Kjelda – formidling av digital kunnskap

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Vestland fylkesbibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye formidlingsmetoder
Samlet støtte:600 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2017, 2018, 2019, 2020, 2021

Søknad

Rapporter

Mål

I prosjektet skal vi:
1. Auka kvaliteten på biblioteknettstadene i Hordaland ved at ein utnyttar potensialet som ligg i det digitale bibliotekrommet og kopla det til dagleg formidlingsarbeid
2. Integrera offentleg finansierte, digitale kjelder på folkebiblioteka sine nettstadar på ein dynamisk måte
3. Auka bruk av biblioteknettstadene i Hordaland med 50%
4. Hausta erfaringar og utvikla metodikk for korleis eit fylkesbibliotek kan bidra til at alle folkebiblioteka har aktuelle og oppdaterte nettsider med innhald av høg kvalitet.

Beskrivelse

Strategiar:
1. Arbeida med formidling av digitale, kvalitetssikra kunnskapskjelder på biblioteknettstadene.
2. Tilby innhald og praktisk bistand til publisering på biblioteknettstadene
3. Marknadsføra dei digitale innhaldsressursane på ein målretta måte

Bakgrunn:
Fylkesbiblioteket i Hordaland har arbeidd målretta med å utvikla biblioteknettstader saman med folkebiblioteka og ulike leverandørar i meir enn eit tiår. Vi har vore innom fleire publiseringsløysingar, men har no bestemt å konsentrera vidare satsing i WordPress. Open kjeldekode og innhaldsdeling er sentrale element i dagens nettsidesatsing, og vi vel å knyte oss nærare til Webløft-miljøet, noko som gir eit godt grunnlag for å arbeida vidare med innhaldsutvikling og deling av funksjonalitet, innhald og kompetanse.

24 av 33 folkebibliotek i Hordaland har utvikla nettsider i samarbeid med fylkesbiblioteket. Av desse har 13 bibliotek WordPress-sider, og vi førebur for tida overgang til WordPress for fleire bibliotek i Hordaland. Nokre biblioteksamarbeid i Hordaland har dessutan bede om å få satt opp demosider i Webløft, for å arbeida med dette før dei tar endeleg stilling til om dei vil bytta frå dagens løysingar.

Fylkesbiblioteket vil no ta eit steg vidare og arbeide med innhald på nettstadene for å auke bruken av desse. Det finst ei rekke offentleg finansierte, digitale kvalitetsressursar som bibliotekbrukarar kan ha nytte og glede av, men som få kjenner til. Framover vil vi fokusere meir på korleis fylkesbiblioteket kan lette arbeidet for biblioteka, ved å leggje til rette for at dei enkelt kan dele kvalitetssikra kunnskap på biblioteknettstadene.

Vi har bibliotek med god kompetanse som sett av tid til å halde nettstadene sine oppdaterte, og vi har mange små bibliotek som korkje har kompetanse eller ressursar til å følgja med på eit vekslande kjeldetilfang og halde nettstaden sin aktuell og oppdatert. Signala vi har fått frå både små og store bibliotek er likevel eintydige om at dei ønskjer velkomen eit utvida tilbod frå fylkesbiblioteket om innhald til nettstadene.

Erfaringer frå andre prosjekt:
I prosjektet «Biblioteklandskap i endring» (Hordaland 2011-2013) vart det mellom anna jobba med utvikling av gode nettstader. Dei regionale biblioteksamarbeida forplikta seg til kontinuerlig kompetanseutvikling på fleire område, mellom anna område som formidling og digital kompetanse.

Dette arbeidet vart bygd vidare på i det treårige prosjektet «Sterk, spenstig og klar» som vert ferdigstilt våren 2017. Ein av strategiane i prosjektet var å auka digital formidling og innhaldsproduksjon. Ei erfaring vi har gjort i «Sterk, spenstig og klar» er at biblioteka mobiliserer mykje ressursar for å klargjera biblioteknettstadene sine fram mot lansering. Etter lansering ser vi at dei fleste biblioteka manglar kapasitet når det kjem til innhaldsproduksjon, og mange slit med å prioritere ressursar til å følgje opp. Fylkesbiblioteket har ikkje gode oppfølgingsrutinar på plass for å støtte dei.

Webløft-prosjektet som har vore leda av Buskerud har endra måten vi arbeider med biblioteknettstader på i heile bibliotek-Noreg. Slik vi ser det gir WordPress og Webløft ein god infrastruktur vi no vil ta i bruk for å formidle eksisterande kvalitetsinnhald ut til bibliotekbrukarane.

Forankring:
Eit mål i Regional kulturplan for Hordaland 2015 – 2025 er at biblioteka i Hordaland skal gje innbyggjarane lik tilgang til aktuelle og relevante digitale ressursar. I dag har vi ein situasjon med eit stadig meir mangfaldig digitalt kjeldeunivers. Mange gode kjelder når ikkje ut til potensielle brukarar, og vi skal sjå korleis vi kan nytte folkebiblioteka sine nettsider for å kople kunnskapsressursar og brukarar saman.

Omtale av strategiane:
1. Arbeida med formidling av digitale, kvalitetssikra kunnskapskjelder på biblioteknettstadene.
Dagens brukarar nytter i stor grad biblioteknettstadene til praktiske føremål, som å søka i katalogen, finna opningstider, kontaktinformasjon og oversikt over eigne lån. Potensialet som ligg i det digitale bibliotekrommet vert ikkje utnytta. I prosjektet vil vi ta tak i denne problemstillinga og leggja til rette for meir aktiv formidling på nettet, slik at dei mange gode, digitale kjeldene som finst når fram til brukarane. Prosjektet vil bygge bru mellom formidling på nett og formidling i møte med bibliotekbrukarane.

Det enkelte bibliotek har ikkje alltid ressursar til å følgja nettstadane sine tilstrekkeleg opp, og innhaldet på nye nettsider kan lett verte statisk og lite nytta over tid. Prosjektet vil ta artikkeldelingsinnstikket Webløft har utvikla aktivt i bruk og testa korleis det vil fungera om fylkesbiblioteket produserer innhald for biblioteka. I prosjektet vil vi ikkje berre nytta eigenprodusert innhald, men også inngå samarbeid med ressurspersonar, som til dømes forfattarar eller fagpersonar som kan formidla kjeldemateriale. Dette vil vere innhald som biblioteka kan gjenbruka i ulike formidlingsløysingar. I prosjektet legg ein opp til at biblioteka kan velje innhald som har lokal interesse. Brukarperspektiv er også sentralt i utviklinga av løysingane ein kjem fram til, at utforminga av desse samsvarer med brukaranes behov og forventingar.

Tiltak:
Testa ulike former for formidling av digitale kjelder på biblioteknettstadene
Auka den digitale formidlingskompetansen hjå dei bibliotektilsette
Produsera innlegg om ulike tenester på fylkesnivå
Inngå samarbeid med ressurspersonar om produksjon av temaartiklar innan ulike kjeldeområde.
Formidla innhald med lokal interesse
Gjennomføra enkle brukerundersøkingar om kva for design og formidling som fungerer best for digitalt innhald.

2. Tilby innhald og praktisk bistand til publisering på biblioteknettstadene
Det finst ei rekkje offentleg finansierte kvalitetskjelder det kan vere vanskeleg å navigera i for det enkelte bibliotek. I prosjektet vil fylkesbiblioteket bruka ressursar på å laga ei oversikt over aktuelle digitale kjelder. Vidare vil vi testa ut differensierte abonnementsordningar som gjer at dei minste biblioteka kan overlate mest mogleg av nettstadsoppfølginga til fylkesbiblioteket, og at dei biblioteka som vil behalde råderetten til sidene sine sjølv kan abonnere på innhald frå ulike interesseområde, som til dømes lokalhistorie eller omtaler av nye digitale tilbod. Dei biblioteka som nytter andre publiseringsløysingar en WordPress, vil få tilbod om den sistnemte ordninga.

Fagmiljø i fylkeskommunen sit på eit stort digitalt materiale som er lokalhistorisk interessant, og som vil vere interessant for bibliotekbrukarar i regionen. Fylkeskonservatoren og fylkesarkivet førebur eit prosjekt som går på formidling av dette materialet, og vil stilla resultata av eit slikt prosjekt til rådvelde for fylkesbiblioteket slik at materialet kan formidlast i folkebibliotek i heile fylket.

Prosjektet legg opp til at fylkesbiblioteket skal være ein meir aktiv part i formidling av digitalt innhald. Dette er ei ny oppgåve for fylkesbiblioteket, og vil krevje ressursar. Fylkesbiblioteket har administratorrettar til alle WordPress-nettstadene, og vi vil gjere avtalar med kvart bibliotek om kor stort ansvar vi skal ta for innhaldet på nettstaden deira, og tilpassa abonnementsordningane etter det.

Tiltak:
Gjennomføra ei enkel brukerundersøking hjå dei bibliotektisette om kva dei ønskjer støtte til i nettsidearbeidet
Kartlegga eksisterande digitale kjelder på temaområde det er relevant for folkebiblioteka å formidle
Laga ein felles «kjeldebrunn» som biblioteka kan nytta
Organisera oppfølging av biblioteka sine nettstadar
Oppretta ein varslingsteneste for nye kjelder

3. Marknadsføre dei digitale innhaldsressursane på ein målretta måte
I spennet mellom det fysiske og digitale bibliotekrommet er det eit spørsmål om i kva grad publikum kjenner til og tar i bruk tenestene som finst. Dette er eit vanskelig felt, der både dei enkelte biblioteka og fylkesbiblioteket har varierande erfaring frå det arbeidet som er gjort tidlegare. I prosjektet vil ein ta i bruk bibliotekrommet for å synliggjera aktuelt digitalt innhald, døme er skjermar plassert saman med bokutstillingar eller i samanheng med arrangement. I prosjektet vil vi marknadsføra dei digitale kjeldene tettare opp mot aktuelle brukargrupper. Ein nøkkel kan vere å få brukarar med på marknadsføringa, dvs. å skapa eit slags ekkokammer i sosiale medium for innhald som treff den enkelte. Erfaringar innan marknadsføring av digitalt innhald kan være nyttig å dokumentere og ta lærdom av.

Tiltak:
Kopla digitalt innhald til det fysiske bibliotekrommet, til dømes ved å vise bokanbefalingar eller digitale kjelder og ressursar på skjermar i biblioteka.
Ta i bruk sosiale medium på ein målretta måte, som kanal for å dele relevante kjelder.
Dokumentera tiltak som vert sett i gong og følgja opp med data for bruk av tenestene

Evaluering:
Ønskja effekt av prosjektet på lang sikt er at:
– Bruken av offentleg finansiert digital kunnskap skal auka.
– Folkebiblioteka sine nettstader skal verta etablerte som inngangar til digitale kvalitetsressursar
– Folkebiblioteka sitt arbeid med nettsider skal krevja minst mogleg ressursbruk

For å oppnå dette har prosjektet som mål å
– Auka kvaliteten på biblioteknettstadene i Hordaland ved at ein utnyttar potensialet som ligg i det digitale bibliotekrommet og kopla det til dagleg formidlingsarbeid
– Integrera offentleg finansierte, digitale kjelder på folkebiblioteka sine nettstadar på ein dynamisk måte
– Auka bruk av biblioteknettstadene i Hordaland med 50%
– Hausta erfaringar og utvikla metodikk for korleis eit fylkesbibliotek kan bidra til at alle folkebiblioteka har aktuelle og oppdaterte nettsider med innhald av høg kvalitet.

Vi vil bruka statistikkverkty til å analysera bruken av biblioteknettsidene i forkant av og undervegs i prosjektet, samt etter prosjektavslutning. Kor mykje vert nettstadene brukt? Kva for ressursar er det som vert nytta mest? Vil vi sjå ei utvikling i kva for tilbod som vert mest nytta?

I prosjektet vil ein kunne nytta eksisterande statistikkløysingar som Google analytics og Piwik for å sjå nærare på den spesifikke bruken av nettsidene. Desse kvantitative dataene vil vi fylla ut med enkle brukarundersøkingar om korleis publikum opplever formidlinga av kjeldene. Kva for formidling fører til mest bruk, og kva for ressursar vert tatt i bruk av publikum?

Ein del av evalueringa vil vere å spørja biblioteka om dei opplever ny arbeidsmetodikk i fylkesbiblioteket som hjelp i nettsidearbeidet eller ikkje. Evaluering arbeidsmetodikken hjå fylkesbiblioteket vil ha overføringsverdi for andre fylker. Kva kan ein gjere for å få eit vellukka digitalt bibliotek?

Vi vil dokumentera resultat som kan vere relevant for andre undervegs i prosjektet. Til dette kan til dømes biblioteknorge og Facebook-sida for Webløft-bibliotek nyttas.