Rothaugen tar over

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Bergen bibliotek
Prosjektkategori:FNs bærekraftsmål og bibliotek, Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:350 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2023, 2024

Søknad

Rapporter

Mål

Utvide forståing for kva bibliotek og skulebibliotek kan vere, og bruke denne forståinga til å vidareutvikle begge formar for ungdomsbibliotek.
Utforske ein ny form for drift av ungdomsavdelingar og samskaping med skular.
Auke aktiviteten og vidareutvikle Urom (ungdomsavdelinga på hovudbiblioteket) som ein demokratisk arena for kultur, kunnskap og berekraft i ulike formar.
Ungdommar med positivt eigarskap til Urom og Bærekraftslaben, samt kunnskap om korleis ungdommane kan innverke på, og ta i bruk tilbodet.

Beskrivelse

Bergen Offentlige Bibliotek si ungdomsavdeling Urom sto ferdig i 2014 og vart laga i samarbeid med studentar frå BAS og ungdommar tilsett for å utvikle bibliotektilbodet. I seinare tid har ungdom mista mykje av eigarskapen til rommet. Biblioteket ønsker å revitalisere Urom slik at dagens ungdom kan utvikle ny eigarskap til rommet, og gjennom dette legge til rette for at ungdom i Bergenhus bydel og resten av kommunen kan ta det meir i bruk.
På grunn av renovering flyttar Rothaugen skole deler av undervisninga til hovudbiblioteket i Bergen sitt nabobygg, Strømgaten 4, i skuleåret 23/24. Rothaugen skole er den einaste ungdomsskulen i Bergenhus bydel, altså er nesten alle ungdommar mellom 12 og 16 år i bydelen samla på denne skulen. Nærleiken til hovudbiblioteket opnar for nytt samarbeid og utforsking av rolla eit skulebibliotek kan ha.
I dette prosjektet vil vi at dei sju parallellane på niande trinn tek over Urom for skuleåret 2023/24. Kvar gruppe jobbar med eit delprosjekt der dei skal fylle ungdomsbiblioteket med aktivitet, arrangement og utstillingar.
Då dette er eit samarbeidsprosjekt med skulebibliotek der skulen brukar av elevane si undervisningstid, vil prosjekta ta utgangspunkt i fagfornyelsen sine tverrfaglege tema.
• Demokrati og medborgarskap
• Folkehelse og livsmeistring
• Berekraftig utvikling
Desse overlappar med FN sine berekraftsmål og biblioteket sitt samfunnsoppdrag.
Det elevane har med seg frå prosjekta frå ungdomsbiblioteket, vil skulen ta aktivt i bruk i si vidareutvikling av skulebiblioteket på Rothaugen. Skulen skal ha spesielt fokus på denne vidareutviklinga hausten 2024 når desse elevane går på tiande trinn.
Når vi startar prosjektperioden på Urom, vil ungdommane få innverke på kva tema dei skal jobbe med og i kva form dei skal gjere det. Det gir moglegheiter for å ta utgangspunkt i fleire fag når dei riggar sine delprosjekt. Dei skal formidle litteratur, kultur og kunnskap til elevane på eige trinn og trinnet under gjennom arrangement og utstillingar, og at dei gjennom sine prosjekt og den avsluttande verkstaden skal medverke i vidareutviklinga av Urom som ein trygg og relevant arena for byen sine ungdommar.
Urom vil vere basen for prosjektet, men dei får også høve til å nytte Bærekraftslabben i sine prosjekt og fasilitetar. Labben er konstruert for at befolkninga skal kunne tileigne seg kunnskap og ferdigheiter knytt til FNs berekraftsmål. Her vil dei kunne nytte studio for medieproduksjon, tekstilstudio med symaskiner, verkstader med mellom anna 3d-printarar, folieskjerar og anna verktøy.
Tilgangen til teknologi, utstyr og opplæring vil utvide moglegheitene for delprosjekta.
Instagramkontoen Urombergen brukast til å dokumentere prosjekta.
Eksempel på tiltak og arrangement er: Forfattarsamtalar ved bruk av metoden for barnebokbad, debattar med f.eks representantar frå ungdomsorganisasjonar, verkstader om mediebruk og kildekritikk, podcaster, utstillingar eller andre installasjonar i rommet knytt til prosjekta, dialogkafè, quiz, escaperoom, teinkeserieskaping, litteraturformidling i rommet og på sosiale media.
Honorar til eksterne aktørar kan brukast til eksempel ein forfattarsamtale, ein debatt eller ein verkstad som fungerer som ein kick off for gruppa sitt delprosjekt. Biblioteket har også kompetanse til å halde fleire typar verkstader, mellom anna i Barnebokbad som fungerer godt på ungdomstrinnet.

Etterspel: ungdommens agora

Agora er eit gresk ord for torg, eit midtpunkt for handel og det politiske liv. Ein agora er eit potensiale, det avgjerande er det befolkninga vel å fylle den med. Urom som agora må spegle det dei som er unge akkurat no engasjerer seg i. Ein stad for samhandling, utforsking av idear og metodar for læring.

På Urom ligg mesteparten av det det fysiske rommet godt til rette for ulike formar for aktivitet og utrykk, medan andre deler har opnare bruksområde i dag og kan redefinerast.

Fysisk kan vi konstruere mobile moduler som kan nyttast til å skape rom, eller vere oppslagstavler eller talarstolar. Det er i dag et amfi i rommet som gir moglegheiter for en rekke former for kommunikasjon, deling, og iscenesettingar. Med andre ord ein stad for å utforske ulike formar for utvikling og samskaping.

Våre ungdommar vil når prosjektet er ferdig, ha utforska ein del av potensialet i eit rom som Urom gjennom sine prosjekt.

For å sørge for at utviklinga er berekraftig vil vi invitere til ein avsluttande verkstad. Kvar gruppe vel to ambassadørar som skal formidle gruppa sine tankar om prosjektet dei har gjennomført og korleis vi i lag kan bygge Urom og skulebiblioteket vidare på deira bidrag.

Erfaringane blir vidareformidla og dokumentert gjennom instagramkontoen urombergen, til nytte og inspirasjon for andre bibliotek og skulebibliotek.

Potensielle samarbeidspartnarar, foredragshaldarar etc: Natur og ungdom, Tenk, ubok.no, lær kidsa koding, AKKS, CISV, DNT ung, 4H, Skeiv ungdom, Mental helse ungdom, Nordnes verksteder. Forfattarar: Bjørn Sortland, Neda Alaei, Anne Gunn Halvorsen, Jan Tore Noreng, Hilde Myklebust, Marte Mittet, Alexander Kielland Krag, Brynjulf Jung Tjønn,