Digitalt påfyll: Kva seier forskinga om høgtlesing med dei yngste?
Opptak frå webinar der Professor Trude Hoel presenterte forskingsbasert kunnskap om betydninga av høgtlesing med dei yngste barna.
Professor Trude Hoel vil presentere forskingsbasert kunnskap om betydninga av høgtlesing med dei yngste barna.
Videoen er et opptak fra digitalt påfyll 10. oktober 2024
Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger, og er del av barnehageforskingssenteret FILIORUM sitt leiarteam. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna barns forteljingar, tilrettelegging av språk- og leseaktivitetar, og lesing og implikasjonar av digitalisering. Hoel samarbeider med praksisfeltet, offentleg sektor og næringslivet i fleire utviklings- og forskingsprosjekt, til dømes i kompetanse- og samarbeidsprosjektet SPrELL, der ho er prosjektleiar.
Arrangementet vil fungere som eit avspark for ei digital møterekke om dei ulike leksjonane i læringsressursen Leselyst med dei minste. I denne samanheng kan leksjon 2 om betydinga av lesing og korleis lese med dei yngste vere relevante.
Webinar om ulike tema
Møterekka presenterer eit tema frå læringsressursen fire tysdagar på frå 09.00-09.30 og du melder deg på på ein gong for heile møterekka.
Nokre fylka arrangerer digitale samlingar for sine kommunar om tema i etterkant av dei ulike webinara. Sjekk kalenderen på ditt fylkesbibliotek for å melde di interesse.
Digitalt påfyll er del av det nasjonale samarbeidsprosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF). Deltaking krev påmelding, og du får tilsendt ei unik lenke. Påfylla kan du sjå i opptak på Bibliotekutvikling.no.