5
nov

Leselyst med dei minste – ei møterekke: Bok i bruk i barnehagen/Lesefrø

Tirsdag 5. november 2024, at 09:00 – 09:30
Påmelding gir deg tilgang til sendingane via link i e-post.

Arrangør: Formidling i folkebibliotek (Fif) – satsingsområdet lesing for dei minste

Bok i bruk i barnehagen handlar om korleis biblioteket kan bidra til å løfte og støtte opp om, tidleg start med lesing og ein aktiv lesekultur i barnehagen. Leksjonen byggjar på erfaringar frå Lesefrø ved Deichman i Oslo og ein ide om at barnehage og bibliotek har felles mål og oppdrag når det gjeld litteraturformidling til dei yngste, og at dei kan lære av kvarandre gjennom samarbeid på tvers.


Siri Larsen, prosjektleiar for Lesefrø i Deichman, delar erfaringar frå Lesefrø i Oslo. Astrid Sundset Moe, rådgjevar ved Vestland fylkeskommune, bidreg med erfaring frå møte med barnehagetilsette/styrarar.

Utgangspunktet for læringsressursen er samarbeid mellom bibliotek og andre aktørar for å nå ut med lesing og leseglede til dei yngste barna og deira næraste. Ressursen er utvikla som del av prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek».

Om møterekkka

Møterekka presenterer eit tema frå læringsressursen fire tysdagar på frå 09.00-09.30. Leksjonane blir presentert av forfattarane av ressursen. Påmelding gjeld for heile møterekka.

Nokre fylke arrangerer digitale samlingar for sine kommunar om tema i etterkant av dei ulike webinara. Sjekk kalenderen på ditt fylkesbibliotek for å melde di interesse.

Gå direkte til leksjonen i læringsressurser som handlar om Bok i bruk i barnehagen:

Bli kjent med Bok i bruk i barnehagen

Det er Vestland fylkesbibliotek som har leia ressursgruppa og utvikla læringsressursen saman med Viken fylkesbibliotek, Vestfold og Telemark fylkesbibliotek, Trøndelag fylkesbibliotek, Nordland fylkesbibliotek, Siri Larsen ved Deichman bibliotek og Sigrun Feiring ved Forenigen !les. Satsinga er del av prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek» og er støtta med midlar frå Nasjonalbiblioteket og Foreningen !Les.

Spørsmål kan rettast til Astrid Sundset Moe ved Vestland fylkeskommune, avdeling for bibliotekutvikling.