Leselyst med dei minste – ei møterekke om ressursen – Tøyveskebiblioteket
Arrangør: Formidling i folkebibliotek (Fif) – satsingsområdet lesing for dei minste
Tøyveskebiblioteket Les med meg! er eit enkelt og effektivt tiltak som gjer bøker lett tilgjengeleg for barnefamiliar i kvardagen. Målet er å stimulere til meir høgtlesing i heimen gjennom samarbeid mellom barnehage og bibliotek.
Bli betre kjent med tøyveskebiblioteket når Veronica Mørch, spesialbibliotekar ved Nordland fylkesbibliotek og Malin Kvam, seniorrådgivar ved Trøndelag fylkesbibliotek presenterer det.
Leksjonen i læringsressursen «Leselyst med dei minste» bygger på Nordland fylkesbibliotek sitt konsept Tøyveskebiblioteket Les høyt!, og Trøndelag fylkesbiblioteks Berenettbiblioteket Les for meg!.
Utgangspunktet for læringsressursen er systematisk samarbeid mellom bibliotek og andre aktørar for å nå ut med lesing og leseglede til dei yngste barna og deira næraste. Ressursen er utvikla som del av prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek».
Om møterekka
Møterekka presenterer eit tema frå læringsressursen fire tysdagar på frå 09.00-09.30. Leksjonane blir presentert av forfattarane av ressursen. Påmelding gjeld for heile møterekka.
Nokre fylka arrangerer digitale samlingar for sine kommunar om tema i etterkant av dei ulike webinara. Sjekk kalenderen på ditt fylkesbibliotek for å melde di interesse.
Les meit i leksjonen i læringsressursen som handlar om Tøyveskebiblioteket:
Det er Vestland fylkesbibliotek som har leia ressursgruppa og utvikla læringsressursen saman med Viken fylkesbibliotek, Vestfold og Telemark fylkesbibliotek, Trøndelag fylkesbibliotek, Nordland fylkesbibliotek, Siri Larsen ved Deichman bibliotek og Sigrun Feiring ved Forenigen !les. Satsinga er del av prosjektet «Formidlingskompetanse i folkebibliotek» og er støtta med midlar frå Nasjonalbiblioteket og Foreningen !Les.
Spørsmål kan rettast til Astrid Sundset Moe ved Vestland fylkeskommune, eining for bibliotekutvikling.