Samarbeid på tvers

Prosjekteier:Ålesund bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: FNs bærekraftsmål og bibliotek, Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:200 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2021, 2022

Søknad

Mål

Mål: Teste ut og innføre nye og gode driftsformer i Ålesundsbiblioteka ved samarbeid på tvers, mellom:
- Bibliotek og innbyggartorg
- Folke- og skolebibliotek
- Bibliotek og frivillige
Legge til rette for nye samarbeidsformer, stimulere til meir læring, førebyggje einsemd ved å utvikle biblioteket som møteplass.

Beskrivelse

Prosess:
Den 1. januar 2020 vart fem kommunar slått saman til nye Ålesund kommune, beståande av gamle Haram, Ørskog, Skodje, Sandøy og Ålesund kommune. Dette er ein langstrakt kommune, med ca. 66 000 innbyggjarar. Med samanslåinga oppstod Verksemd innbyggartorg, beståande av bibliotek, innbyggarservice og frivilligsentral, med fem innbyggartorg – i Brattvåg, på Harøy, i Skodje, på Sjøholt og i Ålesund sentrum.
Vi har i samanslåingsprosessen blitt utfordra på å utvikle nye, gode driftsformer og måtar å jobbe på.
Delprosjekt 1: Samarbeid på tvers i verksemd innbyggartorg mellom bibliotek, innbyggarservice og frivilligsentral:
Vi ønskjer å utforske mogelegeit for å kople saman bibliotek, innbyggarservice og frivilligsentral. Det handlar både om å sjå på moglegheitene for samlokalisering av bibliotek og innbyggarservice på nokre av lokalitetane og om å bli kjent med og setje seg inn i kvarandre sitt fagområde og kunne jobbe meir på tvers i verksemda. Vi ser også at vi til ein viss grad har overlapp i tenester, for eksempel hjelper alle tre avdelingane på ulikt vis innbyggjarane med digitale utfordringar, utskrifter osv. Frivilligsentral og bibliotek har ulike aktivitetar og er møteplass. Vi har mykje til felles som vi kan byggje på. Vi ønskjer også å få vurdert om lokale med små justeringar kan støtte opp under ei felles drift. Vi ønskjer spesielt å sjå nærare på om lokalitetane i Skodje og Harøy med litt ombygging kan romme alle tre avdelingane. Vi ser at først ved ei samlokalisering vil ein kunne dra full nytte av alle synergiar.
Delprosjekt 2: Samarbeid på tvers av kommunalområde i kommunen mellom folkebibliotek, skulebibliotek og skule
Den nye kommunen rommar i alt 24 barneskular og 11 med ungdomstrinn, i tillegg til 10 folkebibliotek, spreidde over øyar og fastland. Det har lenge vore etterlyst ein link mellom skole- og folkebiblioteka. Skulebiblioteka i gamle Ålesund kommune fekk eksempelvis Bibliofil for 6-7 år sidan, men har ikkje fått tilført kompetanse til å bruke biblioteksystemet fullt ut. Det er pga. store fysiske avstandar heller ikkje etablert eit nært samarbeid på andre område, som for eksempel prosjekt for å auke leselyst.
Vi ønskjer no å etablere eit tettare samarbeid:
- mellom folkebibliotek og skulebiblioteka i den nye kommunen.
- mellom skulebibliotekarane
- opne samlinga i folkebiblioteket for elevar i grunnskulen
Delprosjekt 3: Samarbeid mellom bibliotek og frivillige:
Ålesundsbiblioteka utgjer i alt ti avdelingar, der ei avdeling har meirope. Vi er i gang med å greie ut mogelegheiter for meirope bibliotek ved fleire avdelingar. Vi har no som målsetting å snarleg få på plass meirope ved fleire bibliotek. Det ligg det godt til rette ved fleire av biblioteka, spesielt dei som er samlokalisert med innbyggartorg og kulturhus, altså bygningar som har tilgang med kort/kode allereie. I samband med dette har vi ønske om å etablere ei teneste som bibliotekvenn, ei type frivillig arbeid som er tenkt å skulle hjelpe besøkande i biblioteka, og halde auge med lokala i den ubemanna opningstida. Det vil også kunne gi ein meiningsfylt aktivitet til nokon som treng det.

KVIFOR DESSE PROSJEKTA?
Samarbeid i verksemda: Drive meir effektivt, gi eit betre tilbod til innbyggjarane, dra nytte av kompetanse på tvers, styrke innbyggjartorga som demokratisk arena.
Temadagar: Bidra til kompetanseutvikling i skulebiblioteka, leggje til rette for samarbeid og nettverksbygging mellom skole- og folkebiblioteka og mellom skulebiblioteka.
2. klassebesøk: Skape tryggleik, gjere det enklare å ta i bruk biblioteket når ein veit korleis det fungerer. Auke leselyst, bidra til meir meistring og læring i alle fag. Førebyggje utanforskap. Gi kjennskap til folkebiblioteket, og korleis det fungerer. Dele ut lånekort, bli kjent med barneavdelinga og biblioteket, ta del i lesestund og ev. ete matpakke i biblioteket.
9. klassebesøk: Bidra med fagleg kompetanse innan skriving og lesing. Auke leselyst, bidra til meir læring og meistring i alle fag, førebyggje utanforskap. Gjere biblioteket og tenestene våre kjent for 9.klassingane, vekke lyst til å bruke biblioteket også seinare, når dei startar i vgs.
Bibliotekvenn: Bidra til livslang læring og utvikling ved å opne opp for biblioteka sine boksamlingar i større grad. Førebyggje einsemd ved å skape ein møteplass i ubemanna opningstid. Skape ein trygg arena i ubemanna opningstid. Bidra til lokal nettverksbygging. Gi frivillige høve til å bidra på ein positiv arena, gi meiningsfylt innhald i kvardagen til nokon som kanskje ikkje har så mykje anna. Det kan også vere arbeidspraksis for til dømes elevar i vgs., som kan få attest på arbeidet og ha på CV.

STRATEGISK FORANKRING:
- Nye Ålesund kommune er i ferd med å utforme kommuneplan med fire strategiar. To av dei er tenesteutvikling og folkehelsestrategi. Desse har er no ute til høyring. Livskvalitet er eit av tre satsingsområde i kommuneplanen. Livskvalitet handlar om å utvikle eit trygt samfunn for alle, og vidare seier planen: «Det skal arbeidast for å sikre born og unge ein god oppvekst og oppvekstvilkår. Dette inneber systematisk arbeid for å redusere sosial ulikskap og fattigdom, etablering av gode system og strukturar for å bli integrert og delta».

- Prosjekta dekker fleire av berekraftsmåla til FN.
Mål nr 3: God helse og livskvalitet
Mål nr. 4: God utdanning
Mål nr. 10: Utjamne skilnader
Mål nr. 11: Bærekraftige byar og lokalsamfunn
Mål nr 12: Ansvarleg forbruk og produksjon
Mål nr. 17: Samarbeid for å nå måla

- Nasjonal bibliotekstrategi: Aktivitetane dekker også fleire av målsettingane i den nasjonale bibliotekstrategien. Vi kan her trekke fram:
o Oppsøkande verksemd
o Samarbeid skole- og folkebibliotek
o Etablere bibliotek som møteplass
Prosjektet har såleis solid forankring både lokalt i Ålesund kommune sine strategiar og planverk, i dei nasjonale føringane frå Nasjonalbiblioteket og internasjonalt ved FN sine berekraftsmål. I samarbeid mellom både ulike bibliotektypar og frivillige, vil vi bidra til utdanning og meir læring, etablere trygge møteplassar for alle, førebyggje einsemd og utanforskap og såleis auke livskvalitet, både gjennom oppsøkande verksemd og ved å invitere inn i bibliotekromma. '

PLAN FOR OPPFØLGING:
- Ha årleg kampanje for rekruttering av bibliotekvenn (ha stand på kjøpesenter, få omtale i lokale medium, annonsere Friskus og sosiale medium, på vgs.)
- Få etablert eit permanent, forpliktande samarbeid mellom skule og bibliotek.
Plan for erfaringsoverføring:
- Informere på bibliotekdagane i Møre og Romsdal
- Informere på biblioteksjefmøte
- Invitere til publisering i fagtidsskrift for skule og bibliotek
- Lage manual/wiki som ressursbank for skolebibliotekar