Biblioteket som pådrivar

Å drive fram leselysta i befolkninga og auke kunnskapen om lesinga si tyding for eit godt og likeverdig liv for alle, er ei stor samfunnsoppgåve. Som bibliotek er vi med å ta ansvar – men vi har verken ressursar eller kapasitet til å løfte denne oppgåva åleine. Vi treng at fleire bidreg med det dei kan og vil om vi skal lukkast og få gjennomslag.

Å styrke laget rundt barna

Biblioteket sitt lesefremjande oppdrag vert delt med mange andre. Føresette, vaksne som jobbar i oppvekst og helse, foreiningar, organisasjonar og mange andre aktørar arbeider dagleg med å støtte barna si lesing. Sjølv om måla overlappar på fleire område, er ikkje biblioteka alltid ein medrekna samarbeidspartnar. Men kanskje gjeld det også motsett? Som eit fristilt bindeledd mellom kommunale aktørar ut mot barna og dei vaksne omkring dei, er biblioteka i god posisjon som eit nav i det lesefremjande oppdraget.

Same mål – ulik tilnærming

Både folkebiblioteket, helsestasjonen og barnehagen har mål om å nå ut til familiar og støtte barna si utvikling. Profesjonane byggjer på ulike kunnskapstradisjonar og ser ulikt på utfordringane vi står overfor. Ulikt ansvarsområde, oppdrag og fagleg tilnærming kan kjennast som barrierar – men er også ein styrke når vi samarbeider. Vi ser ikkje det same, sjølv om vi ser på det same.

Å auke involvering

Samarbeid handlar ikkje berre om å gi – det handlar like mykje om å lære og utvikle seg saman. Her er nokre måtar biblioteket kan bidra på, og kva det kan få igjen:

Kva biblioteket kan bidra med:

  • styrke den felles forståinga av lesinga sin verdi hos fagkollegaer i kommunen – til dømes ved å halde eit kort innlegg på ein fagdag i barnehagen om kva forsking seier om høgtlesing
  • tilby idear, bokkunnskap og metodar som støttar barnehagen sitt eige arbeid med lesekultur – til dømes ved å tilgjengeleggjere litteratur gjennom bokpakkar og utlån, eller vere ein fagleg ressurs for tilsette som vil utvikle eigen formidlingspraksis
  • bidra med eit perspektiv på lesing som oppleving og formidlingsglede – der møtet med litteratur er verdifullt i seg sjølv, utan at det må grunngjevast med eit konkret læringsmål
  • bidra til at vaksne rundt barna møter ein felles bodskap om lesing på fleire arenaer – til dømes ved å ta del i tverrfaglege samarbeidsfora der bibliotek, helsestasjon og barnehage saman koordinerer kva dei formidlar til foreldre om tidleg lesing
  • gjere terskelen lågare for at fleire vaksne vert tryggare i rolla si som leseførebilete – til dømes ved å vise konkret korleis ein les høgt, stiller opne spørsmål og samtaler om bøker med dei aller minste

Kva biblioteket kan få ved å involvere andre:

  • innsikt i kva som faktisk fungerer i kvardagen med barna, og kva andre fagprofesjonar vektlegg – kunnskap biblioteket kan bruke til å forme og utvikle eige tilbod
  • tilgang til målgrupper som ikkje oppsøker biblioteket – til dømes familiar som møter helsestasjonen eller barnehagen jamleg, men som ikkje ser biblioteket som relevant for dei
  • større legitimitet og slagkraft – bodskapen om lesing når lenger og vert teken meir på alvor når fleire profesjonar formidlar han saman

Samarbeid gir biblioteket ein sterkare posisjon – ikkje fordi vi treng andre for å legitimere oss, men fordi fleire stemmer saman når lenger.

Å setje ord på det vi kan

Å vere medviten om eigen praksis er første steg i vidareutvikling. Like viktig er det å kunne setje ord på eigen kompetanse i møte med andre vaksne og andre profesjonar. Det utviklar eit fagleg medvit – ein avgjerande ferdigheit for å handle kunnskapsbasert og treffe godt med tiltaka ein set i gang.

Stopp og tenk:

  • Kven i kommunen din jobbar mot dei same måla som biblioteket, men frå ein annan ståstad?
  • Har du gjort ein interessentanalyse for å kartlegge kven som er interessenter i ei satsing på leselyst med dei yngste?
  • Kva barrierar møter du i arbeid med samarbeid – og kva moglegheiter ser du?