Sjølvregistrering

Mange bibliotek registrerer sjølve kva henvendelsar dei får. Då har ein eit skjema med ferdige kategoriar liggande i skranka. Ved kvar interaksjon kryssa bibliotekaren av i riktig kategori. Dette er ein enkel måte å samle inn data om aktivitet på. Ulempen er at det er mykje som kan glippe under registrering, det er for travelt og bibliotekaren gløymer å registrere kva henvendelse hen behandla. I ein pilot såg vi at bibliotekaren registrerte betydeleg færre forekomstar enn forskaren. Metoden kan likevel ha noko for seg. Bibliotekaren vert meir merksam på kva som skjer i skranka og korleis dei oppfattar og korleis dei behandlar publikum. Resultata frå vår undersøking er publisert her: Bøyum, Byström og Pharo, 2021

Om biblioteket ditt skal i gang med dette er det viktig å lage gode gjensidig utelukkande kategoriar og diskuterer kva som høyrer med kor. I tillegg er det viktig å vere klar på formålet med registreringa. Er det for å vurdere ei teneste, eller er det berre kjekt å sjå kvifor publikum henvender seg til bibliotekets skranke. I undersøkinga til Lamøy og Kilvik (2020) benytta dei seg av sjølvregistrering. Dette var ein del av eit prosjekt (TREFF) finansiert av Nasjonalbiblioteket (sjå sluttrapporten).

Ansvarleg for sida er Idunn Bøyum. Sist oppdatert 10.11.21.