Skeivt kulturår 2022

Marker Skeivt kulturår 2022 med denne fargesterke plakatserien frå Nasjonalbiblioteket!

Heilt sidan Gulatingsloven og fram til fjerninga av § 213 i straffeloven den 21. april 1972 har det vore forbod mot seksuell omgang mellom menn i Noreg. I år feirar vi ikkje berre at det er 50 år sidan den såkalla homoparagrafen blei oppheva, men også enden på minst 800 år med lovforbod i Noreg mot aktivitetar definerte som homoseksuelle.

Skeivt kulturår 2022 er ei feiring av retten vår til å elske kven vi vil.

Med denne fargesterke plakatserien ønskjer Nasjonalbiblioteket å tilby alle folkebibliotek og fag- og forskingsbibliotek eit høve til å markere Skeivt kulturår 2022

Plakatserien kan stå for seg sjølv eller vere eit bakteppe for relevant materiale frå eiga samling. Serien er utforma av Superultraplus Designstudio.

Vi tilbyr plakatane både på nynorsk og bokmål, så hugs å kryss av for den målforma du ønskjer.

Nasjonalbiblioteket deler samstundes nokre litteraturtips knytt til den skeive kulturhistoria (lista er ikkje uttømande).