Konflikthandtering – Malar

Under har vi samla malar som er utarbeidd eller samla inn i løpet av prosjektet. Desse kan de fritt bruke og tilpasse etter ønske. De kan laste ned innhaldet i wordformat.

Innhald

Ordensreglement/kontrakter

Oversett gjerne reglementet til fleire språk dersom det er hensiktsmessig. Kanskje kan ein opprette samarbeid med språkopplæringa og introduksjonsprogrammet i kommunane for hjelp med oversettinga. Dette er fin språktrening og samtidig ei opplæring i bruk av biblioteket. I tillegg vil dei som bidreg føle seg nyttige.

Brev

Her er eksempel på informasjonsskriv som kan sendast til skular. Du kan og bruke det som utgangspunkt for brev til barnehagar.

Prosedyrer og kontaktliste

Alle bibliotek må ha prosedyrer for truande situasjonar. I slike tilfelle kan det vere avgjerande at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap til å handle raskt. Prosedyrene må vise kven som skal utføre kva handlingar, korleis ein skal handtere situasjonen og kor ein kan henvende seg for hjelp. Alle tilsette må vere kjent med prosedyrene på sin arbeidsplass og vere kjent med kor dei kan finne dei. Evakueringsrutinane må vere synlege for brukarane.

Prosedyrane bør vere lett tilgjengeleg, både elektronisk og fysisk. Dei bør reviderast ein gong i året, og gjennomgåast årleg, gjerne i samband med brannøvingar.

Under er eit eksempel på ei kontaktliste som bør vere lett tilgjengeleg for dei tilsette.

ROS-analyse

ROS analyse står for risiko- og sårbarhetsanalyse. Ved å kartlegge sannsynlighet og konsekvensar av uønska hendingar, kan ein prioritere riskikoområde og planlegge tiltak som hindrer at hendingane oppstår eller redusere konsekvensen dersom dei skulle oppstå.

Kvifor risikoanalyse?

  • For å oppfylle lover og forskrifter som stiller krav om gjennomføring av risikoanalyse, både i høve til beredskap og kartlegging av behov for forbedring.
  • For å styrke organisasjonen si risikostyring, det betyr å identifisere og analysere risiko.
  • For å bevisstgjere dei tilsette om risiko og sårbarheit i eigen organisasjon og motivere for nødvendig endring og forbetring.
  • For å vurdere om ny teknologi eller teknikkar skal benyttast, i høve til både tekniske og menneskelege faktorar.
  • For å redusere uønska hendingar, dersom den følgast opp av konkrete forebyggande tiltak

Beredskapsplan

Ei beredskapsplan er ei enkel plan som bekriv kva som må gjerast i ulike krisesituasjonar. Den skal beskrive både tiltak og ansvarlege ved hendingar kor det er behov for krisehandtering . Forskrift om kommunal beredskapsplikt seier: “Kommunen skal jobbe systematisk og helhetlig med samfunnssikkerhetsarbeidet på tvers av sektorer i kommunen, med sikte på å redusere risiko for tap av liv eller skade på helse, miljø og materielle verdier”. For at beredskapsplana  skal vere tilpassa også biblioteka sin art, risiko, storleik og kompleksitet, er det viktig at biblioteka tek ansvar og blir ein del av dette arbeidet. Vi anbefalar derfor at de tek kontakt med dei som arbeider med dette i din kommune, slik at også biblioteket blir kobla på dette arbeidet.