Klimafestival for born og unge

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Bergen bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: FNs bærekraftsmål og bibliotek, Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:550 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2024

Søknad

Mål

Bergen Offentlige Bibliotek vil gje born og unge (4 til 16 år) kunnskap, handlekraft og ei kjensle av å bli tekne på alvor i klima- og berekraftsspørsmål ved å etablere ein klimafestival for born forankra i alle dei ulike bibliotekavdelingane i byen.

Klimafestivalen har som mål at born og unge:
• Vert tekne på alvor i klimaspørsmål
• Får kvalitetssikra og tilpassa kunnskap og informasjon
• Vert tilbydd konkrete kompetansar og verktøy for handling og endring
• Møter fagfolk og makthavarar på ein arena der stemmene deira vert høyrde

BOB ønskjer å vere eit knutepunkt for berekraftsformidling, og tydeleggjere vår posisjon som opne og inkluderande stader for rekreasjon, debatt, opplysning og kunnskap for målgruppa. Vi vil samarbeide med aktørar som klimaetaten, Bærekraftige liv, Bybonden, Klimaklubben, «Varmere, Våtere, Villere», Redd Barna, og ulike grasrotorganisasjonar knytt til berekraft og nasjonale fagmiljø for å skape eit forum av høg fagleg kvalitet med tilpassa aktivitetar.

Beskrivelse

Bergen Offentlige Bibliotek (BOB) søkjer utviklingsmidlar for å etablere ein klimafestival retta mot born og unge i kommunen over ein toårsperiode. Vi ønskjer å treffe målgruppa breitt både gjennom skular og barnehagar, og på fritida.

Vi lever i ei tid kor framtidige klimaendringar trugar verdssamfunnet. Forskarar er einige om at endringane skuldast auka temperatur som følgje av menneskelege klimagassutslepp. Dersom vi ikkje greier å redusere utslepp av klimagassar og avgrense temperaturstiginga, viser forsking at klimaendringane blir umoglege å kontrollere. Dette vil få dramatiske økologiske, sosiale, politiske og økonomiske konsekvensar over heile kloten. Cicero senter for klimaforsking slår fast at kring halvparten av alle unge i Noreg er ganske eller veldig bekymra for klimaendringane, og at det er denne aldersgruppa som bekymrar seg mest.

Gjennom prosjektet «Klimafestival for born og unge» ønskjer BOB å bygge opp biblioteket som ein arena for arbeid mot FN sine berekraftsmål der born vert tekne på alvor som aktørar i klima- og berekraftsspørsmål. Dette er viktig av fleire grunnar:
• Klimabekymringa mange unge kjenner på kan gje grobotn til maktesløyse og eksistensiell frykt, men den kan også gje engasjement, motivasjon og kampvilje dersom dei opplever handlekraft og at stemmene deira vert lytta til.
• Det er born og unge som i stor grad får oppgåva med å nå FN sine klimamål i 2050.

Medan det etter kvart finst ei rekke klimafestivalar i Noreg, er det så vidt vi veit ingen med dei som skal leve med og takle klimaendringane, nemleg born og unge, som målgruppe. Dette er altså nybrottsarbeid, og vi ønskjer at prosjektet ikkje berre skal resultere i ein årleg klimafestival ved BOB, men også i ein gjennomføringspakke som legg til rette for at andre folkebibliotek kan lage eigne arrangement etter same lest. Vi har henta inspirasjon frå mellom anna Klimatoppmøte for born i Aarhus og ODA-nettverket sine Girl Tech-konferansar.

Bergen kommune sitt klimamål er å vere ein pådrivar for ei offensiv, radikal og rettferdig klimaomstilling, slik at alle i Bergen kan leve gode liv med låge klimagassutslepp i eit endra klima. BOB ønskjer å posisjonere seg som ein viktig aktør og naturleg samarbeidspart i arbeidet mot denne målet. I kommunen sin «Grønn strategi – Klimastrategi 2022-2030» kan vi lese at born må prioriterast i klimaarbeidet; dei har liten innverknad på klimaendringane gjennom eigne val, og vil samstundes oppleve stadig verre konsekvensar av eit endra klima i framtida. Det er viktig at born og unge blir gitt ei stemme, og [..] får verktøy som gjer det mogleg å ha ei aktiv rolle i klimaomstillinga (Grønn strategi, 2022, s. 29).

Måla speglar både nasjonal bibliotekstrategi og temaplanen som BOB har inne til politisk handsaming:
• Bibliotekene befinner seg i skjæringspunktet mellom kultur, utdanning og livslang læring, folkehelse og sosialt arbeid. Dette gir et godt utgangspunkt for å jobbe aktivt med [FNs] bærekraftsmål.
• Bibliotekene er tuftet på ideene om folkeopplysning og delingsøkonomi.
• Bibliotek kan, gjennom sin formidling av samlingene, ulike arrangement og tjenester, bidra til at innbyggere kan leve sine liv på en bærekraftig måte og kunne bidra til at samfunnsutviklingen er bærekraftig. (Nasjonal Bibliotekstrategi, s. 8)
• BOB skal ta bærekraftige valg for egen virksomhet, og samtidig sørge for at Bergens befolkning får kjennskap til bærekraftsmålene, og mulighet til å leve mest mulig bærekraftig.
• I planperioden er det viktig å utvikle strategier for å innfri også de av målene som mer spesifikt handler om å begrense belastningen på klima og miljø. Dette er mål som omhandler ansvarlig forbruk og produksjon, utvikling av bærekraftige byer, og å stoppe klimaendringer.
• I tråd med Grønn strategi (2022-2030) vil biblioteket bidra til visjonen om en radikal og rettferdig klimaomstilling. (BOBs temaplan, s. 5)

Festivalen vil ha FN sine berekraftsmål som overordna rettesnor, og særskilt nokre av måla utmerker seg som relevante:
• 4 – Vi ønskjer at born og unge skal få kunnskap av høg fagleg kvalitet, tilpassa seg sjølve
• 12 – Festivalen vil ha aktivitetar som rettar seg mot ansvarleg forbruk, til dømes redesign og matkurs
• 17 – Samarbeid med andre aktørar med same mål er ein grunntanke for festivalen

BOB fekk i 2023 stønad frå klimaetaten til eit forprosjekt der vi har testa ut to moglege aktivitetar i ein framtidig klimafestival. Det eine er bygging av ein teknologisk mikrohage som er nytta i bibliotekets kodeklubbar og dannar grunnlag for eit vidare samarbeid med Bybonden. Det andre er eit formidlingsopplegg knytt til boka «Embla – kampen for fremtiden» av Midthun og Samset. Elevane arbeider med boka i forkant med workshopar og ein leselogg utarbeidd av biblioteket. Prosjektet resulterer i ei elevskapt utstilling der leiar for klimaetaten kjem og andre tilknytt sektoren er invitert. Gjennom forprosjektet hentar vi inn tilbakemeldingar og erfaringar fråelevane som grunnlag for utvikling av programkonsept til festivalen.

I år 1 av søknadsperioden vil vi gjennomføre ein pilotfestival der vi utviklar nettverk og programkonsept, samlar erfaringar og inkorporerer nokre av aktivitetane vi har erfaring med, til dømes dei to aktivitetane utvikla i forprosjektet, REDIS – meisterskap i redesign, og samarbeid med Bybonden knytt til frøbiblioteka ved BOB. Vi ønskjer å arrangere festivalen parallelt med den veletablerte klimafestivalen Varmere, Våtere, Villere for å kunne nytte oss av aktørar og ekspertise som allereie er i byen. Pilotfestivalen arrangerast ved ulike bibliotekavdelingar som vil ha eit arrangement for skule/barnehage og eit laurdagsarrangement kvar. Aktivitetane vil springe ut av dei felles måla;;
• Gje konkrete kompetansar og verktøy for handling og endring
• Fagleg formidling av høg kvalitet
• Born og unge sine stemmer vert høyrde

Etter gjennomføring av pilotfestival vil vi hente inn tilbakemeldingar frå deltakarar og evaluere desse med sikte på å forbetre og oppskalere i andre år av søknadsperioden. Vi vil bruke erfaringane til å lage ein gjennomføringspakke som andre folkebibliotek kan nytte for å skape tilsvarande arrangement kring i landet, gjerne parallelt med klimafestivalen vi skal lage ved BOB i år 2 av søknadsperioden.

Evalueringane av pilotfestivalen vil danne grunnlag for å utvikle samarbeidsnettverk og programkonsept mot klimafestivalen i år 2. Vi vil halde fram med å involvere representantar frå målgruppa i dette arbeidet. Her vil vi og ha breiare tidshorisont, som legg til rette for å utvikle samarbeid med andre aktørar og samanfallande programmering med Varmere, Våtere Villere. Klimafestivalen i år 2 vert forankra i alle bibliotekavdelingar ved BOB med Bærekraftslaben som naturleg sentrum. Målet er at samlege har arrangement torsdag, fredag og laurdag.

Gjennom prosjektet skal BOB skape ein gjennomføringspakke med erfaringar, malar for arrangement, idear til aktivitetar, og forslag til litteratur, innslag og formidlarar som lett kan nyttast av andre folkebibliotek med tanke på å etablere ei rørsle av liknande klimafestivalar over heile landet. Pakkane vert fleksible og kan nyttast til enkeltarrangement eller festivalar i ulik størrelse og lengde. Vi har som målsetjing at festivalen skal vere eit årleg arrangement som inngår i drifta ved BOB etter prosjektperioden.

Dersom vi mottek mindre stønad enn søkt om vil vi freiste å tilpasse og gjennomføre prosjektet i mindre skala.