Feltnotat – verktøy for analyse

Innsamling av data foregår ved at du skriv ned observasjonane dine. Dette vert kalla feltnotater. Her skriv du ned kva som verkeleg skjer – slik du tolkar det, men òg metadata rundt sjølve observasjonen (dato, klokkeslett, kven som er involvert mm). I tillegg kan du føre på spørsmål til eiga analyse. Kor grundig dette skal vere er avhengig av årsaka til at du gjennomfører observasjon. (Forslag til litteratur: Postholm, 2010)

Feltnotatene kan skrives ned både digitalt og analogt. Det fins eigne programvarer til ulike formål. I studien til Bøyum, Byström og Pharo vart observasjonane skrivne for hand (penn og papir). Seinare vart dei transkribert og overført til programmet NVIVO der vidare kategorisering kunne utførast.

Døme på feltnotat:

To bibliotekarer sitter i skranken, eg observerer og noterer dialogen og aktivitetet mellom bibliotekar og brukar. Her er det viktig å ha konsekvent bruk av teikn som beskriver aktivitet, kommentar osv.

Koding av feltnotater under observasjonsøyeblikket:

3_2_K13 = Kode for identifikasjon som kan lesast slik: Fase3 av studien_Observasjonsdag nr_Kjønn og nummer på henvendelse]
Benevnelsen student blei brukt for alle vi antok var studentar, vart ikkje brukt i analysearbeidet som anna enn ‘brukar’
Benevnelsen Bibl1, Bibl4. Dette er for å vise at det er ulike tilsette. Dette identifiserer ikkje den enkelte, men beskriver fortløpande.
Feit skrift: Antyder identifikasjon av kategori (her – Samlingsorientert spørsmål)
«» – gjengivelse av dialog
[…] – beskrivelse av kva som skjer
(…) – mine kommentarar til den fortløpande observasjonen

Ansvarleg for sida er Idunn Bøyum. Sist oppdatert 22. juni 2020.