Ei planlagt lesestund i sju steg

I første del av leksjonen har vi henta inn ekspertise frå Agnes-Margrethe Bjorvand, førstelektor ved Universitetet i Agder, formidlar og forfattar. Med utgangspunkt i sju spørsmål gir ho oss ein god guide til kva som skal til for å planlegge og gjennomføre ei lesestund. Så enkelt kan det gjerast! Her er det smarte tips å ta med seg i planlegginga av eigen lesestund.

Refleksjon over eigen praksis

  • Bjorvand skildrar alle steg i planlegginga av ei høgtlesingsstund. Kva steg kan du ha nytte av å bruke meir tid eller sette meir fokus på når du planlegg eigne lesestunder?
  • Korleis kan du førebu barna på det de skal lese?
  • Tilsette i barnehage og bibliotek har ulike føresetnader når det gjeld kjennskap til barna. Korleis påverkar det førebuinga til lesestunda? Korleis brukar du det du veit når du planlegg ei lesestund?
  • Korleis kan val av bok og/eller kjennskap til barna påverke gjennomføringa av den planlagde lesestunda?