Kva no med Vang folkebibliotek?

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vang bibliotek
Prosjektkategori:Forprosjekt
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2022, 2023

Søknad

Lenker

Andre filressurser

Tilleggsinformasjon

  • Tiltaket er forlenget inn i 2023.

    Publisert: 13. januar 2023

Mål

– Finne ut om innbyggarane i Vang kjenner til folkebiblioteket sine tilbod og tenester.
– Er det aktuelt å utvide biblioteket til å vere meir enn dei fysiske lokala i kommunesenteret?

Beskrivelse

På lik linje som for resten av landet, har dei to siste åra med pandemi påverka bruken av folkebiblioteket i Vang. I tillegg for Vang folkebibliotek og Vang kommune vil også nedlegginga av Vang mottaksenteret frå 1.1.2022 ha stod innverknad, i det mange der var storbrukarar av biblioteket. Samstundes kan denne nye situasjonen opne for andre samarbeidsformer og aktivitetar.

Av innsatsområda i utlysninga vil vi sjå på på nye måtar å samarbeide på, uttesting av nye metodar for drift mtp kvar og korleis vi møter innbyggarane. Vi er allereie i planlegging av korleis skulebiblioteket og folkebiblioteket kan utnytte kvarandre sine ressursar betre.
Vi ønskjer å gjennomføre undersøkingar og/eller intervju med brukarar og ikkje-brukarar av biblioteket. Her vil vi kartlegge kva folk veit om tilboda og tenestene våre og kva dei ønskjer seg.
– Er det ønskjeleg og kva trengs for å få til eit vel etablert samarbeid med ulike institusjonar for bokprat og høgtlesing?
– Er det aktuelt å bruke andre lokale enn det fysiske folkebiblioteket for å oppsøke folk og nye brukarar?
– Vi har allereie Bok i butikk i kvar ende av kommunen; korleis fungerer dette samanlikna med intensjonen og er tilbodet kjent nok?
– Er det interessant å ha aktivitetar i samband med Bok i butikk?
Vi ønskjer internt å kartlegge moglegheitene for eit tettare samarbeid med skulebiblioteket. Til dømes bokprat, høgtlesing og opplæring i informasjonssøking (herunder kjeldekritikk og henvisningsteknikk) for elevane, deltaking på lærarmøter og foreldremøter og jamlege møter mellom skule- og folkebibliotek for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling. Kva treng vi på folkebiblioteket og ho på skulebiblioteket av kompetanseheving for å stå sterkare rusta til dette arbeidet?
Kan biblioteksjefens erfaringar frå UH-biblioteksektoren brukast mot studentar i øvre Valdres?

Bibliotekplan for Vang folkebibliotek skal ferdigskrivast no i vår og før vi tek til med forprosjektet. Sentralt der vil vere samarbeid med eksterne aktørar som utvidar innbyggaranes kontaktflate med biblioteket. Valdresbiblioteka sin bibliotekplan 2013-2017 var eit grundig arbeid der mange punkt er viktige å ta med seg vidare, også når det blir ein kommunal bibliotekplan.

Eventuelt tildelte midlar vil bli brukt til deltaking på ulike kompetansehevande kurs, utforming, utsending og handsaming av spørjeundersøkingar.
Resultata vil direkte bli brukt i utviklinga av Vang folkebibliotek og våre tilbod og tenester. Vi håper at dette vil kartlegge kva innbyggarane i Vang ønsker av biblioteket sitt. Uansett om forsprosjektet vil føre til eit prosjekt frå neste år, vil resultata vere nyttige i vårt daglege arbeid, og i den rullerande tiltaksdelen som skal inn i bibliotekplanen.
Forprosjektet er tenkt å vare i seks månader frå månadsskifte mai/juni.