Invitasjon til dialogmøte om kultursektorens arbeid med klima og miljømessig bærekraft
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) ønskjer innspel til kva nasjonale mål kulturpolitikken kan ha for sitt bidrag til klima og miljømessig berekraft.
Statssekretær Even Aleksander Hagen inviterer aktørar i sektoren til med engasjement for klima og miljø til eit dialogmøte 2. september kl. 14-16 i Kulturtankens lokalar i Oslo.
KUD skal følgje opp Klimautvalet sine anbefaling om å sikre at omstilling til lågutsleppssamfunnet vert prioritert i departementa og at sektorpolitikken utviklar eigne mål på klima og miljø.
Departementet ønskjer dialog om:
- Kva politiske mål for kulturpolitikken kan verte etablert på vegne av sektoren?
- Kva er det nasjonale ansvaret og kva må sektoren sjølve bidra med?
Program
- Velkomen v/ statssekretær Even Aleksander Hagen
- Oppspel frå sektoren
- Dialog/korte innspel frå påmeldte aktørar
- Oppsummering og vegen vidare v/statssekretæren
Har du innspel?
KUD tar imot skriftlege innspel både i forkant og etterkant av møtet.
Desse kan sendast til postmottak@kud.dep.no . Merk dei med «innspill til klima og miljømål i kultursektoren».
Det er fint om innspela kan svare på følgjande spørsmål:
- 1-3 politiske mål som bør vere prioritert og inkludert i kulturpolitikken for grøn omstilling?
- Kva treng din organisasjon/institusjon for å kunne legge til rette for grøne vegval?
- Kva er det viktigaste din organisasjon/institusjon kan gjere for å bidra til grøn omstilling?
Dei som ikkje har høve til å møte i lokala kan følgje møtet via Zoom. Dei må også melde seg på via påmeldingsskjema, og får tilsendt ei lenkje på e-post.
Frist for påmelding til møtet er 29. august
FNs berekraftsmål som satsingsområde for utviklingsmidlane
I gjeldande nasjonal bibliotekstrategi er FNs bærekraftsmål og bibliotek eit av innsatsområda for utviklingsmidlane. Dette har resultert i fleire relevante prosjekt, som alle er tilgjengelege i prosjektbanken.
-
Bærekraftig utvikling av bibliotek (Haugesund bibliotek m.fl.)
-
Bærekraftsforskning for alle – en transparent kartleggings- og gjenfinningstjeneste (UiB m.fl.)
-
Berekraft, biosfære og bibliotek – samarbeid i Nordhordland UNESCO biosfæreområde (Alver bibliotek m.fl.)
-
Bærekraftslaben – samarbeid, skaping og kunnskapsformidling for fremtiden (Bergen off. bibliotek)
-
Klimafestival for born og unge (Bergen off. bibliotek)
-
Bibliotek og berekraft (Møre og Romsdal )