Referensetenesta – registrering av brukarmøte

Kvifor vel folk å møte opp i biblioteket og vende seg til bibliotekets skranke – ofte omtala som det synlege symbolet på bibliotekarens arbeid. Kva er det dei lurer på og treng hjelp til?

I ein undersøkelse, frå NTNUB, svarde 68% av bibliotektilsette at dette var ein ‘Svært viktig’ møteplass mellom bibliotek og student (Lamøy og Kilvik, 2020). Det er her vi legg til rette for at folk kan komme når dei behov for hjelp med t.d. informasjonssøk, rettleiing, lån eller meir enkle spørsmål om kor grupperom er. I biblioteklitteraturen vert arbeidet her kalla for referansearbeid. Begrepet er lite brukt i norske bibliotek i dag, men i denne samanhengen er det greitt å bruke det som ei overordna term.

Kva type spørsmål ein får i ei skranke vil avhenge av både bibliotektype, kva kompetanse biblioteket vel å møte publikum i skrankene og ikkje minst kva teneste biblioteket tilbyr (låner dei ut rekvisita, tilbyr dei generell IT-hjelp, har dei skilt veilednings-/referanseteneste og inn-/utlevering osb.).

Svar på desse spørmåla vil gje oss informasjon om kva kompetanse ein treng for å møte brukarens umiddelbare informasjonsbehov, men òg kva type hjelp dei treng. Eit viktig spørsmål å stille seg er også om tenestene biblioteket tilbyr er med å påverker kva spørsmål bibliotekaren får.

Mykje forsking tyder på at publikum er usikre på bibliotekarens kompetanse. Vi veit og at brukaren stiller konkrete spørsmål først, og dette er gjerne ikkje det hen eigentleg lurar på. Difor har bibliotekarar lært å gjennomføre referanseintervju som har som mål å avdekke det verkelege informasjonsbehovet.

I dette kapittelet vil vi ta for oss to metodar for å undersøke kva spørsmål bibliotekaren får i skranka og kva som karakteriserer desse spontane brukarmøta i bibliotek. Biblioteka har òg andre formelle arenaer for rettleiing og brukarmøte som ‘Bestill ein bibliotekar’, og undervisningsrelaterte aktivitetar. VI må heller ikkje gløyme dei meir uformelle møta som td. kan skje mellom brukar ob bibliotekar ute i bibliotekets lokaler. Dette vert ikkje omtala her.

Les meir:

Ansvarleg for sidene om registrering av brukarmøte er Idunn Bøyum. Sist oppdatert 22. juni 2020.