Berekraft, biosfære og bibliotek – samarbeid i Nordhordland UNESCO biosfæreområde

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Alver bibliotek
Prosjektkategori:FNs bærekraftsmål og bibliotek, Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:500 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2023, 2024

Søknad

Mål

Biblioteka i Nordhordland skal samarbeide om å planlegge, utvikle og gjennomføre interaktive arrangement innan Nordhordland UNESCO biosfæreområde.

Hovudmåla for prosjektet:
– Vekkje engasjement, interesse og kunnskap hos innbyggjarane innan berekraft, handverkstradisjon, lokalmat, kulturminne og ullproduksjon innanfor biosfæreområdet.
– Synleggjere og styrke biblioteket som kunnskapsaktør i region Nordhordland
– Etablere eit formelt samarbeid med Region Nordhordland om prosjektet Nordhordland UNESCO biosfæreområde.

Det vil undervegs i prosjektet vere naturlig med følgande undermål:
– Skape nye samarbeid med lokale aktørar
– Fremje lokale aktørar, frivillige lag og organisasjonar
– Skape nye møteplassar og møte mellom generasjonar

Vi skal måle prosjektet ved å sjå på statistikk, aktivitet hos deltakarane før og etter arrangement, og utvikle prosjektet undervegs for å treffe målgruppa. Vi vil og sjå på kor aktive deltakarane er når dei er med på aktivitetane.

Beskrivelse

Bakgrunn:
Nordhordland er utpekt som eit biosfæreområde av UNESCO i 2019 som første område i Noreg. Eit UNESCO biosfæreområde arbeider for berekraftig utvikling der ein skal ta vare på det biologiske og kulturelle mangfaldet, og vidareutvikle lokalsamfunnet i ei berekraftig retning. Området skal arbeide med å finne, utvikle og formidle gode berekraftige prosjekt. Berekraftig utvikling innanfor prosjektet har eit miljømessig, økonomisk og sosialt perspektiv.

Alver bibliotek ser at dette er eit spennande prosjekt der vi kan utvikle oss som kunnskapsaktør, møteplass og formidlar samstundes som ein sett berekraft og FNs berekraftsmål på agendaen, i tillegg til at det inspirerer oss til å tenke nytt når det kjem til samarbeid i regionen.
Biosfæreområdet omfattar mellom anna kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og litt av Øygarden. I dette prosjektet er Alver bibliotek prosjekteigar og har etablert eit samarbeid med biblioteka i Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal i forkant av søknadsprosessen. Det kan bli aktuelt å invitere Gulen og Øygarden med undervegs. Det vil og vere naturleg og aktuelt å samarbeide med kulturutvikling og kulturarv internt i kommunane.

Vidare skal biblioteka samarbeide med Region Nordhordland om biosfæreområdet for å finne og utvikle gode arrangement som fremjar og synleggjer sjølve prosjektet, vår funksjon som formidlar og møteplass i regionen, og sette berekraft og kulturarv på kartet.

Aktuelle berekraftsmål:
Berekraftsmål nr 17: Samarbeid for å nå måla vert hovudmålet for prosjektet, men vi vil naturleg arbeide med andre mål innanfor prosjektet som 11 om berekraftige byer og lokalsamfunn, mål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon, mål 14 om livet i havet og mål 15 om livet på land.

Føremål og målgruppe:
Føremålet med prosjektet er å skape ein serie med arrangement retta mot publikum for å framheve kunnskapen om biosfæreområde. I løpet av prosjektet ønskjer vi å fremje samtale, debatt, vekke ny kunnskap i lokalsamfunnet og satse på berekraft i eit sosialt, økonomisk og miljømessig perspektiv.

Ved å løfte biosfære, samarbeid og berekraft i og utanfor bibliotekrommet i region Nordhordland ønskjer vi å vekkje engasjement hos innbyggjarane. Vi vil satse på å skape gode møteplassar på tvers av generasjonar.

Nokre spørsmål som skal engasjere og vekke interesse, som vi legg i grunn for utvikling og gjennomføring av arrangementa er:
– Kva betyr det for Nordhordland at vi er eit biosfæreområde?
– Korleis kan vi ta vare på kulturarven vår, handarbeidstradisjonar og kulturminne?
– Korleis kan vi vareta kulturlandskapet og matjorda, derav sikre mattryggleiken?
– Korleis kan vi skape berekraftig næring og lokale arbeidsplassar?
– Korleis skape gode møteplassar og sikre levande lokalsamfunn?
– Korleis kan innbyggjarane bidra til å nå berekraftsmåla?

For å gjennomføre dette vil vi satse på interaktive arrangement i og utanfor bibliotekrommet, der kvart bibliotek satsar på styrkane innanfor sin kommune. Vi vil samarbeide om planlegging og gjennomføring av arrangementa og inspirere innbyggjarane til å oppsøke møteplassane på tvers av kommunegrenser. Med interaktive arrangement meiner vi arrangement der innbyggjarane deltek aktivt samstundes som dei får ny kunnskap og møter nye menneskje.

Eit formelt samarbeid med Region Nordhordland vil etablerast, desse vil fungere som ein kunnskapsaktør og hjelpe biblioteka å utvikle og gjennomføre prosjektet samt finne lokale aktørar innanfor dei fem ulike satsingsområda dei arbeidar med.

Dei mindre aktørane vil vere samarbeidspartnarar i form av aktivitet under arrangementa for å fremje måla i prosjektet. Dei kan vere lokale matprodusentar, diktere, formidlarar, arbeide med tradisjonshandverk, husflidlag, musikarar og liknande.

Mellom anna vil vi fremje:

Sau og ull
I Nordhordland har ein i dag fleire lokale attraksjonar knytt til ull: Ein kan besøka Lyngheisenteret på Lygra og høyre om korleis menneska kultiverte landskapet gjennom å brenna og hausta lyngen til dyrefor eller Osterøy museum kor ein kan lære gamle tekstil- og handverkstradisjonar, deriblant korleis veva din eigen viking- regnfrakk på oppstadveven. På Havrå har ein Noregs best bevarte klyngetun som visar gamle bondetradisjonar og Gripen Gaard på Holsnøy driver sauedrift på gamlemåten. Hillesvåg ullvarefabrikk lagar ull og garn til kvalitetsmedvitne kundar i inn- og utland.

Klede
Nordhordland har sterke tradisjonar knytt til klede og tekstilar, der klede vart laga av lokale råvarer. I tråd med FNs berekraftsmåla må me stoppa klimaendringane, og eit steg er å endra på bruk og kast måten me tek omsyn til klede på.

Landbruk og mattradisjonar
Skal verda nå FN sine berekraftmål knytte til mattryggleik, berekraftig landbruk og genetisk mangfald, må alle nasjonar bidra til å oppretthalde evna til matproduksjon basert på stadeigne ressursar. Nordhordland er riktig på naturressursar som sau, fisk, sjøpølse, tang og tare.

Handverk og kulturminne
Ein har lange tradisjonar for smi i Nordhordland. Nordhordlendingen var kjent for sine navrar. Navaren er forløpar til dagens elektriske drill, og har ei tusenårig historie.

Som ein del av eit biosfæreområdet må ein skapa treffstader for erfaringsutveksling og kunnskapsoverføring. Anten ved at ein skaper open, gratis aktivitet på dei ulike stadene attraksjonane er eller at ein inviterer inn dei ulike institusjonane til på biblioteka til ulike arrangement. Målet er å både framheva tradisjonane, men også ha kunnskapsoverføring til nye generasjonar.

Prosjektet er ein todelt prosess.
– Del ein vil vere å skape formelle samarbeid, finne lokale aktørar, planlegge arrangementa og marknadsføre prosjektet.
– Del to vil vere å gjennomføre arrangementa.

Etter prosjektslutt vil biblioteka i Nordhordland evaluere prosjektet og eventuelt vidareføre dette i drifta. Vi ønskjer at prosjektet skal gi oss ny kunnskap som vi kan ta vidare ved planlegging av arrangement i og utanfor biblioteket, samt bruke dei aktuelle samarbeidspartnarane vidare.

Forankring:
1. Nasjonal bibliotekstrategi kapittel 1 om at FNs berekraftsmål skal liggje til grunn for regional og kommunal utvikling samt kap. 5 om nye samarbeidsformer.
2. Alver kommune sitt høyringsutkast for kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv 2023-2035 og medfølande handlingsprogram for kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv 2023-2026. Der Alver bibliotek i hovudsak skal arbeide med styrking av satsingsområde innanfor demokrati, offentleg, samtale, arrangement, oppsøkande formidling og samarbeide med næringsliv. Det skal og arbeidast med berekraft, mangfald og inkludering. Høyringa av kommunedelplan og handlingprogram kjem ut på alver.kommune.no i.la februar.
3. Strategiplan for Nordhordland UNESCO Biosfæreområde 2021-2025. Sjå nordhordlandbiosphere.no.

Erfaringsutveksling:
Etter prosjektslutt vil det føreligge ein evalueringsrapport til deling med biblioteka og andre aktørar som arbeider med formidling, berekraft, kultur og biosfære.
Biblioteka i Nordhordland vil invitere seg inn i eit møte med bibliotekutvikling Vestland der vi presenterer heile prosjektet for dei andre kommunane i Vestland. Det kan vere aktuelt å presentere i fleire regionar.