Praksisfellesskap

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Alver bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:1 480 000
Antall tildelingsår:3-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2013, 2014, 2015, 2016

Søknad

Mål

Undertittel: To bibliotek – ein struktur

1. Utvikle eit alternativ til hovudbibliotek / filial-struktur ved samanslåing av kommunar.
2. Betre kvaliteten på bibliotekstilbodet i Lindås og Meland gjennom å lage to spesialiserte bibliotek som til saman utgjer
eit heile og å utvide opningstida ved å opprette meiropne bibliotek.
3. Utvikle biblioteka til å bli uavhengige og attraktive møteplasser for offentleg samtale og debatt.

Beskrivelse

Lindås (14900 innbyggjarar) og Meland (7373 innbyggjarar) er nabokommunar med berre 5 minutts køyring mellom kommunesentra. Biblioteka er ein del av Nordhordlandssamarbeidet og har tradisjon for å samarbeide. Dei to biblioteka har mellom anna danna «Nordhordland litterære selskap» som kan feire tiårsjubileum neste år. No ønskjer biblioteka å gå eit skritt vidare og samordne bibliotekstrukturen i dei to kommunane og dermed skape eit modellbibliotek i Nordhordland.

Gjennom forprosjektet «På veg mot praksisfellesskap» (2013) har biblioteka kartlagt og avklart grunnlaget for eit felles prosjekt for å samordne personalressursane i biblioteka. Vi har sett at mange møte på tvers av biblioteka er altfor tidkrevjande og lite effektivt.

Derimot har vi kome fram til at det er mykje å hente på spesialisering og arbeidsdeling. I staden for å vere to bibliotek som kan tilby brukarane «litt av alt» vil vi tilby dei to spesialiserte bibliotek, der Lindås bibliotek byggjer opp eit fagbibliotek med vektlegging på kunnskap og oppdaging for begge biblioteka, medan Meland bibliotek byggjer opp ein skjønnlitterært bibliotek med vektlegging på kunst og oppleving.

Etter mønster frå biblioteka i Aalborg som har felles «zoner» i sine opne bibliotek vil vi også lage tilsvarande «zoner» med det mest etterspurde materialet utstilt ved inngangen i lag med utlånsautomatar og PCar. Det er eit poeng at inventar og utstyr i «zonene» er like på begge biblioteka, slik at brukarane «kjenner seg att» uansett kva bibliotek dei nyttar. Våre bibliotek vil i tillegg lage ein «mellomzone» der vi har det mest sentrale av den litteraturtypen som det andre biblioteket skal ha ansvaret for. Det vert også det andre biblioteket som har ansvaret for å kjøpe inn til og halde ved like denne zonen. Resten av biblioteket skal utgjere spesialbiblioteket og byggjast opp til å bli attraktive møteplasser for brukarane. Her vil vi kople oss på Hordaland fylkesbibliotek sitt prosjekt «Spenstig og veltrent – klar for nye oppgåver» (eller alternativt samarbeide med interiørarkitekt for at romma skal bli funksjonelle og attraktive).
Spesialbiblioteket får flytta over til seg heile magasinet og resten av litteraturen som ikkje skal i «mellomzona» frå det andre biblioteket. Spesialbiblioteket får det fulle ansvaret for innkjøp og vedlikehald av sitt ansvarsområde ved begge biblioteka.

Personalet ved biblioteka skal bygge opp kompetanse på biblioteket sitt ansvarsområde. Her vil vi følgje opp arbeidet som er starta i «Det skrankelause biblioteket» i Lindås ved at det vert sett av tid til sjølvstudium, fellesinformasjon og kurs. Forprosjektet har utarbeidd ein kompetanseoppbyggingsplan for begge ansvarsområda som vert lagt til grunn for det vidare arbeidet. I kompetanseplanen inngår regelmessige informasjonsmøter biblioteka imellom for å halde kvarandre oppdaterte på kvarandre sine fagfelt.
Møteplassfunksjonen i prosjektet vårt dekkjer både det fysiske rommet og aktivitetar knytt til spesialfeltet. Det skal utarbeidast fellesplan for arrangement og aktivitetar etter at den fysiske tilrettelegginga av spesialbiblioteka er på plass. Ein del av prosjektet vil gå ut på å synleggjere endringane for innbyggjarane gjennom felles marknadsføring og gjennom å slå saman dei to kommunale biblioteksidene til ei felles heimeside innunder «mittnordhordland.no».
Røynsler frå Danmark syner at brukarane er godt nøgde med å kunne bruke biblioteka òg når personalet ikkje er til stades. Begge biblioteka ønskjer derfor å prøve ut ei nøkkelkortordning ved hovudbiblioteka. For at dette skal kunne fungere vil vi innføre utlånssystem med RFID. Lindås har ein filial som nettopp har opna dørene på denne måten og så langt med svært gode tilbakemeldingar.

Målet med prosjektet er permanent endring av bibliotekstrukturen i kommunane. Derfor vert prosjektet organisert med eigne tilsette, og ikkje med utanforståande prosjektleiar. Bruken av prosjektmidlane skal gå til frikjøp av tid for å kunne organisere tilretteleggingsarbeidet, endre interne rutinar og strukturar i ein overgangsfase.

Administrativ og politisk leiing har innleidd eit samarbeid med tanke på framtidig samanslåing og mykje tyder på at kommunane våre kjem til å bli ein kommune om ikkje altfor lenge. Prosjektet legg opp til ein modell som gjer ein overgang lett for biblioteka ved at vi allereie arbeider fram ein struktur som kan brukast ved kommunesamanslåing og som samstundes synleggjer behov for både personale og storleik på lokale om det vert krav til fysisk samanslåing. Forprosjektet har utarbeidd ein tilsettingsplan som tek omsyn til det samla behovet for personale ved biblioteka sett under eitt.