Å bade barna i bøker inneberer særleg to element som biblioteket kan bidra med: Tilgang til bøker og kunnskap om korleis plassere bøkene for å stimulere til bruk. Altså kan biblioteket låne ut bøker til eit barnehagebibliotek og rådgje om plassering med tanke på bruk.
Kva er eit barnehagebibliotek? Tradisjonelt og historisk er bibliotek ein stad for vaksne si læring og kunnskapsutvikling og ein fysisk avgrensa lokasjon. Det passar ikkje barnehagen sin måte å lese og bruke bøker på (Krogstad, 2017, s. 86). Eit barnehagebibliotek, foreslår Hadland og Hjellup, bør vere heile barnehagen (2022, s. 19). Sentralt i ein slik tankegang er bokspreiing: altså at bøker er synleg og tilgjengeleg for barn og vaksne i alle rom i barnehagen.
Bøker må vere tilgjengleg
At bøker er i bruk føreset at dei er tilgjengelege, og helst gjenom eit variert og visst utval bøker. Dei aller fleste barnehagar har ei boksamling, men den varierer nok i storleik og kvalitet. At biblioteket tilbyr barnehagen å låne eit utval bøker kan derfor vere eit verdifullt supplement til deira eiga boksamling.
At biblioteket bidreg med bøker gir barn og vaksne i barnehagen høve til å bli kjent med nye bøker og forteljingar. God merking av bøkene frå biblioteket vil gjere det mogleg å blande bokstammen til barnehagen og biblioteket sine utlånte bøker.
Finn dei rette bøkene
Bibliotekarar er gode til å finne fram til eigna bøker utifrå alder, lesenivå og tema – t.d. ved leseprosjekt. Medan dei barnehagetilsette har god kjennskap til barna, har barnebibliotekaren betre oversikt over kva bøker som finst. Med god dialog mellom bibliotekar og barnehagetilsette kan ein få bokpakkar som både vekker nysgjerrigheit i barnegruppa og aukar sjansen for å treffe det enkelte barnet og gi leselyst.
Plassering av bøker
Plassering av bøker er noko alle bibliotekarar arbeider mykje med og er medviten. Slik er det ikkje nødvendigvis for dei tilsette i barnehagen, og dei treng kunnskap om korleis gjere bøker tilgjengeleg. Barn er i ulik grad vant til bøker heimefrå, og derfor må bøkene vere til stade overalt i barnehagen der barna ferdast. Det inviterer til bruk og at boka vert ein naturleg del av leik og leseaktivitet som smittar både barn og vaksne.
Fronting av bøker i barnehøgde: At bøkene er tilgjengelege for barna er viktig fordi lesing må skje på barnas premiss, det vil seie at dei må vere synlege og innan rekkevidde for barneauge og barnehender. Det hjelper ikkje å ha bøker i barnehagen om dei blir ståande høgt på nokre hyller eller i eit lite brukt rom. Bruk vindaugekarmar, låge hyller og bokkassar.
Bøker i alle rom: Set bøker i garderoben, i lesekroken og på «leikerommet», ute, i tursekken, på kjøkkenet, i dokøa osv.
Strategisk plassering av bøker: Overgangssoner og ventesoner er kanskje spesielt godt eigna til plassering og aktivitet med bøker. I følgje Krogstad tyder mykje på at det kan lønne seg å gjere lesekroken til ein del av ein trafikkert sone som fellesareal og aktivitetsrom (Krogstad, 2017, s. 86). Å ha alle bøkene på eit eige leserom kan føre til at barna føler seg isolert frå det sosiale livet i barnehagen. Barn bør i staden sjølv få velje om dei vil sitje i ein rolegare lesekrok eller gøyme seg bort for å lese, heller enn å bli plassert bort for å drive leseaktivitet.
For å sørge for at bøkene alltid er tilgjengeleg for barna har Deichman bibliotek i Lesefrø-prosjektet fjerna erstatningskravet på bøker om dei blir øydelagde eller går tapt i barnhagen. Det er for å unngå at bøker blir plassert utanfor barns rekkevidde.
Det viktigaste i tillegg til at bøkene må vere tilgjengeleg, er at dei må bli brukt av både barn og vaksne. Dei vaksne må bli inspirerte til å bruke barnelitteraturen på stadig nye måtar slik at dei sjølv blir smitta av barna sin iver. Dette er lettare å få til når bøkene er i synsfeltet heile tida.
Stopp og tenk
Kva er di erfaring med tilgjengeleggjering/plassering av bøker til dei minste?
Har du fleire tips og triks du kan dele med barnehagen?