Herr Kurz i biblioteket
Søknad
Rapporter
Andre filressurser
Mål
HOVUDMÅL
Gjennom prosjektet skal dei deltakande folkebiblioteka vidareutvikle seg som profesjonelle formidlarar og arrangørar for i større grad å kunne møte forventningane som ligg i den reviderte biblioteklova.
DELMÅL
Å utvikle ny kunnskap om formidlingsmetodar og om biblioteket som formidlingsarena
Å vidareutvikle samarbeidet mellom biblioteka og å etablere samarbeid med andre kulturinstitusjonar (teaterfeltet)
Å vise kunstuttrykk av høg kvalitet i biblioteka
Å løfte fram den lokale litteraturen
Å synleggjere biblioteka og å profesjonalisere marknadsføringa
Å gjere systematisk evaluering av arrangement i bibliotek
Beskrivelse
OM PROSJEKTET
Folkebibliotek i Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Aldateateret og Sogn og Fjordane Teater syne teaterstykket «Herr Kurz og damene». Fylkesbiblioteket leier prosjektet, og Aldateateret er teknisk produsent. Sogn og Fjordane Teater står, saman med Aldateateret, for den teaterfaglege kompetansen i prosjektet, og bidreg også økonomisk.
Målet er profesjonalisering: å vidareutvikle kunnskap om formidling og arrangement, og å nytte ut biblioteket som møteplass og formidlingsarena. Vi ynskjer å heve kompetansen på planlegging, gjennomføring og evaluering av denne typen arrangement, og å sjå på korleis biblioteket kan synleggjerast som arena og arrangør. Eit sentralt mål er òg å etablere samarbeid på tvers av institusjonsgrenser og å byggje tettare nettverk mellom biblioteka.
Teaterstykket «Herr Kurz og damene» handlar om forfattaren og kunstmålaren Karl Friedrich Kurz, som budde i Vårdal i Askvoll, Sogn og Fjordane, det meste av sitt vaksne liv. Kurz gav ut ei rekkje bøker, og var ein anerkjend og svært populær forfattar i det tyske språkområdet. Bøkene hans er ofte prega av inntrykka frå det norske landskapet og bygdemiljøet. Éi bok, Herren vom Fjord (Herskap ved fjorden), er omsett av Rolf Losnegård og Heidi Helle og utgitt på Skald Forlag i 2002. Dramatikar Rolf Losnegård har skrive manus til teaterstykket, og skodespelarane Idun Losnegård og Kyrre Eikaas Ottersen ved Aldateateret/Sogn og Fjordane Teater spelar alle rollene i stykket. Stykket hadde premiere våren 2014.
BAKGRUNN
Etter revisjonen av biblioteklova i 2013 er det behov for sterkare satsing på arrangementsutvikling i folkebiblioteka. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har som mål å støtte opp om folkebiblioteka sitt arbeid med å utvikle seg som profesjonelle formidlarar og arrangørar. Prosjektet «Herr Kurz i biblioteket – teater- og biblioteksamarbeid i Sogn og Fjordane» er eit ledd i dette arbeidet. Gjennom samarbeid med teater og skodespelarar skal folkebibliotek i Sogn og Fjordane vidareutvikle eigen formidlingskompetanse og synleggjere biblioteket som arrangør. Teaterstykket har lokal forankring, og eitt av måla vil difor også vere å løfte fram den lokale litteraturen.
Sogn og Fjordane har mange små kommunar. To tredelar av folkebiblioteka har mindre enn to årsverk. Kompetanseheving vert dermed ei utfordring – både med omsyn til økonomi og personalressurs til oppgåver utover den daglege drifta. Det er stort behov for samordna tiltak som kan hjelpe biblioteka i arbeidet med å utvikle seg.
Samstundes er synleggjering ei utfordring for mange av dei små folkebiblioteka. Dei vert for anonyme, og opplever at det er vanskeleg å nå ut med informasjon om tilboda sine. At mange bibliotek har så få tilsette, gjer ikkje situasjonen lettare. Å få hjelp til å styrkje marknadsføringa er eit uttrykt ønske frå biblioteka.
GJENNOMFØRING
Det vil vere rom for at 15 bibliotek kan delta i prosjektet innanfor den økonomiske ramma som er skissert. Alle folkebiblioteka i fylket vil få tilbod om framsyninga, og vi vil imøtekome ønske så langt råd er innanfor prosjektets ramme.
I opplegget ligg at biblioteka deltek på førebuande seminar før turneen startar. Tema vil vere formidling, arrangementsutvikling og marknadsføring. I etterkant av turneen vert det ei ny samling, der bibliotek og teater i samarbeid evaluerer prosjektet. Fylkesbiblioteket har ansvar for samlingane i samarbeid med Aldateateret og Sogn og Fjordane Teater. Dei deltakande biblioteka forpliktar seg til dele erfaringane sine, t.d. på konferansar eller i andre aktuelle fora og via nettsider og Facebook.
Der det ligg til rette for det, skal framsyningane visast i biblioteklokala. Her skal sjølve biblioteklokalet synleggjerast som formidlingsarena. I nokre av kommunane vil andre lokale vere meir aktuelle som spelestader. Her vil eit viktig mål vere å kome ut med bibliotektilbodet, å synleggjere biblioteket som arrangør utanfor biblioteklokalet.
I samband med teaterframsyningane vil biblioteka formidle samlingane sine aktivt. Det vil vere aktuelt å ha utstillingar av lokal litteratur i teaterlokala, anten det er i sjølve biblioteklokalet eller på annan spelestad. I tillegg vil biblioteka formidle digitalt, via eigen nettstad eller på Facebook. I denne samanhengen er det også viktig å vise til lokal litteratur i bokhylla.no og å informere om Fjognedok, fylkesbiblioteket sin bibliografiske database over lokal litteratur i Sogn og Fjordane. Fylkesbiblioteket er dessutan, i samarbeid med Nordland fylkesbibliotek, i gang med prosjektet «Lettare litteraturnett», der eit sentralt mål er å synleggjere ressursane som ligg i den lokale og regionale litteraturen. Dei to prosjekta, «Lettare litteraturnett» og «Herr Kurz i biblioteket – teater- og biblioteksamarbeid i Sogn og Fjordane» er begge ledd i ei omfattande satsing på formidling av litteratur, særleg den nynorske litteraturen, i fylket.
FORANKRING
Prosjektet «Herr Kurz i biblioteket – teater- og biblioteksamarbeid i Sogn og Fjordane» er forankra i Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011-2014, der formidling, kompetanseheving og samarbeid er sentrale satsingsområde (http://fylkesbib.sfj.no/sites/fylkesbib.sfj.no/files/5/vedlegg/bibliotekplan_web.pdf). Formidlingskompetanse er også eitt av områda som er prioriterte i sak 37/14 Kompetanseutvikling i biblioteka i Sogn og Fjordane, vedteken i Hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane 17.06.14 (http://www.sfj.no/sff/K2PUB.nsf/viewAttachments/C1256B3B0048DA1DC1257CF4003E9151!opendocument&frame=yes). Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har satsa på å styrkje biblioteka sin kompetanse på formidling med ei rekkje tiltak dei siste åra, ikkje minst i samband med prosjektet «Saman for framtida». Under arbeidet med dette prosjektet har folkebiblioteka peika ut samarbeid om formidling som eit prioritert område.
Opplegga for kompetanseheving knytt til teaterturneen vil tilføre biblioteka ny og verdifull kunnskap. Med den systematiske evalueringa det er lagt opp til, vil erfaringane frå prosjektet kunne overførast til andre kommunar og fylke på ein god måte. Ei rekkje folkebibliotek kring om i landet vil ha tilsvarande utfordringar når det gjeld eigne ressursar og kompetanse som dei deltakande biblioteka, og vil såleis kunne ha nytte av erfaringane frå prosjektet.