større økonomisk handlerom som kan gjere det lettare å kickstarte ein prosess og eit samarbeid.
Det er gode sjansar for å få midlar til å prøve ut nokre av tiltaka som vert presentert i ressursen eller andre idear når du koplar innsatsen til FiF-satsinga, Leselyst med dei minste – saman om lesekultur. Med leselyststrategien rett om hjørnet, og det oppdaterte tildelingsbrevet til Nasjonalbiblioteket, er det mykje som tyder på at det framover vert auka innsats for å styrke lesinga sin posisjon i befolkninga.
Korleis jobbar de med leselyst med dei minste i dykkar bibliotek?
Hjelp oss med å kartlegge slik at vi får ein peikepinn på korleis det står til rundt i dei mange folkebiblioteka i landet. Reflekter over desse fire påstandane og svar anonymt via Mentimeter:
- På vårt bibliotek har vi fastsette mål og tiltak for å nå familiar og barn i alderen 0-6 år med lesing og litteratur.
- Biblioteket samarbeider aktivt og systematisk med andre for å kunne nå familiar og barn med lesing og litteratur.
- Eg har kunnskapen eg treng for å formidle verdien av lesing og litteratur ut mot vaksne.
- Eg kan tilføre verdifull kunnskap og erfaring om lesing og litteratur som andre fagprofesjonar kan dra nytte av.
Vil du dele eit opplegg?
Læringsressursen er open og vil vekse vidare. Har du eit godt tiltak som du meiner passar og bør spreiast til endå fleire?
Vi er alltid interesserte i å høyre om gode tiltak for å nå ut til dei minste. For å passe er det ei rekke kriterium dei presenterte satsingane skal leve opp til. Fellesnemnarar er at aktivitetane:
- har fokus på leselyst hos barn i førskulealder
- arbeidar for å spreie kunnskap om verdien av lesing og etablere ein medviten lesekultur for dei vaksne som er tett på barna i det daglege
- er forsøkt av barn, fagprofesjonelle og/eller foreldre med gode resultat
- kan skalere opp og ned, så dei kan brukast både av små og større bibliotek
- kan strekke seg over ein lenger periode eller involvere større grupper deltakarar
- dreg inn aktuelle samarbeidspartnarar og jobbar på tvers som f.eks. barnehagar, helsestasjonar eller andre bibliotek
Ta kontakt med ressursgruppa for elæring og kompetanse om du meiner du har eit opplegg som andre kan lære av.