Biblioteket i sentrum

Prosjekteier:Lærdal bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder, Nye samarbeidsformer og partnerskap, Utvikling av nye bibliotektjenester
Samlet støtte:250 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2019, 2020, 2021

Søknad

Mål

Målet for prosjektet er å 1. Undersøke kva behov og mogelegheiter kommunen har når dei skal flytte biblioteket. 2. Utvikle biblioteket sine tenester for å etterkomme dei behova kommunen har.

Beskrivelse

Lærdal kommune planlegger å flytte biblioteket. I dag er biblioteket lokalisert ved Lærdalsøyri skule, eit lite stykke unna sentrum. Biblioteket er eit tilbygg til skulen og vart bygd i 1991, det har ikkje vore gjennom større endringar sidan. Kommunen har dei siste åra hatt større prosjekt kring tettstadutvikling og bruk av tomme sentrumslokale, mellom anna gjennom pilotprosjektet Levande lokaler i regi av Norsk Design og arkitektursenter. Det har blitt satsa mykje på etablering av nye næringar og arbeidsstadar i kommunen, samt kulturaktivitetar i tomme bygg og lokale. Målet med prosjekta har vore å utvikla sentrum til å bli meir attraktivt gjennom å leggja til rette for auka aktivitet gjennom mellom anna nye kunst/kulturopplevingar i Lærdal sentrum.

I Kulturplan for Lærdal kommune 2016-2020 er det satt opp mål for å fylle dei nye krava i Lov om folkebibliotek, ved at biblioteket skal vere ein naturleg møteplass for alle og at det må vere eit mål å få opp besøkstala. Det er ynskje om å flytte biblioteket til sentrum for å skape ein naturleg møtestad i sentrum. I dette prosjektet vil me difor sjå korleis me kan skape eit bibliotek som vil vere ein møtestad og verestad for den enkelte innbyggar og for heile lokalsamfunnet, og som samtidig vil gjere sentrum meir attraktivt.

I staden for å ta utgangspunkt i det biblioteket og dei tenestene Lærdal folkebibliotek har i dag, ynskjer me å sjå biblioteket opp mot den pågåande prosessen med sentrumsutviklinga og bruken av kommunale bygg. Det er fleire ledige bygg i sentrum og me vil teste ut fleire av desse som aktuelle biblioteklokale. Me vil samtidig ha ein prosess der me undersøker kva innbyggarane i Lærdal ynskjer seg, og slik utvikle biblioteket etter dei ynskje og behov som lokalsamfunnet og kommunen har. Me vil mellom anna å sjå på mogelegheitene for å utvide tenestetilbodet gjennom at biblioteket blir samlokalisert med andre kommunale tenester.

Kva tilbod og tenester er det trong for i Lærdal, og kva slags tenester kan me tilby i biblioteket? Korleis utviklar me eit fysisk rom som kan famne om dei ulike behova ein liten kommune har?

I prosjektet vil me:

• Involvere brukargrupper gjennom workshops og intervju for å avdekke behov. Her vil me mellom anna teste tenestedesign som metode.

• Utvikle ein overordna visjon og eit mål med bibliotekarbeidet. Utarbeide ein plan for arbeidet med biblioteket framover.

• Studietur og erfaringsutveksling med andre bibliotek. Sjå kva løysingar andre kommunar har.

• Testing av biblioteket sine tenester på ulike arenaer og i ulike bygg, sjå kva som er mogeleg å få til i kommunen.

• Undersøke kva behov innbyggarane har og auke kompetansen til dei tilsette for å imøtekomme desse behova.

• Bruke konsulent eller arkitekt for å utvikle det fysiske biblioteket og skape rom som dekker dei behova som kjem fram i prosessen.

• Organisere samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

• Sjå på mogelege samarbeid med større kunnskapsaktørar i regionen.

Biblioteksjefen blir prosjektleiar, og prosjektet er forankra hjå rådmannen og kulturleiar i kommunen. Prosjektleiar styrer prosjektet, hentar inn nødvendig kompetanse og etablerer prosjektgruppe.
Erfaringane me gjer oss i prosjektet vil ha overføringsverdi til andre bibliotek gjennom metodikken me brukar og dei resultata me får.