Konflikthandtering i biblioteket
Dette er ei digital verktøykasse som handlar om konflikthandtering i bibliotek. Eit viktig stikkord er førebyggande arbeid, og verktøykassa er meint som eit hjelpemiddel.
Publisert april 2020 |
Her finn de faglege tekstar innan ulike tema, malar, casar, tips til foredragshaldarar og tips til vidare lesing for den som ønsker å fordjupe seg meir. Vi ønsker at biblioteka skal kunne finne informasjon for ulike situasjonar ein kan oppleve som vanskelege.
Med bakgrunn i masteroppgåva «Der ingen ville se at så mye kunne skje» (Clementz & Røe, 2017) satte Møre og Romsdal fylkesbibliotek i gong prosjektet «Biblioteket – ein trygg møteplass?», og verktøykassa er eit resultat av arbeidet med prosjektet.
Bidragsytarar
Prosjektet er eigd av Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Arbeidsgruppa besto av følgande personar:
- Cecilie Røe (prosjektleiar, Møre og Romsdal fylkesbibliotek)
- One Marthe Vik (Møre og Romsdal fylkesbibliotek)
- Heidi S. Drageset (Møre og Romsdal fylkesbibliotek)
- Elisabeth Soleim (Kristiansund bibliotek)
- Tove Aurdal Hjellnes (Volda folkebibliotek)
- Claus Christian Hansen (Sunndal folkebibliotek)
Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket, og er eit samarbeid med Bibliotekarforbundet, Fagforbundet, Norsk bibliotekforening, Arendal bibliotek, Asker bibliotek, Bergen offentlige bibliotek, Deichmanske bibliotek, Haugesund folkebibliotek, Moss bibliotek, Sandefjord bibliotek, tidlegare Sørum bibliotek, Trondheim folkebibliotek, Tønsberg og Færder bibliotek, Ullensaker bibliotek, og Ålesund bibliotek. Vi vil benytte anledninga til å takke samarbeidspartnerane våre, utan dykk hadde ikkje prosjektet komme i mål!
Tekstforfattarar
Fleire av foredragshaldarane vi hadde med oss på workshop, har og bidratt med tekstleg materiale. Alle bidragsytarar under workshopane kan vi anbefale som foredragshaldarar.
Under følger ei oversikt over dei som har skrive faglege tekstar til verktøykassa.
Aga Skorupka
Aga Skorupka er polsk miljøpsykolog med Phd fra City University of New York. Dei siste ti åra har ho samarbeidd tett med m.a. urbane designarar, arkitektar og byplanleggerarar for å sikre den menneskelege dimensjonen, byliv og aktiv mobilitet i utforminga av ulike møteplassar, både ute i byrommet og inne. Ho har m.a. jobba som rådgivar for Deichman Tøyen og Nye Deichmanske hovedbibliotek. Ho er tilsett hos Rodeo arkitekter AS i Oslo, og arbeider med fokus på menneske og omgivnadane deira.
Karl Yngvar Dale
Karl Yngvar Dale er spesialist i klinisk psykologi og forskar med klinisk og administrativ erfaring frå psykisk helsevern og rusomsorg. Dale har kompetanse innan kompliserte traumatiske stressreaksjonar, handtering av risiko for vald, lokalbasert psykisk helsearbeid og organisering av helsetenester. Dale er for tida førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde.
John Sylte
John Sylte er prest i Den norske kirke og feltprest i Heimevernet. Han har 6 års erfaring som miljøterapeut i sikkerheitspsykiatrien ved Dikemark sykehus, og er vidareutdanna psykotraumatolog (traumebehandling). Han ga i 2017 ut boka «#sorg – en bok om sorgarbeid» (ISBN-13: 9788293407270 ). Han har drive eigen Krav Maga klubb på Vestnes i 11 år, og er gradert Expert 1 i Krav Maga Global og Svart belte i Krav Maga Norge. Krav Maga er rein trening i sjølvforsvar, og har sitt opphav frå det israelske forsvaret.
Gunhild Thunem
Gunhild Thunem er universitetslektor ved Institutt for helsevitenskap på NTNU Ålesund. Ho har arbeidd med forsking og utviklingsarbeid innan tema fleirkulturell kompetanse og forståing sidan 2007, då ho skreiv masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing. Tema for oppgåva hennar var: «Kvinner, migrasjon og integrering. Filippinske kvinner gift med norske menn».
Andre bidragsytarar
Vi takkar Pål Roska frå Sempro digitalbyrå for flotte illustrasjonar.
Vi vil og takke Johnny Sandaker v/SIM Innlandet, Hanne Blomfeldt v/Oslo politidistrikt, Kristine Gamlund v/Barnevernet, Rita Parnas v/Oslo politidistrikt og juridisk avdeling i Møre og Romsdal fylkeskommune for foredrag på workshopane. I tillegg takkar vi Linda Hansen v/Ålesund kommune og Ellen Ovenstad v/Fagforbundet for mange gode innspel i teksten om barn og unge.