Biblioteket i farta

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Fjord bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som møteplass
Samlet støtte:130 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2014, 2015

Søknad

Rapporter

Mål

Gjere biblioteket til ein aktiv og synleg aktør i lokalsamfunnet og inkludere folkehelseperspektivet i tilboda til den vaksne befolkninga på ein ny måte.

Beskrivelse

Stordal kommune er ei industrikommune der hovudnæringa er møbel og transport. Kommunen har om lag 1000 innbyggarar. Biblioteket har biblioteksjef i 50% stilling som einaste personalressurs. Stordal kommune består av to bygder, men har langstrakt busetnad. Stordal bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek , og har til det formålet gode lokale i Stordal skule. Kombinasjonsbibliotek er ei god løysing for kommunen, men det er ei utfordring i å nå ut til fleire i den vaksne befolkninga. Biblioteklokalet er dårleg egna som møteplass for arrangement for vaksne, og det er behov for å ta grep med ny utforming av bibliotekrommet for å kunne oppfylle formålsparagrafen i biblioteklova.
Stordal bibliotek ynskjer å spisse dette utviklingsprosjektet opp i mot folkehelsearbeid. Folkebiblioteka arbeider med folkehelse kvar dag, men Stordal bibliotek ynskjer å ha eit breiare folkehelseperspektiv. Dette er i tråd med at Stordal kommune sammen med fylkeskommunen og andre kommuner i fylket er med i God Helse partnerskapet i Møre og Romsdal. Målsetting med partnerskapet er å implementere folkehelsetenkinga i alt arbeid i kommunen. Med utgangspunkt i formidling av litteratur og kultur, og ved å utvikle biblioteket som uavhengig møtestad, arena og aktør for ulike lokale tiltak, samtale og debatt ,vil Stordal bibliotek gå nye vegar i folkehelsearbeidet. Dette er i tråd med at Stordal kommune er med i fylket sitt God Helse-prosjekt, og at det er ei målsetting å implementere folkehelsetenkinga i alt arbeid i kommunen.
Vi vil ha folk inn i biblioteket, men vi vil også ha folk ut! Vi vil at folk skal lese, men vi vil og at dei skal røyve seg! Biblioteket skal stimulere til fysisk aktivitet og friluftsliv ved å ta natur og idrettsanlegg i bruk, og som oftast vil tiltaka starte eller ende opp med eit arrangement på biblioteket. Biblioteket skal verte synleg i lokalsamfunnet gjennom litterære stunt på nye arenaer, og samtidig vere ein aktør for offentleg samtale og debatt.
Prosjektet føreset eit aktivt nettverk av lokale samarbeidspartnarar, lag og organisasjonar, og ein vil arbeide for å utvikle gode modellar for lokal samhandling. Det å utvikle gode samarbeidsrutiner og arbeidsformar i lokalsamfunnet har langsiktig verdi, og satsinga vil ha verdi ut over prosjektperioden fordi ein gjennom ny-utforming av bibliotekrommet gjer Stordal bibliotek i stand til å utvikle si rolle som lokal møteplass. Vi meiner dette kan verte eit nyskapande prosjekt med stor overføringsverdi i vid forstand.

Tiltak og arbeidsmåtar
1.Tilrettelegging av biblioteklokalet for å mogleggjere arrangement for vaksne.
Omrokkering av inventar og bygging av eit multifunksjonsmøbel som kan fungere
både som tribune ved arrangement, som utstillingsplatå og sitjeplass, samt kanskje
også fungere som oppbevaringsplass (utformast og byggast lokalt)
2. Lokale aktivitetar med folkehelseperspektiv («Fokus folkehelse og folk i farta»)
a. Litterære arrangement kalla «Trim og bokbad» i biblioteket. Invitere aktive «trimmarar» gjerne
etter ein tur. Bibliotekpersonale og vanlege deltakarar formidlar litteratur til
kvarandre. «Sunn» bevertning. 2 gongar pr år.
b.«Lesesirkel for folk i farta» – ein «annleis» lesesirkelmetode, med små grupper på
maks 5 personar som snakkar om ei bok medan dei går på tur. Initiert og organisert av
biblioteket, satse på «eldsjeler» som leiarar. Start og avslutning på biblioteket
Frekvens blir avgjort i eit samarbeid mellom deltakarane og biblioteket.
c.«Stubbediktet» Biblioteket inviterer til vandring i naturen, og undervegs vil dikt bli deklamert
av biblioteksjefen og turdeltakarar som ein på førehand har gjort avtale med. 2 gonger
pr. år.
d.«Litterære stunt» på idretten sin arena. Her tenker ein arrangement eller «stunt»
f.eks på scena under «Stordalscup» (2014)og i varmestova på «Arena Overøie»
(2015.)
e .Arrangere folkehelserelaterte temamøter i bibliotekrommet, eller biblioteket kan vere ein
synleg medspelar for temamøter på andre arenaer. 1 gong årleg.
f. Arrangere folkemøte med tema folk er opptekne av lokalt. Biblioteket som nøytral arena, der
bibliotekpersonalet kan føre referat frå møtet og bringe folket si røyst til kommunen.
2. prosjektår.
g. «Hovudlykt-safari» og litterær samling rundt ein eldstad. Biblioteket vil låne ut
hovudlykt til dei som ikkje har, og elles ha utlån av lykter som eit fast tilbod i
biblioteket. Spesiell målgruppe: Vaksne med barn. Tidspunkt: før jul og i vinterferien.
Start og slutt i biblioteket.

Det vil bli lagt vekt på aktiv marknadsføring av prosjektet. Ein vil utabeide brosjyre for å gjere tilbodet kjent, og elles bruke både biblioteket si nettside og facebook. Det skal kjøpast inn headneckers (halsar) med biblioteklogo for utdeling til deltakarane, for å skape tilhøyrigheit og identitet.