Konflikthandtering – 2. Bibliotekrommet

Tekst av Aga Skorupka

Innhald

Miljøpsykologi

Miljøpsykologi handlar om interaksjonen mellom fysisk miljø og mennesket si åtferd og oppleving. Miljøpsykologi er å studere korleis fysisk miljø påverkar oss og omvendt: korleis vi påverkar miljøet rundt oss. I dag vert ikkje miljøpsykologi sett på som ei spesialisering innanfor psykologien. Det er eit tverrfagleg felt knytt til andre disiplinar: arkitektur og design, geografi, byplanlegging, landskapsarkitektur, antropologi, sosiologi og statsvitskap.

Forsking innanfor miljøpsykologi tek føre seg både naturlege og bygde miljø på tvers av skala og typar. Nokre slike miljø kan vere heimen, bustaden, arbeidsplassen, helseinstitusjonen, butikken eller kjøpesenteret. I ein større skala har ein undersøkt nabolag og lokalsamfunn og sist, men ikkje minst, bymiljø med særskild vekt på offentlege rom. Det har ofte vore viktig å sjå på kva innverknad natur og grøne miljø har på helsa til menneske. I seinare tid har òg andre former for miljø og deira innverknad på folk vore viktig å undersøke: til dømes korleis internett dannar grunnlaget for utvikling av sosiale nettverk.

Eit av dei viktigaste omgrepa innan miljøpsykologi er stad (place), som handlar om rom eller stader menneske har gitt meining til. Frå teoriar kring omgrepet stad har ein utvikla konsept som stadtilhøyrigheit som handlar om folk sin tilknyting til ein stad. Eit anna konsept er stadidentitet, som handlar om dei tankane eit menneske har om den fysiske verda han eller ho bur i. Stadidentitet kan knytast til kognitive eller mentale kart; mennesket organiserer representasjonen av fysiske miljø på ein måte som stemmer overeins med stadidentiteten. Vi lagar alltid kognitive kart over dei stadene vi kjenner.

Fordi miljøpsykologi ser på samspelet mellom person og miljø er det viktig ikkje berre å undersøke korleis miljø vert skildra og opplevd. Det er òg viktig å vite korleis vi interagerer med og påverkar miljøet. Eit viktig omgrep vert då affordanse; trekk ved eit miljø som gir oss moglegheit for å interagere eller påverke det. Til dømes kan eit bord gi oss høve til ulike handlingar. Ein kan sitte eller stå ved det, ein kan nytte det til å skrive på, ete ved, danse på, og så bortetter. Affordanse har vore ein brubyggar mellom psykologi og design, særleg innan interaksjonsdesign.

Heilt sidan miljøpsykologien vart utvikla har forskarar og utøvarar lagt vekt på at faget skal kunne brukast i praksis. Miljøpsykologi har difor vore viktig innan byplanlegging, arkitektur og design, men òg når det gjeld politiske avgjerder.

Oscar Newman (1972) utvikla teorien om defensible space. Det vil seie stader der utforminga og bruken av det fysiske miljøet gjer at menneske i mindre grad utfører brotsverk. Newman meinte at det ofte er mindre kriminalitet i områder som er utforma for å «forsvare seg». Dette har bidratt til det vi kallar kriminalitetsførebyggande design (crime prevention through environmental design, CPTED). Robert Sommer og Humphry Osmond (1969) nytta omgrepa sosiopetale (sociopetal) og sosiofugale (sociofugal) rom og stader for å illustrere innverknaden miljø har på menneskeleg åtferd. Sosiopetale fysiske miljø er stader som bidreg til samspel, til dømes ved at stolar vender mot kvarandre i eit rom. Sosiofugale fysiske miljø er stader som bidrar til mindre samspel, til dømes ved at stolar står på rekke.

Slike konsept har vore særleg viktige i framveksten av det vi kallar evidensbasert design, som først vart nytta i utforminga av helseinstitusjonar for å bidra til betre helse og muleg positiv innverknad på dei tilsette. I seinare tid har omgrepet vorte tilpassa generell design.

Miljøpsykologi har direkte implikasjonar for design. Difor er det viktig å ta med seg dette i utforminga av trygge møteplassar.

Konkrete tips og råd for korleis ein kan førebygge gjennom innreiing og plassering

Utforming påverkar både sikkerheit og tryggleik

Miljøpsykologien viser oss at utforminga av fysiske omgivnader påverkar både sikkerheit og tryggleik. Vi skil mellom desse fordi sikkerheit er det faktiske fråværet av fare, medan tryggleik er ei oppfatning av at ein ikkje treng uroe seg. Opplevinga av tryggleik er ein viktig mediator; noko som bidrar til betre mentale forhold og fråvær av m.a. stress (van Dyck et al., 2015), men er samstundes noko som har vist seg å kunne hindre fysisk aktivitet (Lenhart et al., 2015).

Erfaringar frå Sverige (Storøy Elnan, 2018) viser at det er viktig å syte for begge deler: både sikkerheit og tryggleik. Der vart bibliotek stengde då ein opplevde at det både var farleg og ubehageleg å halde ope utover kvelden. Vi ønsker å gi nokre konkrete tips om kva som kan gjerast for å tilrettelegge for sikkerheit og tryggleik gjennom fysiske grep. 

Utforming som gir både utsyn og tilflukt

Menneske har ein medfødd eigenskap til å vurdere om omgivnadane er trygge på bakgrunn av to element: utsyn og tilflukt (Appleton, 1975; Nasar og Fisher, 1992). Med utsyn (prospect) meinast å ha god oversikt over omgivnadane, høve til å røre seg. Tilflukt (refuge) handlar om å vere trygg; å ikkje vere eksponert. Utforming som bidrar til opplevinga av tryggleik har desse elementa i seg. God utsikt, høve til å skjule seg, og høve til å «flykte». Dette er prinsipp som ligg til grunn for utforminga av Biblio Tøyen ved Aat Vos, noko som både tilsette og brukarar liker godt.

Utforming av interiør av Biblio Tøyen gir høve å skjule seg, samstundes som det gir godt utsyn. Prosjekt: Biblio Tøyen, Arkitekt: Aat Vos, Stad: Oslo, Norge, Ferdigstilt: 2016, Fotograf: Marco Heyda

Naturleg oversikt

Det å vere synleg kan ha ein førebyggande effekt mot kriminalitet samstundes som det aukar sikkerheita. Omgivnader med høg visuell tilgang gir naturleg oversikt for både tilsette og brukarar.  Gjennom utforming og plassering av designelement ønsker ein å gjere mest mogleg synleg. Metodar som space syntax kan nyttast for å kartlegge kva som er synleg og identifisere områder som ikkje er det.

Space syntax er ein metode som er utarbeida ved University College London for å analysere kva for påverknad fysiske omgivnader (samanstilling av plan eller gangnettverk) har på rørsle (Hillier et al., 1993; Peponis et al., 2002). Metoden er (blant fleire) omtalt i Nasjonal Gåstrategi (Berge et al., 2012).

Space syntax tek utgangspunkt i ein plan. Ei detaljert kartlegging av kva som er synleg frå ulike delområde gir oss svar på kva for stader som er mest synlege. Metoden vart nytta m.a. i utforminga av det nye hovudbiblioteket i Bjørvika. Resultatet av analysen vart nytta for å finne den rette plassen for formidlingsverktøy. 

Space syntax-analyse av det nye hovedbiblioteket i Bjørvika. Utført av Aga Skorupka/ Rambøll. Prosjekt: Nytt hovedbibliotek i Bjørvika, Arkitekt: Atelier Oslo og Lund Hagem arkitekter, Stad: Oslo, Norge, Ferdigstilt: under arbeid, Bilete: Rambøll, Kultur – og idrettsbygg/ Oslo kommune

Naturleg kontroll av tilgang til eit område

Gjennom størst mogleg visuell tilgang til inngangen kan ein sikre naturleg kontroll. Dette kan ein gjere med bruk av m.a. gjennomsiktig materiale som i Stormen bibliotek designa av DRDH Architects i Bodø. Der valde ein òg ei anna løysing: på andre sida av inngangen til biblioteket vart det etablert ein kafé. Både tilsette og brukarar i biblioteket, samt kafégjester, ser inngangen. Løysinga bidrar til naturleg og diskré kontroll av området.

Visuell tilgang til inngangen kan auke sikkerheit. Prosjekt: Stormen, Bodø, Arkitekt: DRDH Architects, Stad: Bodø, Norge, Ferdigstilt: 2014, Fotograf: Aga Skorupka

Sørg for tilgjengelegheit og fleire moglegheiter for tilgang

Bibliotekarar i New York jobbar med stor risiko for såkalla aktive skytar-hendingar (active-shooter). Erfaringane deira syner at det er avgjerande å sørge for fleire moglegheiter for tilgang. I ein alvorleg situasjon gjer dette det enklare å forlate området. Fleire moglegheiter for tilgang gir ei meir fleksibel planløysing som kan virke positivt; det gir større moglegheiter for utforsking, noko som er meir spanande for besøkande.

Logging og kartlegging

Skulle det skje noko alvorleg eller negativt er det viktig å både logge og kartlegge hendingane i forhold til biblioteket si planløysing. Over tid kan slike kart gi svar på kvar ein kan sette inn fysiske grep for å førebygge alvorlege hendingar.

Forsterk tilhøyrigheit (territoriality) og sørg for godt vedlikehald

Klassiske studiar i kriminalitetsførebyggjande design i byar (Newman, 1972, Colquhoun, 2004) syner at det å forsterke tilhøyrigheit; det å gjere det enkelt å føle eigarskap til eit område og sørge for godt vedlikehald kan vere med på å redusere kriminalitet. Menneske har ein tendens å tilpasse si eiga åtferd til omgivnadane dei er i. Framferda vår er altså annleis i et fint, godt vedlikehalde rom enn i eit rom som ikkje er det.

Unngå design som oppmuntrar til aggressiv åtferd

Design og formspråk betyr mykje for mennesket si åtferd. Ein relevant studie (Hess og Gryc, 2013) viste at det var store skilnader i framferda til menneske som hadde opphalde seg i rom med skarpe vinklar og menneske som hadde opphalde seg i rom med mjuke former. Dei som hadde vore i rommet med skarpe former tok fleire aggressive avgjerder, og dei hadde auka aktivitet i amygdala, den delen av hjernen der fryktresponsar vert aktiviserte. Dei som hadde vore i rommet med runde former viste i større grad omsyn til andre menneske og hadde større aktivitet i den delen av hjernen som assosierast med påskjønning og glede.  Dette kan tyde på at ein bør halde seg unna skarpe designformer i utforminga av bibliotek, då dette kan oppmuntre til aggressiv åtferd.

Mjuke former gjer at vi i større grad viser omsyn til andre menneske. Prosjekt: FUBIAK, Arkitekt: Rodeo arkitekter, Stad: Furuset, Oslo, Ferdigstilt: 2016, Foto: Sverre Chr. Jarild

Introduser så mange grøne element som mogleg

Det er godt kjend at naturelement er førebyggande mot brotsverk. Grøne element assosierast ofte med høgare sosial kapital og bidrar til at folk vert meir hjelpsame (Kuo og Sullivan, 2001). Menneske som har mindre grønt rundt seg er meir truande til å vere frekke mot andre. Planter og andre grøne element er enkle men viktige tiltak  som kan nyttast til å førebygge uønska åtferd samstundes som det aukar trivsel.

Enkle tiltak i form av grøne element vil gjere at brukarar vil vere snillare og meir hjelpsame. Prosjekt: Stormen, Bodø, Arkitekt: DRDH Architects, Stad: Bodø, Norge, Ferdigstilt: 2014: Fotograf: Aga Skorupka.

Andre ting eit bibliotek bør tenke på når det kjem til miljøpsykologi

Utforming av inngangen

Menneske har ein sterk tendens å gå til høgre når de går inn i eit bygg, såkalla direction preference (Underhill, 2003). Folk rettar òg merksemda si til høgre, noko som betyr at det som ligg til venstre tiltrekker seg mindre merksemd.

I tillegg treng mennesket omlag fem steg for å omstille merksemda si i det ein beveger seg frå ute til inne. Dette betyr at dei første stega ein tek inne i eit bygg er ei såkalla decompression zone; ei omstillingssone (ibid.). Etnografiske studiar har vist at det ikkje gjev meining å plassere viktige element som t.d. formidlingselement eller skranke i denne sona.

Avstand mellom bokhyllene er avgjerande for trivsel

Frå studiar i butikkar kan vi lære om menneskelig åtferd som har direkte innverknad på utforming av bibliotek. Butt-brush effect (ibid.) er ein tendens der menneske som vert berørt på baksida av andre personar medan dei går mellom reolane brukte langt mindre tid der, og handla langt mindre, enn dei som ikkje vart berørte. Studien viste at avstanden mellom hyllene var avgjerande for uforstyrra røyrsle og best oppleving for brukarane. Det same gjeld for utforminga av bibliotek. Det er avgjerande for brukarane sin trivsel at biblioteket vert utforma slik at det er nok plass til at å røre seg og opphalde seg, utan å kome i fysisk kontakt med andre.

Kjelder og tips til vidare lesing

Appleton, J. (1975). The Experience of Landscape. Wiley.

Berge, G., Haug, E., & Marshall, L. (2012). Nasjonal gåstrategi: Strategi for å fremme gåing som transportform og hverdagsaktivitet. Statens vegvesen.

Colquhoun, I. (2004). Design Out Crime: Creating Safe and Sustainable Communities. Crime Prevention and Community Safety, 6(4), 57–70. https://doi.org/10.1057/palgrave.cpcs.8140201

Hess, U., Gryc, O., & Hareli, S. (2013). How shapes influence social judgments. Social Cognition, 31(1), 72–80.

Hillier, B., Penn, A., Hanson, J., Grajewski, T., & Xu, J. (1993). Natural movement: Or, configuration and attraction in urban pedestrian movement. Environment and Planning B: Planning and Design, 20(1), 29 – 66. https://doi.org/10.1068/b200029

Kuo, F. E., & Sullivan, W. C. (2001). Environment and Crime in the Inner City. Environment and Behavior, 33(3), 343–367. https://doi.org/10.1177/0013916501333002

Lenhart, C. M., Wiemken, A., Hanlon, A., Perkett, M., & Patterson, F. (2017). Perceived neighborhood safety related to physical activity but not recreational screen-based sedentary behavior in adolescents. BMC Public Health, 17(1), 722. https://doi.org/10.1186/s12889-017-4756-z

Nasar, J. L., & Fisher, B. S. (1992). Design for vulnerability: Cues and reactions to fear of crime. Sociology and Social Research, 76(2), 48–58.

Newman, O. (1972). Defensible space. New York: Macmillan.

Peponis, J., & Wineman, J. D. (2002). Spatial Structure of Environment and Behavior. In R. Bechtel & A. Churchman (Eds.), Handbook of environmental psychology (pp. 271–291). Retrieved from https://www.academia.edu/25734715/Peponis_J_Wineman_J_2002_Spatial_structure_of_environment_and_behavior_in_Handbook_of_environmental_psychology_Eds_R_Bechtel_A_Churchman_John_Wiley_and_Sons_New_York_pp_271-291

Storøy Elnan, T. (2018, February 9). Bråk, trusler, slåssing og narkotikasalg preger Sveriges biblioteker. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/article/ap-WLKPak.html

Van Dyck, D., Teychenne, M., McNaughton, S. A., De Bourdeaudhuij, I., & Salmon, J. (2015). Relationship of the Perceived Social and Physical Environment with Mental Health-Related Quality of Life in Middle-Aged and Older Adults: Mediating Effects of Physical Activity. PLoS ONE, 10(3). https://doi.org/10.1371/journal.pone.0120475