29
okt

Leselyst med dei minste,ei møterekke – Litterære opplevingar for alle

Tirsdag 29. oktober 2024, at 09:00 – 09:30
Påmelding gir deg tilgang til sendingane via link i e-post.

Arrangør: Formidling i folkebibliotek (Fif) – satsingsområdet lesing for dei minste

Korleis formidle til alle barn, uavhengig av kven dei er og kva behov dei har?

Med utgangspunkt i erfaringane frå prosjektet «Bok til alle fysisk og digitalt» fortel bibliotekar Ellen Marit Schjerverud ved Horten bibliotek, og rådgivar Aase Wivestad i Vestfold fylkeskommune, om korleis ein kan legge til rette for alle i bibliotekrommet ved hjelp av kommunikasjonsmetoden alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Prosjektet er grunnlaget for leksjonen «Litterære opplevelser for alle barn» i læringsressursen «Leselyst med dei minste». Der kan du lære meir om ASK og korleis du kan bruke ASK i formidling i bibliotek og barnehage.

Utgangspunktet for læringsressursen er samarbeid mellom bibliotek og andre aktørar for å nå ut med lesing og leseglede til dei yngste barna og deira næraste. Ressursen er utvikla som del av prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek».

Om møterekka

Møterekka presenterer eit tema fire tysdagar på frå 09.00-09.30. Leksjonane blir presentert av forfattarane av ressursen. Påmelding gjeld for heile møterekka.

Nokre fylke arrangerer digitale samlingar for sine kommunar om tema i etterkant av dei ulike webinara. Sjekk kalenderen på ditt fylkesbibliotek for å melde di interesse.

Gå direkte til leksjonen i læringsressurser som handlar om Litterære opplevingar for alle:

Fotografi ovenfra av tre barn som bruker symboltavler.

Bli kjent med ASK-formidling

Det er Vestland fylkesbibliotek som har leia ressursgruppa og utvikla læringsressursen saman med Viken fylkesbibliotek, Vestfold og Telemark fylkesbibliotek, Trøndelag fylkesbibliotek, Nordland fylkesbibliotek, Siri Larsen ved Deichman bibliotek og Sigrun Feiring ved Forenigen !les. Satsinga er del av prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek» og er støtta med midlar frå Nasjonalbiblioteket og Foreningen !Les.

Spørsmål kan rettast til Astrid Sundset Moe ved Vestland fylkeskommune, avdeling for bibliotekutvikling.