Kategorisering av brukarmøte – verktøy for analyse

For å kunne analysere kva spørsmål publikum henvender seg til ei skranke med kan det vere nyttig å kategorisere kvar interaksjon. Gjeld dei fleste henvendelsane spørsmål knytt til prosedyrer, eller handlar det om at dei treng hjelp til å finne fram i bibliotekets katalog og samlingar?

Kategorisering av funn frå feltnotata eller sjølvregistrering er ein viktig del av analysearbeidet. Det er ingen standardiserte kategoriar til bruk for å identifisere forekomstar av ulike typar henvendelsar i ei skranke. Sidan funn frå observasjon er farga av den som kartlegg og formålet kan vere ulikt, så vel mange å modifisere allereie brukte skjema for kategorisering. Dette gjer at det vert vanskeleg å samanlikne aktivitetar frå bibliotek til bibliotek. Likevel vil vi sjå ei kjerne av kategoriar som spørsmål knytt til samlinga, prosedyrer, emnerelaterte spørsmål osb.

Vi har valgt å vise to døme på skjema som har vore i bruk for å kartlegge brukarmøte mellom bibliotekar og publikum. I dei siste åra har det meste som har vore skrive om henvendelser til biblioteket teke utgangspunkt i chat-samtaler. Dette er eit mykje enklare materiale å jobbe med, enn registrering i sanntid i ei fysisk skranke. Nedanfor er skjeam og resultat frå to ulike prosjekt knytt til henvendelser i fysiske bibliotek.

Skjema for kategorisering – brukt i TREFF-prosjektet på NTNUB.

Døme på resultat frå eit kartlegginsprosjekt:

Skjema for kategorisering brukt av Bøyum, Byström og Pharo, upublisert.

Skjema er inspirert av Radford et al (2013). Her måtte vi legge til ‘Utlån av rekvisita’ som kategori siden biblioteket vi observerte i lånte ut kabler, ladere, bokstøtter o.l.

Ansvarleg for sida er Idunn Bøyum. Sist oppdatert 22. juni 2020.