Ramsalt lesing; vi les Øygarden på langs!

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Øygarden bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:120 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2022

Søknad

Andre filressurser

Mål

Målet er å setje fokus på leselyst, leseglede, trivsel og lesedugleik for alle elevane gjennom eit kommunalt leseprosjekt.

Undermål: Vi vil slik leggje til rette for eit styrka samarbeid mellom Folkebibliotek og skulebiblioteka. Målet er at elevane skal oppleve gleden ved å lese bøker, og det vil bli satt av mykje tid til lesing både heime og på skulen kvar dag. Vi ønskjer å nå ut til fleire barn, og i større grad klare å nå ut til dei barna som ikkje vert introdusert for litteratur heimefrå.
Vi ønskjer å bli betre kjend i kommunen, skape ein felles identitet og knyte felles band mellom dei tre gamle kommunane. Og dermed samle kommunen til eit felles leseprosjekt for alle barneskulane i kommunen, og styrkje arbeidet med eit partnarskap mellom skule og folkebibliotek.
Resultat og erfaringar frå dette prosjektet kan leggje eit fundament for framtidig samarbeid mellom folkebibliotek og skule, leseprosjekt i regi av kommunen, og lokale leseprosjekt tilknytta skulebiblioteka.

Beskrivelse

Fullstendig søknad ligg vedlagt

Samandrag:
Vi har kalt leseprosjektet for “Ramsalt lesing: Øygarden på langs”. “Ramsalt” er eit uttrykk som er henta frå Kystpasset til Sotra Øygarden turlag, som vi vil inngå eit samarbeid med, og vi vil prøve å kople to viktige komponenter for trivsel saman; lesing og naturopplevingar. Vi ser for oss at elevane skal lese seg gjennom kommunen frå nord til sør, der lesetid blir veksla inn i poeng klassen treng for neste oppdrag.

I samband med prosjektmidler frå UDIR 2021, har vi satt i gang eit omfattande prosjekt knytt til skulebibliotek, der vi mellom anna har ansett ein prosjekt-koordinator for skuleåret 2021/2022. Vi har i denne perioden utarbeida ein kommunal skulebibliokestandard, og signala er positive til at den vedtas politisk og av oppvekstsektor i kommunen. Vi har presentert prosjektet og måla våre for eit kommunalt utval, kalla “utval for tenester og levekår (UTL), som innstiller i saker til overordna politisk organ, og gjer vedtak i tråd med delegasjon.

Ein samarbeidsavtale mellom Oppvekst og Kultur blei inngått i mars 2021, og ein kommunal skulebibliotek-standard blir implementert på alle grunnskulane i kommunen hausten 2022.

Det vil vera felles arrangement for skulane i løpet av prosjektperioden som vil gå over 14 dagar. Det er allereie organisert kommunikasjon med skulebibliotekarar via Currents i Google Suite, i tillegg har vi laga ei nettside der målet er å kommunisere ut informasjon til skulane. Vi ser for oss at desse digitale plattformane kan brukast til å formidle oppdrag og oppdateringar undervegs i leseprosjektet.

Vi vil starte prosjektet med ein kick-off før oppstart på Folkebiblioteket fordelt på dei tre ulike filialane i kommunen

Det vil bli utvikla eit rammeverk for korleis skulane kan gjennomføre framtidige lokale leseprosjekt, i form av malar for informasjon til heimane, kvifor lesing er viktig, og undervisningsopplegg knytt til leseprosessen.