Utfor – formidlingsprosjekt i samarbeid med ungdom i Møre og Romsdal
Søknad
Tilleggsinformasjon
Mål
Tiltaket har som mål å auke formidlingskompetansen hos bibliotektilsette og nå ut til ungdom som elles ikkje aktivt søker til biblioteket i dag. Tittelen «Utfor» spelar på at biblioteka skal ut og formidle. Målet er at tiltaket skal gjere at nye brukarar skal nytte biblioteket sine tenester. Tiltaket skal gi bibliotektilsette erfaring i å prøve å nå ungdom på nye måtar og nye arenaer. Dette vil kunne bidra til at fleire ungdomar opplever bibliotektilbodet som relevant for dei, og vil kunne gjere biblioteka betre rusta til å engasjere ungdomar i åra som kjem. Effekten av tiltaket vil ein sjå att i utlånsstatistikken, bruk av digitale tilbod og for eksempel tal på visningar av TikTok-videoar.
Beskrivelse
Folkebiblioteka i Møre og Romsdal opplever, til liks med mange andre folkebibliotek i landet, at det er utfordrande å nå ungdom i alderen 13–20 år med bibliotektilbodet som finst for denne gruppa. Folkebiblioteka er opptekne av å utvikle tilbodet slik at ungdom i større grad opplever biblioteka som relevante.
Seksjon for arkiv, bibliotek og museum i Møre og Romsdal fylkeskommune står som tiltaksansvarleg og søker med dette midlar til aktiv formidling i kategori A på vegner av ti folkebibliotek som skal samarbeide. Desse folkebiblioteka er Averøy, Gjemnes, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Smøla, Sula, Sykkylven og Tingvoll. Det vil bli oppretta ei arbeidsgruppe der representantar frå desse er med, både frå bybibliotek og dei små biblioteka, og det vil vere naturleg at eitt av biblioteka tar på seg rolla som prosjektleiar. Vi på fylkesnivå vil bidra med støtte undervegs.
I tråd med den nasjonale bibliotekstrategien ønsker biblioteka å nå ungdomane der dei er i kvardagen. Det kan vere i skolen, i fritidsklubben, på fotballtrening, i UKM eller kulturskolen, avhengig av strukturane i lokalmiljøet. Måten biblioteka møter ungdom på kan vere avgjerande for kva rolle biblioteket spelar i liva deira når dei blir vaksne. Det vil difor vere viktig å invitere ungdomar til å bruke digitale plattformer/flater dei sjølve elles er på, i arbeidet med å utvikle ei formidling som kan engasjere dei som gruppe.
Folkebiblioteka ønsker å bygge på allereie eksisterande tilbod, og vil legge vekt på appen BookBites som inngang for ungdom til litteraturen og slik nærme seg bøkene på tre ulike måtar:
1. Lære ungdom korleis dei brukar BookBites og kva litteratur ein kan finne der
2. Ha høgtlesing av ein tekst, gjerne eit utdrag frå ei bok, primært ved bruk av Shared Reading
3. Formidle bøker via digitale plattformer/flater. Dette kan for eksempel vere TikTok eller podkast
Folkebiblioteka ser at det trengst meir tid og ressursar til å introdusere ungdom for, og lære dei å bruke BookBites, slik at ungdomen veit om og får tilgang til litteraturen der.
Gjennom prosjektet «Litterære pusterom – Shared Reading for større livskvalitet» har mange bibliotektilsette i Møre og Romsdal blitt kursa som leseleiarar. Dette gjer at det er svært aktuelt å bruke Shared Reading, også kalla delt lesing, her i fylket. Metoden er mest brukt i høgtlesing for vaksne og det vil vere nyttig med eit breiare erfaringsgrunnlag for bruk av metoden i arbeidet med formidling til ungdom. Dei bibliotektilsette som ikkje har vore på kurs i Shared Reading, vil kunne formidle teksten på anna vis.
I arbeidet med å formidle litteratur på digitale plattformer eller flater, så vil valet skje i dialog med ungdomar lokalt. Her er det eit ønske å kunne engasjere ungdom til å lage TikTok-videoar, podkastar under rettleiing av og i samarbeid med formidlarane frå biblioteka.
Folkebiblioteka vil gjennom det å prøve ut nye formidlingstiltak kunne etablere tettare kontakt med ungdomsmiljøa gjennom oppsøkande verksemd og slik nå nye brukarar av bibliotektenestene.
Folkebiblioteka bidrar med eigeninnsats i form av arbeidstid inn i prosjektet og vi ser føre oss ein modell der enkelte bibliotek tar på seg eit større ansvar enn andre for å gjennomføre tiltaka. Dette vil vere avhengig av kva for kompetanse det enkelte biblioteket har blant sine tilsette og vil samla sett styrke den aktive formidlinga for ungdom i mange av kommunane i Møre og Romsdal.
Utsatt i følge gjeldende tidplan til august 2023.
Publisert: 03. juli 2023