Bibliotek og berekraft i Møre og Romsdal

Prosjekteier:Seksjon for arkiv, bibliotek og museum
Prosjektkategori:FNs bærekraftsmål og bibliotek
Samlet støtte:350 000
Antall tildelingsår:2-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2021, 2022, 2023

Søknad

Mål

- Biblioteka i Møre og Romsdal har god kjennskap til FN sine berekraftsmål
- Biblioteka som deltek i prosjektet er i stand til å arbeide strategisk med FN sine berekraftsmål
- Biblioteka som deltek i prosjektet blir meir synlege i kommunane sitt berekraftsarbeid
- Biblioteka som deltek i prosjektet er i stand til å utvikle tiltak og evt. nye publikumsretta tilbod på bakgrunn av kommunane sine KPI-analyser, i samarbeid med andre interessentar og målgrupper
- Det blir utvikla ein modell på bakgrunn av biblioteka sitt arbeid med KPI-analysene som har overføringsverdi til andre bibliotek

Beskrivelse

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida. Ambisjonen er å gjere Møre og Romsdal til berekraftfylke nummer 1 i Norge. Møre og Romsdal sitt arbeid med berekraftmåla er forankra i Regional planstrategi 2020-2024 og i Fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal 2021-2024. Fylkesplana er fulgt opp med økonomiplan for 2021, der eit av måla er å starte opp eit utviklingsprosjekt knytt til bibliotek og berekraft innan 2022. Lenke til nemnte planer finns her: https://mrfylke.no/om-oss/planar-planarbeid-og-hoeyringar

Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å svare på regjeringa sine forventningar. Satsinga høyrer til under «Møre og Romsdal 2025» der vi samordnar heile offentleg sektor i Møre og Romsdal. «Berekraftfylket» sitt metodiske utgangspunkt er U4SSC, som er eit FN-støtta program som måler status i kommunane i høve FN sine berekraftmål gjennom ei KPI-analyse (key performance indicator) som kan omsettast til viktige nøkkeltal.

Det er 92 samfunnsområde som er med i ei slik analyse. Utgangspunktet for nøkkeltala er berekraftmåla, og områda som blir kartlagt er alt frå vatn, energi, bygg, sikkerheit, kultur og utdanning. Digitalisering krysser alle områda. Data frå desse 92 områda blir plotta inn i eit datasystem slik at det blir mogleg å sjå ei heilheit og finne smarte og berekraftige løysingar for ulike utfordringar i kommunane. Alle kommunane i fylket skal kartleggast etter denne metoden som grunnlag for å gjere prioriteringar i arbeidet med å skape eit meir berekraftig samfunn. Byane i fylket har allereie gjennomført, og dei resterande kommunane vil ha sine analyser klar i løpet av våren 2021. Fleire andre fylker er allereie i gong med, eller skal sette i gong same type arbeid i tida som kjem. Kommunar og fylkeskommunar som har gjennomført evalueringa er med i Bærekraftsnettverket.

I følge Nasjonal bibliotekstrategi befinn biblioteka seg i skjæringspunktet mellom kultur, utdanning, folkehelse og sosialt arbeid. Dette gir eit godt utgangspunkt for å jobbe med berekraftsmåla. Det er likevel vanskeleg for biblioteka å ta tak i dette arbeidet, fordi det blir stort og diffust, og det kan vere vanskeleg å vite kor ein skal begynne. Sjølv om biblioteka i seg sjølv er berekraftige institusjonar, er det ikkje sikkert det er ei bevisstheit rundt dette verken hjå bibliotektilsette sjølve, eller elles i kommunane. Det er mange små bibliotek i Møre og Romsdal, og det kan vere vanskeleg å arbeide strategisk med få ressursar, og det vil derfor vere nyttig med samarbeid. Ved å ta i bruk resultata frå KPI-analysa i dei enkelte kommunane, kan ein sjå kor biblioteka kan sette inn sine ressursar for å bistå i arbeidet med å gjere sin kommune meir berekraftig og utvikle nye tilbod til publikum ved behov. Ein del av midlane vil gå til å sette i gong tiltaka som blir jobba fram. Saman med biblioteka vil vi utvikle ein modell for korleis ein brukar resultata frå analysa i planlegging og strategisk arbeid. Modellen vil kunne overførast til andre bibliotek i fylket, samt vere til nytte for andre bibliotek og fylkeskommunar nasjonalt.

Prosjektet blir leia av Møre og Romsdal fylkeskommune, ved seksjon for arkiv, bibliotek og museum (tidlegare fylkesbiblioteket). Seksjon for berekraftig samfunnsutvikling vil vere ein viktig støttespelar i prosjektet.

Fire bibliotek frå Møre og Romsdal ønsker å ta del i prosjektet; Ålesund bibliotek, Sula bibliotek, Sunndal folkebibliotek og Hareid folkebibliotek. Vi ser føre oss at det er naturleg at kulturleiar eller personar som har vore involvert i arbeidet med KPI-analysene i dei enkelte kommunane også inviterast inn i arbeidet i løpet av prosjektperioden, for å sikre forankring ute i kommunane.

Fylkeskommunen er partner i Framtidslaben, og dette prosjektet vil vere eit av prosjekta i laben. Dei vil vere ein viktig samarbeidspartner i prosjektet. Framtidslaben kan mellom anna bidra med fasilitering av møter, kunnskap om berekraft og nettverksbygging både mot næringsliv og offentleg sektor. The North West vil også vere partner i prosjektet. Dei vil følge opp prosjektet i samarbeid med Framtidslaben.