System for spesialsamlinger
Søknad
Rapporter
Lenker
Andre filressurser
Mål
Formålet med prosjektet er å kartlegge eksisterande og framtidige behov til system for spesialsamlingar, samt formidle den digitale kulturarven som er tilgjengelig via nb.no. Gjennom prosjektet ønsker me å legge grunnlaget for eit framtidig system for bevaring, formidling og tilgjengeleggjering av kulturarv, som gjer nytte av NB sin infrastruktur og innhald, og som kan fungere sammen med andre institusjonar sine systemer. Basert på eit nytt system for spesialsamlingar, med opne data i botn, vil me kunne fremme nyskapende tilbod og tenester.
Beskrivelse
Dette er eit 1 -årig prosjekt som er inndelt i to delar.
Arbeidspakke 1: Konseptskildring og behovsanalyse for system for spesialsamlingar
Bergen off. bibliotek har fleire spesialsamlingar som me har jobba med å digitalisere dei siste 25 åra. Det digitaliserte materiale ligg no i hovudsak i bibliotekssystemet Bibliofil. Ila 2018 vil biblioteket få ein ny versjon av Bibliofil, og behovet knytta til spesialsamlingarer ikkje påtenkt i den nye versjonen av systemet. I tillegg til biblioteksystem bruker me i utstrekt grad Flickr, Dropbox, issu.com og andre sky-tenester for å formidle og dele digitale objekter. Biblioteket ønsker difor å kartlegge biblioteket og brukarane sine behov knytt til system for spesialsamlingar, og på bakgrunn av det skildre eit konsept for framtidens system for spesialsamlingar. Konseptskildringa vil innehalde relevante brukerhistorer/brukerreiser, arkitekturskisser og ein enkelt kravspesifikasjon. Me vil deretter undersøke kva leverandørar og løysingar som finnes markedet. Det er uvisst om ei løysing kan dekke heile vårt behov, både for å handtere dei digitale filene, metadata, og for å dekke presentasjon-, søk- og formidlingsgrensesnitt. Og ikkje minst om eit system kan handsame komande metadataformat som td Bibframe og linked data.
Me vil og undersøke kva moglegheiter det er for å involvere brukarar i arbeidet med å skildre objekta til dømes gjennom tagging og markering av personer eller stader. Det har og kome til nye digitale objekt som me gjerne skulle inkludert i våre samlingar og gjort søkbare. Biblioteket har eit tett samarbeid med den frivillige organisasjonen Memoar som samler inn munnleg historie gjennom videointervju med personer om deira livshistorie. Materiale blir no publisert i video-tenesta Vimeo og tagga på ein nyskapande måte for at stader, hendingar og personar skal vere lett å gjenfinne. Me vil undersøke kva som skal til for at me kan presentere videointervjua i same treffliste som ein får opp td. brev og foto, personar og stader som er aktuelle for søket, og sjå om tagginga frå sosiale sky-tenester kan ivaretakast i eit framtidig system.
I samarbeidsprosjektet Grieg Research Guide utvikla UiB UB eit arbeidsverktøy for forskarar. Verktøyet er integrert med Mermeid som er nytta i det norske musikkarv-prosjektet, og også med referanseverktøyet Zotero. Prosjekt vårt vil undersøke kva som skal til for at systemet for spesialsamlingar kan integreres via APIer med til dømes Grieg Research Guide, eller andre aktuelle system for kulturarv, og ikkje minst vårt eige biblioteksystem for medier.
Arbeidspakke 1 av prosjektet vil levere ulike grunnlagsdokumenter som vil være utgangspunkt for ein anskaffelseprosess for system for spesialsamlingar. Dokumenta skal ha verdi utover vårt eige påtenkte anbud, og vil sjølvsagt delast med dei som har same eller liknande behov.
Arbeidspakke 2: Formidlling av kulturarv fra nb.no
Digitaliseringsarbeidet i Nasjonalbiblioteket går fort, og det blir løpande publiserte store mengder materiale som er interessant for oss og våre brukarar. Me opplever at det er mange som ikkje kjenner til denne verdifulle ressursen og me ønsker difor å undersøke kva formidlingsmoglegheiter me kan nytte for å gjere våre innbyggarar merksame på kulturarven som finnas på nb.no. Me vil nytte funksjonalitet som ligg i beta.nb.no i kombinasjon med bibliotekets nettsider og sosiale media for å lage relevante undersamlingar og uttrekk av digitalisert materiale knytt til stader, hendelser eller personer. Me vil også sammen med NB.no bidra til at NB kan digitalisere deler av vårt materiale, f.eks om NB mangler noko eller om me har ting som er unike, og som me i neste omgang kan formidle via nb.no.
I arbeidet med dei konrete formidlingsprosjekta vil me undersøke korleis funksjonalitet frå nb.no og element frå NB sin infrastruktur kan passe inn i konseptmodellen og arkitekturen til eit framtidig system for spesialsamlingar. Arbeidspakke 2 av prosjektet vil resultere i ein modell for formidling og to eller fleire konkrete eksempler på formidling av digitalt innhald med utgangspunkt i nb.no.
Prosjektet vil bygge på erfaringar frå “Felles biblioteksystem for storbyene”, “Grieg Research Guide”, “Bergen musikkhistorie”, “Linked data – et nettverk” og “Øklands trykksaker”
Moglege samarbeidspartnarar
-UiB UB
-Gunnerus
-Memoar
-Europeana
-Nasjonalbiblioteket