Bli kjent med Bok i bruk i barnehagen

Bok i bruk i barnehagen handlar om korleis biblioteket kan bidra til, og støtte opp om, tidleg start med lesing og ein aktiv lesekultur i barnehagen.

Når du har gått gjennom denne leksjonen, skal du i møte med barnehagetilsette (og føresette) kunne løfte litteraturen sin plass i barnehagekvardagen gjennom å:

-Bidra til å gjere litteraturen tilgjengeleg

-Formidle tips for korleis barnehagetilsette konkret kan ta bøkene i bruk

-Gjere ny litteratur kjent for barnehagetilsette og føresette

Slik når vi fleire barn og kan betre føresetnadane for at barna får jamlege møte med litteratur og bøker i kvardagen sin.

Barnehagen er ein viktig arena for møte mellom barn og bøker. For nokre barn kan det vere det første møtet med litteratur og høgtlesing. Å ha ein medviten kultur for lesing i barnehagen er derfor viktig.

I leksjonen legg vi til grunn at det er tre ting som må til for å utvikle ein lesekultur i barnehagen:

  1. tilgang på bøker
  2. jamleg leseaktivitet
  3. kjennskap til barnelitteratur

Bok i bruk i barnehagen bygger på erfaringar frå Lesefrø-prosjektet i Oslo i regi av Deichman bibliotek. Målet er å skape grobotn for ein medviten lesekultur i barnehagen som bidrar til leselyst, og som i tillegg stimulerer til god språkutvikling hos barna. Det er eit mål som krev innsats over tid.

I leksjonen får du presentert eit opplegg som er innretta med mål om å dele erfaring og kunnskapen med barnehagetilsette. Mange bibliotek har gode samarbeid med barnehagar allereie, og mykje i leksjonen vil vere kjent. Prosjekt som Lesefrø har likevel vist at det eksisterer eit behov for å ikkje berre tilby utlån av bøker til barnehagar, men også å formidle korleis ta bøkene i bruk. Det er dei vaksne som er tett på barna i kvardagen og som særleg kan påverke kor ofte, korleis og kva slags bøker og leseaktivitetar barna får ta del i.

Virkar det?

Erfaringar frå Lesefrø-prosjektet viser at det fungerer å rette heilskapleg innsats mot barnehagane. Lesefrø-barnehagane har m.a.: 

  • Fått etablert ein lesekultur der bøker er ein integrert del av barnehagekvardagen 
  • Auka medvitet blant dei tilsette omkring samanhengen mellom leseaktivitet og språkstimulering 
  • Auka engasjement kring leseaktivitet blant barnehagetilsette og foreldre 
  • Større interesse for bøker og leseaktivitet blant barna 
  • Erfart at foreldre som ikkje har lese høgt med barna sine tidlegare har oppdaga gleda ved høgtlesing

Med sitt ekstra fokus på fleirspråklege barn viser resultata i tillegg at: 

  • barna sine ulike språk vert opplevd som ein positiv ressurs i barnehagen 
  • å snakke ulike språk gjev ei oppleving av fellesskap

Støttemateriell til leksjonen

I tilknyting til leksjonen er det utarbeidd fleire ressursar som på ulikt vis er meint som støtte i læringa.