Aktiv formidling 2023

Type:Aktiv formidling
Prosjekteier:Stranda bibliotek
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2023

Søknad

Mål

Utforske nye samarbeidspartnarar og saman finne nye måter å samarbeide på for å nå nye brukargrupper og å auke bruken av biblioteka i kommunen.
Skape auka positivt fokus på litteraturformidling i samspel med musikalske uttrykk.
Flytte biblioteket ut av det tradisjonelle bibliotekrommet.
Vere ein del av folkefesten «Festspela i Geiranger» i 2023, men også i åra framover.

Beskrivelse

Stranda folkebibliotek ønskjer å samarbeide med «Festspela i Geiranger» når lokalt kultur- og næringsliv skal utviklast, og bidra til å skape aktivitet, besøk og bulyst både i bygda Geiranger men også i grendene i nærleiken. Måla til festivalen er stadsutvikling, auka verdiskaping og berekraft, og middelet er kultur. Stranda folkebibliotek vil i lag med «Festspela i Geiranger» vere ein lokal utviklingsaktør i tillegg til å bidra som kulturaktør på eit høgt kunstnerisk nivå.

«Festspela i Geiranger» gjennomfører forskjellige arrangement gjennom året i dei ulike bygdene i kommunen, for å rette fokuset mot festspela om hausten. For Stranda folkebibliotek er målet i 2024 å utforske om vi kan finne fleire arenaer der vi kan drive aktiv litteraturformidling i samarbeid med «Festspela i Geiranger».

Vi ønskjer å utforske om det er nynorsktalande litteraturformidlarar som kan skape arrangement i samspel med dyktige lokale musikarar, der målet særleg er å nå ut til familiar med born. Per i dag kjem mange av lånarane til biblioteket utan sine føresette. Yngre vaksne er ei forholdsmessig lita brukargruppe hos oss, og då særleg vaksne smed forankring i den store andelen arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa. Kanskje kan arrangement der litteratur og musikk smeltar saman i eit felles arrangement få positive ringverknadar for biblioteket og brukarane våre. Både tal på frammøte på arrangementa, samt registrerte utlån i etterkant er enkelt å samanlikne mot ordinære arrangement og/eller utlån.

Denne type arrangement og samarbeid opnar opp for moglegheiter for å finne andre arenaer enn biblioteket sine eigne lokalar for gjennomføring av arrangement, og lokasjonar ute i naturen er eit av alternativa vi ser for oss som interessante.

Stranda kommune har p.t. ikkje ein eigen plan for bibliotektenesta, men biblioteket støttar seg på den nasjonale bibliotekstrategien i sitt arbeid. «Kommuneplan for Stranda kommune 2019-2031 – samfunnsdelen» har eit kapittel om «Kultur, kulturmiljø og idrett» og der vert det uttrykt at i Stranda tettstad er biblioteket ein viktig møteplass og arena, men at det likevel er utfordringar med omsyn til å få til eit levande
sentrum. Grunna ressursmangel slit kommunen med å få på plass eit tilfredsstillande kulturtilbod, herunder aktivitetar i regi av biblioteket. I kapittelet om «Mål og strategiar» er biblioteket trekt fram som ein viktig aktør i arbeidet med å skape ein sunn og helsefremjande kommune. Trivsel er eit viktig tema som påverkar folkehelsa. Levande bygdelag med fokus på samhald, inkludering og aktivitetar og arrangement opne for alle er ein føresetnad for dette. Målet er at biblioteket skal spele ei større rolle i eit strategisk arbeid, ved at dette er ein møteplass som kan bidra til å bygge ned digitale, sosiale og kulturelle skilnadar, og bygge opp under inkludering og medverknad. I Stranda kommune er det fortsatt rom for å bli mykje betre på integrering av arbeidsinnvandrarar, noko som er eit uttalt politisk mål i kommunen.

Målet er å vere ein fast del av folkefesten «Festspela i Geiranger». Festspelstyret har uttrykt ønskje om å etablere eit samarbeid med biblioteket, og då helst som eit permanent samarbeid. Målsetjinga er at vi i fellesskap skal gjennomføre musikalske, litterære, nynorskspråklege arrangement på eit mangfald av arenaer både i tettstaden Geiranger og i dei ulike bygdene i nærleiken for skape gode opplevingar. Dette trur vi vil ha positive ringverknadar på utlån og besøk på biblioteka våre.