Lesarsørvis – eit felles språk for å strukturera og profesjonalisera rolla vår som formidlarar
Søknad
Tilleggsinformasjon
Mål
Dei siste åra har Lesersørvis som formidlingsmetode blitt omsett frå engelsk og tilpassa norske høve. Me ynskjer gjennom eit halvår å lære alle tilsette i biblioteka i Voss å bruke denne metoden til formidling. Eit tydeleg mål er at me gjennom å ta i bruk metoden for å strukturera og profesjonalisera rolla vår som formidlarar.
Konkrete mål i prosjektet:
– Auka tal på formidlingstiltak. Hentar tal frå eiga statistikkføring.
– Auka tal på lånarar. Hentar ut tal frå biblioteksystem, samanliknar med same periode føregåande år.
– Auka tal på utlån av bøker/ medier me formidler. Måler dette med å hente ut statistikk frå biblioteksystemet.
Beskrivelse
Voss bibliotek ynskjer og har som mål å være nytenkjande i korleis me skal drive aktiv formidling. Me vil gjere dette gjennom å ta i bruk metoden Lesersørvis som vil gje oss eit felles språk og omgrepsapparat. Metoden vil me bruke i all vår formidling for å betre nå fram til alle.
Me knyter prosjektet til Kulturplan for Voss kommune 2015 – 2025 med målet: Biblioteket skal driva aktiv litteratur og kulturformidling og tiltaket: Gje gode leseopplevingar, fremja leselyst og lesedugleik.
Me knyter også prosjektet til den nasjonale bibliotekstrategien: «Målet er videre at folkebibliotek skal bygge erfaringer, kompetanse og teste ut nye metoder for formidling, som på sikt kan inngå i bibliotekenes daglige drift. I et langsiktig perspektiv skal aktiv formidling av bibliotekenes innhold bidra til å styrke bibliotekene som folkeopplysnings- og dannelsesinstitusjoner, samt nå ut til nye brukere.»
Dei siste åra har Lesersørvis som formidlingsmetode blitt omsett frå engelsk og tilpassa norske høve. Me ynskjer gjennom eit halvår å lære alle tilsette i biblioteka i Voss å bruke denne metoden til formidling. Eit tydeleg mål er at me gjennom å ta i bruk metoden for å strukturera og profesjonalisera rolla vår som formidlarar.
Å lære seg, utvikle og ta i bruk nye metodar er ressurskrevjande. Støtte frå Bibliotekutvikling vil gjere det mogeleg for oss å sette inn vikar slik at det blir opning for at bibliotektilsette får arbeide med dette utviklingsarbeidet i fellesskap.
Og når me her seier formidling, så meiner me all formidling. Både ein-til-ein møte med biblioteksbesøkande, i formidling til grupper, barnehageborn og skuleelevar. Og i all digital formidling på heimesider, i sosiale medier og i podkasten vår. Ein viktig del av prosjektet vil også vere å nå ut til dei me ikkje når ut til i dag.
Me deler inn prosjektet i ulike fasar:
Første fase – Læring
Me set av tid og frikjøper alt personale ein time i veka i 12 veker der me saman arbeider og lærer metoden, med kurs og praktiske øvingar. Me arrangerer også eit halvdagsseminar/arbeidsmøte der me inviterer ressurspersonar som har arbeidd med metoden til å dele erfaringar og tips via teams.
Andre fase – Praksis
Lesersørvis har no blitt vårt verktøy, vår måte å snakke om innhaldet i samlingane våre på. Me vil i denne fasen bruke den aktivt til å formidle til dei som allereie brukar biblioteket, er innom heimesidene våre, følgjer oss i sosiale media eller lyttar til podkasten. Me arbeider saman om å bruke metoden til å lage innhald til digitale plattformar.
Tredje fase – Utettervend
I denne fasen skal me bruke metoden til å nå dei som ikkje kjenner oss. Her vil bibliotektilsette samarbeide med og oppsøke lokale verksemder/organisasjonar og drive formidling til tilsette, til dømes som ein oppsøkande litterær lunsj. Me har som mål at me skal ha tre slike i løpet av prosjektperioden. Me vil også lansere ei vekentleg/månadleg spalte i lokalavisa, her vil me ha som mål å lage fem spalter i løpet av prosjektperioden. I tillegg vil me lage ein flygebrevkampanje med qr-kode til eit digitalt nyhendebrev der me nyttar Lesersørvis som metode til å formidle innhaldet i samlingane våre.
Plan for vidareføring av prosjektet etter endt prosjektperiode: Bibliotektilsette har gjennom året med arbeida i prosjektet og fått erfaring og kompetanse i bruk lesersørvis som metode i formidlingsarbeidet. Metoden er innarbeida og er ein del av korleis me til dagleg arbeider med og har fokus på formidling.
Tiltaket er forlenget til 2024.
Publisert: 19. august 2024