Performative grep i lesestunda

Å halde ei lesestund er i seg sjølv ein performativ handling. Men kva grep skal du ta i bruk for å formidle akkurat den boka du held i henda? Bjorvand viser fram nokre grep. Men kva performative grep kan vil du ta i bruk? Adele Duus er forfattar og formidlar, og tek i bruk verkemiddel frå teaterets verd i formidlinga av bøker. Det er mange verkemidlar du kan velje mellom. Duus tek, som Bjorvand, oss med gjennom alle stega, frå val av bok til formidling, men dette er eit djupare dykk inn i formidlingsgrepas magiske verd.

I første video fortel Duus korleis ho går fram for val av bok til formidlinga.

Video er tekstet. Trykk på symbolet til venstre for tannhjulet for å skru på tekst.

Gjer det sjølv – del 1!

No som du har sett og høyrt kva Adele Duus gjer, er det din tur!

  • Finn fram ti tilfeldige bildebøker og les dei. Vel ut tre av dei som du liker ekstra godt.
  • Finn ut kva du tenkjer er «greia» med kvar av dei tre bøkene. Her er det ingen fasitsvar, men det DU meiner er viktig. Noter dette i korte trekk eller som enkeltord ned på eit ark.
  • Vel ein av dei tre bøkene. Noter bokas tittel midt på eit A3-ark. Dette er ditt ideark.
  • Nærles boka og noter stikkord på idearket kvar gong du kjenner at det dukkar opp noko du synes er interessant, morosamt, underleg eller spennande. Ingen ting er for lite eller stort til å hamne i notata dine. Bruke gjerne tankekart eller små teikningar for å få det du tenkjer ned på papiret. Når idearket er fullt av notat, kan dette danne grunnlaget for din formidling.

Er du ferdig med oppgåvene? Gå til video to.

I video to – hald på arket du har laga! –  får du høyre kva du kan gjere med det vidare.

Videoen er tekstet. Trykk på symbolet ved siden av tannhjulet for tekst.

Gjer det sjølv – del 2!

  • Ta utgangspunkt i idearket ditt. Bruk ein fargeblyant og marker dei punkta du har mest lyst til å gå vidare med i din formidling.
  • Finn fram boka igjen, og lag ein oversikt over bokas scener. Viss du synes det er vanskeleg, sjå for deg at boka er ein film, og at kvar gong handlinga i filmen skiftar, er det ein ny scene. Sett alt saman i rekkefølgje og nummerer scenene.
  • Sjå på sceneoversikta saman med idearket, og sett ideane dine inn i scenene der du synes det passar. Her kan det vere lurt å ha formidlingsgrepa frå verktøykassa framfor seg, så det blir lettare å konkretisera. Når du jobbar med dette, kan du ha i bakhovudet kva som er realistisk å få til med den tida og dei ressursane ogformidlingsverktøya du har tilgjengeleg. Når dette er gjort har du eit solid formidlingsmanuskript som hjelper deg vidare i prosessen mot levande performativ formidling.

No har du vore gjennom leksjonen om den planlagte lesestunda. Er du klar til å planlegge og gjennomføre ei lesestund med dei minste? Allier deg med ein kollega i utprøvinga av høgtlesing. Bruk dei sju spørsmåla Bjorvand stiller til å systematisere arbeidet og prøv deg fram!

Lykke til!