Biblioteksøk

Biblioteksøk gir deg éin inngang til norske bibliotekkatalogar. Du får høve til å låne litteratur frå alle norske bibliotek og direkte tilgang på nett til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

I Biblioteksøk finn du bøker, lydbøker, film og anna materiell. I Biblioteksøk finn du ikkje enkeltartiklar eller deler av bøker og tidsskrift.

Kven kan bruke Biblioteksøk?

Alle kan nytte Biblioteksøk til søking. Lånarar med Bibliotekkortet og som nyttar eit hentebibliotek som har knytt seg til Biblioteksøk, kan også bruke tenesta til å bestille bøker for lån.

Bibliotektilsette kan bruke Biblioteksøk som verktøy i fjernlånsarbeidet, så sant biblioteket tek del i tenesta – altså at dei leverer bibliografiske data til henne. Bibliotektilsette vert ikkje sett på venteliste ved eige bibliotek, slik lånarane gjer. 

Biblioteka kan i visse tilfelle unndra dokument/materiale frå fjernlån (sjå fjernlånsretningslinene). Biblioteka må sjølve sørgje for å registrere dette i eige system. 

Lånevegar

Dersom du opplever at bestillinga ikkje vert sendt til det biblioteket du finn mest sannsynleg, er dette ei følgje av den gjeldande prioriterte rekkefølga og svartida hjå eigarbiblioteket. Biblioteksøk sender ei spørjing til alle eksemplareigarane, og hoppar automatisk over bibliotek som  brukar for lang tid på å svare.

I tillegg freistar Biblioteksøk å fordele fjernlånsbyrden jamt mellom biblioteka. Dermed kan det hende at biblioteka nærast deg blir valt bort, fordi dei allereie har i overkant mange bestillingar. Bibliotek som lånar inn mykje frå andre stader, vil også bli oftare valt som avsendar.

Feilkatalogisering fører til duplikattitlar i trefflista. Ved slike duplikat er det meir eller mindre tilfeldig kva tittel ulike bibliotek har knytt sine eksemplar til, og bestillinga vert sendt «feil» stad ut frå kva tittel lånaren bestiller. Biblioteksøk jobbar kontinuerleg for å fjerne duplikat. (Sjå krav til data som blir leverte for korrekt katalogisering)

Det ligg også ei tidsavgrensing i systemet. Dersom du prøver å bestille den same tittelen på nytt innan tre veker etter at du bestilte fyrste gong, vil Biblioteksøk unngå å velje det same eigarbiblioteket, og sende bestillinga til eit anna bibliotek. (Så sant nokon har tittelen ledig.)

Her er døme på to bestillingar der du ser spørjinga til Biblioteksøk og systemet sine svar:

Standard-prioritering for lånevegar:

  1. Eige bibliotek vert alltid sjekka først. Dersom eige bibliotek har tittelen, blir lånet eit vanleg lokalt lån og ikkje ei fjernlånsbestilling. Obs! Dersom det er bibliotek som bestiller antek ein at dei ønsker å bestille eit innlån sjølv om dei har eksemplar sjølve. Då vert eige bibliotek i staden lagt sist i lånevegen.
  2. Sjekkar om eit bibliotek i ei av dei tre prioriteringslistene frå transportøren har tittelen (i prioritert rekkefølge).
  3. Sjekkar om Depotbiblioteket har tittelen.
  4. Sjekkar om fylkesbiblioteket har tittelen.
  5. Sjekkar om same bibliotektype innafor same fylke har tittelen.
  6. Sjekkar om same bibliotektype innafor landsdelen har tittelen.
  7. Sjekkar om same bibliotektype i heile landet har tittelen.
  8. Sjekkar om eit bibliotek (uansett type) innafor same fylke har tittelen.
  9. Sjekkar om eit bibliotek (uansett type) innafor landsdelen har tittelen.
  10. Sjekkar om eit bibliotek (uansett type) i heile landet har tittelen.

Berre ledige og tilgjengelege titlar blir bestilt.

Det er ikkje mogleg å definere eigne lånevegar per bibliotek, kun lånevegar for fylke og regionar.

Kvote

I Biblioteksøk kan lånarane bestille 30 titlar som fjernlån pr. siste 30 dagar. Det er også sett ei grense på 10 bestillingar pr. dag. Om det er behov for dobbel kvote for enkeltlånarar, må hen ta kontakt med sitt bibliotek – som vurderer behovet og deretter sender beskjed til bibsok@nb.no om dobbel kvote.

Kontakt av lånarar

Lånarane må kontakte sitt hentebibliotek for å få vite status på si bestilling. Biblioteksøk lagrar ikkje noko data etter at bestillinga er sendt.

Lånarane må oppdatere sine opplysingar på bibliotekkortet.no eller ta kontakt med sitt bibliotek.  

Avlevering av data

Bibliotek som enno ikkje leverer data til Biblioteksøk, kan ta kontakt med sin leverandør av biblioteksystem for å få installert nødvendig programvare for å kunne hauste inn data. Pris på dette kan ein få av biblioteksystemleverandøren. SIKT sørgjer automatisk for at katalogdata frå alle biblioteka i SIKT-konsortiet blir gjort tilgjengeleg for hausting.

Katalogdata til Biblioteksøk skal leverast via hausteprotokollen OAI-PMH. Denne programvara sørgjer for at bibliografiske data frå biblioteket blir gjorde tilgjengelege for automatisk hausting. Når programvara er sett opp, haustar Biblioteksøk jamleg inn data, også data om sletta postar, utan at biblioteket må gjere noko.

Biblioteka skal levere metadata i MARC 21, metadataformat: marcxchange eller MarcXML.

Lokaliseringsdata: Feltet 852$a (MARC 21) – eigande bibliotek/avdeling. Vi ønskjer ISIL-nummer på forma NO-<biblioteknr.>, til dømes NO-2160100.

Sirkulasjonsdata: Dersom biblioteket ønskjer å avgrensa utlån av enkelte titlar eller eksemplar, må desse eksemplara kodast i eige system «ikkje til utlån», «ikkje til fjernlån» eller «ikkje til lån til sluttbrukar». Dette vert gjort på ulike måtar i dei ulike biblioteksystema. (Sjå dokumentasjon for eige system eller kontakt systemleverandøren for meir informasjon.)

Sirkulasjonsdata skal leverast i samsvar med Norzig-profilen 850 $h Cirkulation status og 850 $f: Use restrictions. Protokoll: helst SRU eller NCIP (LookupItemSet), eventuelt OAI-PMH. Dette vert sett opp av systemleverandøren.

For spørsmål, ta kontakt med bibsok@nb.no.

Krav til data som blir leverte

Dei bibliografiske postane skal produserast i samsvar med gjeldande katalogiseringsregelverk og reglar for bruk av MARC 21. Unngå bruk av lokale løysingar som å leggje inn tekstar som «hurtiglån» og liknande i tittelfeltet.

Følgjande dataelement skal, når dei er relevante, mimimum finnast i postane for å sikra korrekt søking, vising og deduplisering.

  • Metadataleverandør og postnr
  • Koding av førehandpost/fullstendig post/retta post (Leader)
  • Dokumenttype
  • Språk
  • Målgruppe
  • Standardnummer
  • Forfattarar, medarbeidere, komponistar, utøvarar og andre ansvarlege for utgjevinga, inkludert ID frå Nasjonalt autoritetsregister for namn når det finst
  • Standardtittel
  • Tittel og ev. undertittel, parallelltittel og alternativ tittel
  • Utgjevarnummer / edisjonsnummer
  • Utgjevingsstad
  • Forlag
  • Utgjevingsår
  • Utgåve
  • Serie
  • Omfang: sidetal, mengd CD-er og liknande
  • Klassifikasjonsnummer
  • Emneord

Med unntak av emneord skal dei same felta heller ikkje endrast i bibliografiske postar som er levert frå Nasjonalbiblioteket (Bokbasen). Viss biblioteket ønskjer å bruka eit anna klassifikasjonsnummer til oppstilling enn det som er levert, til dømes eit forkorta nummer, kan dette leggjast i feltet for hyllesignatur. Biblioteka kan i tillegg leggja til fleire Deweynummer eller emneord.

Lenker