Digitalt påfyll: Kva seier forskinga om høgtlesing med dei yngste?
Professor Trude Hoel vil presentere forskingsbasert kunnskap om betydninga av høgtlesing med dei yngste barna.
Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger, og er del av barnehageforskingssenteret FILIORUM sitt leiarteam. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna barns forteljingar, tilrettelegging av språk- og leseaktivitetar, og lesing og implikasjonar av digitalisering. Hoel samarbeider med praksisfeltet, offentleg sektor og næringslivet i fleire utviklings- og forskingsprosjekt, til dømes i kompetanse- og samarbeidsprosjektet SPrELL, der ho er prosjektleiar.
Arrangementet vil fungere som eit avspark for ei digital møterekke om leksjonane i læringsressursen Leselyst med dei minste. I denne samanheng kan leksjon 2 om betydinga av lesing og korleis lese med dei yngste vere relevante.
For meir informasjon og påmelding til møterekka, sjå eige arrangement på bibliotekutvikling.no.
Digitalt påfyll er del av det nasjonale samarbeidsprosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF). Deltaking krev påmelding, og du får tilsendt ei unik lenke. Påfylla kan du sjå i opptak på Bibliotekutvikling.no.