Biblioteket – ein trygg møteplass?

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Seksjon for arkiv, bibliotek og museum
Prosjektkategori:Fritt forsøk
Samlet støtte:280 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2018, 2019, 2020

Søknad

Rapporter

Lenker

Mål

Prosjektet skal utvikle ei handbok/kursmal for korleis biblioteka skal møte utagerande brukarar og vanskelege situasjonar i kvardagen på ein måte som ivaretar ikkje berre den aktuelle brukaren, men også skaper trygge rammer for dei andre brukarane. For at biblioteket skal vere ein åpen og inkluderande møteplass er det avgjerande at alle brukarar føler at biblioteket er ein trygg stad å vere. Verktyet vi ser for oss å utvikle er ein kursmal for å auke kompetansen til bibliotektilsette på dette feltet, og rettleiande retningsliner for korleis slike situasjonar bør handterast formelt. Målet er ein tryggare kvardag i biblioteket for både brukarar og tilsette. Fagplan bibliotek seiar at «eit heilskapleg blikk av bibliotektenestene, må ta høgde for brukarane sine behov og opplevingar». For å utvikle biblioteka til gode møteplasser for alle og ein bedre arbeidsplass for tilsette er det viktig å utvikle gode verktøy i konflikthåndtering. Håndboka vil innhalde forebyggande og kompetansehevande tiltak.

Vi vil utvikle ein kursmal for konflikthandtering, spesifikt spissa mot utfordringane som finst i biblioteka. Kursmalen skal vere ein oversikt over kva eit slikt kompetansehevande kurs for bibliotektilsette bør innehalde. Gjennom prosjektet ønsker vi å greie ut og teste kva for type kurs som fungerer best gjennom workshoppar. Dette vert eit pilotprosjekt der erfaringane og den endelege kursmalen vil ha stor overføringsverdi til bibliotek i heile landet. Vi vil også utarbeide rettleiande retningsliner for handtering av slike vanskelege situasjonar, ei slags handbok over kva ein kan gjere, kven ein kan kontakte, kor ein kan få hjelp og evt. debriefing, o.l. Dette vil vere ein mal som skal kunne brukast av alle bibliotek i landet, der ein saman med sin administrasjon går gjennom og tilpassar desse til lokale høve.

Beskrivelse

Prosjektet tar utgangspunkt i ei masteroppgåve i Bibliotekutvikling ved HIOA: «Der ingen ville se, at så mye kunne skje» av Cecilie Røe og Anne Clementz (2016). Oppgåva avdekte svært urovekkande funn frå heile landet, erfaringar med kriminalitet, truslar, vold og våpenbruk i biblioteka. Oppgåva viser også at det er eit sterkt behov og ønske i bibliotekmiljøet at dette vert greidd ut og arbeidd vidare med. Prosjektet vil vere eit nybrotsarbeid både nasjonalt og internasjonalt, og det er aukande interesse for emnet fleire stader, seinast i Danmark, sjå vedlegg. Mellom forskningsdeltakarane var det nettopp kurs og rettleiande retningsliner for slik konflikthandtering som var mest etterspurd. Det finst per i dag ingen eigna kurstilbod eller retningsliner, og biblioteka står difor ofte rådlause m.o.t. kva dei kan gjere eller har lov til å gjere. Praksisen med straffereaksjonar i form av sanksjonar mot vanskelege brukarar er difor svært varierande, sjå vedlegg for meir informasjon. Fleire bibliotek opplever at «vanlege» brukarar slutter å kome til biblioteket p.g.a. utagerande brukarar og utrygt miljø i biblioteket.

Møre og Romsdal vert pilotfylke for utvikling av ein kursmal og rettleiande retningsliner. Vi vil arbeide tett saman med bibliotektilsette i fylket, og ha med representantar i ei arbeidsgruppe og ei referansegruppe. Arbeidsgruppa vil ha to representantar frå Fylkesbiblioteket og tre med erfaring frå førstelineteneste i folkebiblioteka (Sunndal folkebibliotek, Kristiansund bibliotek og Volda folkebibliotek). Referansegruppa vil bestå av arbeidsgruppa samt 9-11 representantar frå ulike bibliotek, også utanfor fylket frå Østfold og Deichmanske bibliotek (som har sagt seg interesserte). Det er ønskeleg å ha representantar frå bibliotek med ulik storleik og frå ulike delar av landet. Vi ønsker også 2 representantar (ein student og ein tilsett) frå Oslo Met (tidlegare HIOA). Referansegruppa ønsker vi å bruke som testgruppe, m.a. for utprøving av ulike kurstilbod. Gruppa vil bli sett saman i samråd med tenkte samarbeidspartnarar.

I arbeidet med å kome fram til ein kursmal ser vi for oss to workshoppar over 2 dagar med referansegruppa vår, der vi prøver ut ulikt innhald, ulike foredragshaldarar og ulike læremåtar. Deltakarane vil få høve til å diskutere og kome med tilbakemeldingar undervegs. Vi ønsker å ta for oss både forebygging og handtering av vanskelege situasjonar, samt debriefing og oppfølging. I tillegg til eksterne foredragshaldarar kan workshoppane ha innslag av t.d. refleksjon og diskusjon i grupper, rollespel, lovverk, sjølvforsvar, omdømmebygging og introduksjon av aktuelle samarbeidspartnarar. Deltakarane blir dermed sterkt medvirkande i prosjektet. Workshoppane kan haldast i Oslo og Ålesund.

Arbeidsgruppa vil m.a. arbeide med informasjonsinnhenting frå andre aktørar med liknande utfordingar og gjere valg m.o.t. vidare planlegging av innhald i workshoppane. Den vil så planlegge og evaluere workshoppane, og sjølvsagt også delta på dei. Etter at begge workshoppane er evaluert vil arbeidsgruppa halde fram med med utforming av ein ferdig kursmal og rettleiande retningsliner. Det er viktig at dei som faktisk arbeider i biblioteka, og møter slike situasjonar i kvardagen, er med på å utforme innhaldet. Arbeidsgruppa vil møtast både før og etter workshoppane.

I workshoppane vil ein også jobbe med forslag til rettleiande retningsliner. Vi vil legge opp til diskusjon i grupper der deltakarane basert på eigne erfaringar kan kome med forslag til retningsliner. Arbeidsgruppa arbeider vidare med forslaga, og vil også ta med seg innspel frå det nasjonale biblioteknettverket via prosjektbloggen og liknande. Ein vil også innhente råd frå aktuelle eksterne aktørar som t.d. juridiske spørsmål og pedagogisk rettleiing. Retningslinene er meint å fungere som ein mal, som alle bibliotek i landet kan tilpasse og bruke lokalt.

Vi vil opprette ein eigen prosjektblogg for å marknadsføre og informere om prosjektet. Dette kan bli ein nyttig informasjonskanal for prosjektet, og det vert enkelt for biblioteknettverket nasjonalt og i Norden å følge prosjektet og kome med innspel. Det er svært nyttig for prosjektet å få innspel undervegs.

I prosjektet sin sluttfast vil vi prøve ut den utarbeidde handboka / kursmal som eit pilotseminar over to dagar for alle bibliotektilsette i Møre og Romsdal, og deretter for bibliotektilsette i Oslo og Østfold.

Etter at prosjektet er avslutta, ønsker vi at kursmalen og handboka med dei rettleiande retningslinene blir digitalt tilgjengeleg for biblioteksektoren i heile landet. Viser til søknad frå Buskerud fylkesbibliotek om utvikling av plattform for nettkurs, og vi vi vil vurdere å å bruke den plattforma. Sjølv om prosjektet i utgangspunktet er retta mot folkebibliotek meiner vi også at fag- og skulebibliotek kan ha nytte av dette.

Om prosjektet ikkje får tildelt midlar vil det ikkje kunne gjennomførast i dette omfanget.