Observasjon

Observasjon er ein kvalitativ metode der hensikten er å kartlegge kva som verkeleg skjer, til dømes under ein arbeidsprosess. Den mest vanleg kvalitative metoden er intervju der vi ønsker å forstå kva folk meiner, kva haldningar dei har, kva opplevingar dei har. Men under intervju er det informanten si oppleving som står i sentrum og deira forståing av kva dei gjer t.d. i ein arbeidsprosess. For å verkeleg forstå korleis ein utfører ei arbeidsoppgåve, kva praksis ein har så er observasjon ein god metode. Her tek du i bruk alle sansane dine for å forstå og fange kva som skjer . Ulempa er at tidlegare erfaring og kunnskap er med å farge og påverke vår forståing av kva vi observerar.

Observasjon kan medføre etiske problemstillingar. Svært få liker å bli observert/kikka på. Det kan vere med å påverke arbeidet som er vert utført. Dette bør vi alltid tenkjer gjennom når vi bruker observasjon som metode. I mange tilfeller vil det kreve at vi innhenter samtykke, eller let folk velje om dei vil vere objekt for observasjon. God informasjon i forkant er viktig for å trygge dei som blir observerte.

Underside

Ansvarleg for sida er Idunn Bøyum. Sist oppdatert 15. juni 2020.